Foto: Magnus Skrede. Scenografi og kostyme: Milja Salovaara. Lysdesign: Øyvind Wangensteen

Passivus Aggressivus

Med grunnlaus sjalusi og skadeleg sjølvrefleksjon gjer Mine Venner venskap om til fiendskap.

Eg gjekk inn til framsyning med forutaning om at dette ikkje kom til å slå an hjå meg. Tidlegare i veka hadde eg høyrd romanen Mine Venner av Monica Isakstuen på lydbok, og eg frykta ein kveld med overveldande tankar som eg ikkje relaterer til. Det brennande sinnet disponert i starten av både bok og framsyning med namnkalling som “fittekjerring” er sinne eg reserverer til grusame og urettferdige verdsleiarar eller stolen eg stangar inn i, ikkje mine eigne vener. Mon tru om eg berre har vore vanvittig heldig med vener i livet så langt? For verket tar for seg ein 40-årsjubilant som feirast med talar, men talane er destruktive tankar om eigenverd og kva vener tenkjer om kvarandre.

Pomp og prakt
Heile scena er dekt til med bronsefarga tepper som heng frå toppen av sceneveggen og fell elegant ned til bakken der den sprer seg over scenegolvet. Sentrert på scena er eit langbord dekt med mat, lys og pyntegjenstandar. Det er duka til bursdagsfest. Stemninga blir tilrettelagt ved bruk av ballsalmusikk som hadde passa flott inn i ein scene av Jane Austen sine forteljingar. Denne elegansen blir broten av entreen til Linn Bjørnvik Grøder som kryp ut frå under bordet. Ho er iført ein grøn treningsdress, men eit tyllskjørt i same farge blir snart dratt over buksa. I starten er ho aleine på scena.

Handlinga startar på ein plass mellom tankestraum og fantasi. Grøder informerer at ho hjelp ein ven med å flytte inn i nytt husvære. Det vi i publikum skjønar er at veninna har sagt noko som ikkje fell i god jord hjå Grøder si rolle. Grøder fortel at eit takk for at ho hjelp til på sin 40-årsdag godt kunne blitt gjort uttrykk for. Det hadde jo vore på sin plass at ho skulle feirast med fest og talar. Under denne scena spelar ein bass ein repeterande rytme, ein lyd som gjennom framsyninga vil signalisere at handlinga går frå talar og fest til flyttesituasjonen mellom Grøder og hennar veninne. Bassen underbyggjer den ampre stemninga dei imellom.

Å ikkje strekkje til
Alle skodespelarane er kledd på same måten i treningsdress og tyllskjørt. Kostyma er ein fin måte å abstrahere festen på: Er den verkeleg, eller berre ein dagdraum? Det er ikkje vanlege klede til 40-årslag. Treningsdressane hjelp òg til med å stadfeste aldersgruppa i stykket og byggjar opp under at vener ofte er like kvarandre.

Det er fleire scener eg tykkjer er spesielt godt adaptert frå boka. Eit eksempel er når Marte Stolp bryt inn med sin tale om at ho ikkje klarer å følgje med i samtalar om store tema som klimakrisa og presidentar i verda og heller held seg til å kommentere maten. Stolp har reist seg og står på bordet medan dei viktige temaa blir ropt ut av Katja Brita Lindeberg og Evy Kasseth Røsten på kvar side. Dei reiser seg òg, og musikken spelar den elegante ballsalmusikken. Lindeberg og Røsten røyrer seg elegant med musikken og skapar ein kontrast til Stolp som rykker til og ser utilpass ut.

Passiv-aggressiv
Scena som tar teaterframsyninga mest på kornet er når Røsten tar til ordet og forklarar seg sjølv som personen som elskar å tilgje. Men tilgjevinga er ikkje ut av det lette og varme, men heller av maktbegjær og manipulasjon. Dette poengterer Røsten ved å kalle seg sjølv “Jesus Kristus, Passivus Aggressivus”. Men dette gjeld ikkje berre for dei som tilgjev på feil grunnlag, det gjeld heile oppsetjinga. Alle tankane som blir framstilt på scena er ein passiv-aggressiv avdekning av hovudpersonen sine vener, men også hovudpersonen sjølv som ikkje har tatt eit standpunkt og venter til enden med å seie at ho ikkje lenger vil ha desse venene. Det blir tafatt å følgje Grøder gjennom forteljinga for at det skal kulminere i ein replikk som ikkje har noko tyngde bak seg — det er ikkje sikkert at Grøder seier dette til venane sine i det heile tatt.

Romanen gjort om til teater har gitt ein verdifull endring til ein tekst eg elles ikkje kjende meg igjen i. Kjersti Haugen sin dramatisering har plukka ut dei tankane og meiningane som fleire til tider kan kjenne på. Karakteristikkar frå personar som likar å glatte over den ukomfortable tystnaden og personar som føler seg utanfor i ein samtale mellom andre er eksemplar på dette. Her har materialet til Isakstuen tjent på å folde seg ut på ei scene, mykje grunna Haugen sine utval. I tillegg lagar det visuelle og fire skodespelarar ein orden som er enklare å følgje enn det lydboka var. Med tanke på dei flotte skodespelarprestasjonane, lyddesign og andre estetiske val nemnd, er Mine Venner ein framsyning som er fornøyeleg å sjå, men som utover dette ikkje byr på djupare refleksjon.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER