Foto: Espen Nyttingnes. Scenografi og kostymedesign: Mari Lotherington

Nytt hus og gamle svik

Danske poetar ramlar ut av skapet. Men først ramlar publikum rett inn i den hektiske kvardagen til familien på fire.

Mor Hanne har funne draumehuset på Finn. Far Andreas er skeptisk, dette har dei ikkje råd til.

Men pulsen dunkar gjennom Hanne, gjennom rommet og i oss. Mobilen hennar glødar, i samtalar med Andreas, banken og ulike meklarar. iPadane til ungane glødar også, rundt det kaotiske kjøkenbordet.

Felles kvar for seg
Teaterframsyninga Gratis og uforpliktande verdivurdering byggjer på romanen med same namn av Marit Eikemo. På scena står ein tredelt sofa og tre modular, som stadig vert flytta rundt på og på finurleg vis blir til skap, kjøken, veggar og nye rom. Hanne har den altoppslukande draumen om noko betre, større, finare, høgare oppe. Då skal alt bli så mykje betre. Ho skal byrje å trene, bli ei betre mor. No er Lerkeveien 41 lagt ut for sal. Det er berre prisen som er aberet. Andreas ser ut til å vere ganske nøgd med det vesle husværet dei allereie har. Bitre ord og halvkvedne viser fyk gjennom lufta til ein utruleg tålsam far og ektemann.

Sverre (5) og Sanne (3) fyk ut og inn som evig kranglande uromoment. Desse ungane som Hanne så sterkt ønskte seg, men ikkje Andreas. Likevel er det tydeleg kven som er mest til stades for dei. For Hanne skygger det materielle for alt anna, sjølv om ho er overtydd om at i denne familien er det heilt andre verdiar som tel mest.

Ho vil så mykje, han er så treig. Ho vil vidare, ho gjer dette for fellesskapen. Men kva er fellesskap? For Hanne må fellesprosjektet vere draumehuset. For Andreas er det å samlast rundt middagsbordet, her og no. Eit par som har vore saman lenge kan ha ganske ulike oppfatningar av kva forholdet er, kva denne fellesskapen er og skal vere.

Arvesynda.
Eg kjenner eit djupt mishag mot Hanne. Ser ho ikkje kva for fantastisk mann ho har? For ein god far han er? Små tilbakeblikk på eit vanskeleg mor-dotterforhold og andre sidehistorier gjer likevel at ein kan forstå ho og dette brennande ønsket om å kome seg vidare, vere noko meir, ha meir.

– Kvifor gjorde mamma og eg aldri noko kjekt i lag? Eg kan aldri hugse å ha sett mamma glad, funderer Hanne, og ser ikkje at det gjentek seg. Men det skal ikkje gjenta seg, dei må berre kjøpe det huset først, med stor hage der ungane kan leike, og ho skal servere sveler, der dei skal arrangere flotte hagefestar for alle naboane.

Ho skulle ta hovudfag i litteratur etter ein kjapp jobb i eit meiningsmålingsfirma. Det er 20 år sida, og framleis i den jobben. Hanne har alltid kjent seg fattig, sjølv om ho aldri har mangla pengar. I glimt av sjølvinnsikt hugsar ho kor glad ho har vore i den heimen dei bur no.

Den draumen vi ber på
Det er lett å kjenne seg att. Dramatikar Mari Hesjedal har gjort eit solid stykke arbeid med omsettinga frå bok til scene. Det same har dramaturg Miriam Prestøy Lie og regissør Linn Meyer Kongshavn, som måtte overlate regien til teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt på tampen på grunn av sjukdom. Saman har dei til fulle klart å gjere Hanne og Andreas levande og attkjennelege, truverdig spela av Idun Losnegård og Kyrre Eikås Ottersen. Også Carina Furseth og Peder Lauvås gjer ein fin innsats som galne ungar og ikkje minst som karikerte meklarar og burugla frå banken.

Lysdesignar Krystian Myska krydra og forsterka det visuelle, saman med hjarteslaga og musikken til Marianne Stranger. Det gjer at ein gløymer lydteppet. Det  berre er der, sterkt og umerkeleg på same tid.

Brå vending
Karikaturar av banktilsett og meklarar gjev ein frisk pust til forteljinga, som likevel vert litt langdryg og repeterande etter kvart. Historia går på tomgang, på grensa til keisamt. No må det snart skje noko nytt. Og det gjer det. Løgnene frå fortida kjem ut av skapet saman med dei danske poetane, som har ei sentral rolle. Hanne skulle skrive masteroppgåve om danske poetar og reiste i samband med det to gonger til Danmark på studiestipend, det var iallfall det Andreas fekk fortald. Men det fanst ingen danske poetar, berre ein dansk fertilitetsklinikk. Kan løyndomar også vere naudsynte for fellesskapen? I siste del tek handlinga ei heilt anna lei, tempoet og temperaturen går i taket, raseri og fortviling velt ut frå scena i ein intensitet ein sjeldan opplever. Det er klasse over samspelet mellom Losnegård og Ottersen.

– Du får gjere som du vil, seier Andreas til slutt. Legg ho inn bod på draumehuset? Eg tek meg sjølv i å kviskre bak munnbindet; ikkje gjer, det, Hanne! Dermed er konklusjonen at eg vart rimeleg oppslukt.

Dramatikken mot slutten kunne kome litt tidlegare, men elles er Gratis og uforpliktande verdivurdering absolutt verd å sjå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER