
Ny komposisjon i verkstad
26. oktober disputerte Bjørnar Habbestad med avhandlinga “Chasing the Collaborative. Critical Studies of Performer Agency in Modern Flute Music.” I dette intervjuet fortel han litt om arbeidet.
Bjørnar Habbestad er utdanna fløytist og har vore utøvande musikar og komponist i ei årrekkje. Sidan 2017 har han vore kunstnerisk leiar for Ny musikk, ein organisasjon som jobbar for å fremje norsk samtidsmusikk. I tillegg har han dei siste åra skrive ei avhandling på Noregs musikkhøgskule (NMH) om komposisjon og fløytemusikk, og i forrige veke disputerte han. Ifølgje NMH er det ei avhandling om “endringar i den musikalske skapingsprosessen innan moderne instrumentalmusikk for fløyte gjennom studiar av musikalsk materialitet, utøvarkompetanse, og kompositoriske samarbeidsprosessar.” Her fortel han litt om arbeidet:
Kva handlar avhandlinga di om?
Forskinga mi undersøker ulike samarbeidsprosessar mellom komponistar og utøvarar, med eit særleg blikk på korleis nytt lydmateriale eller nye speleteknikkar blir utvikla i arbeidsverkstad. Som fløytist har det vore naturleg å bruke eige virkefelt som ramme for undersøkinga, så eksempla er henta frå fløytelitteraturen, handbøker og verksemda til sentrale samtidsmusikkfløytistar.
Kva slags materiale er avhandlinga basert på?
Eg har undersøkt dette i tre ulike case-studies, eit historisk orientert, eit intervjubasert og eit bygd på eigen kunstnarleg verksemd. Så materialet spenner frå tradisjonelle kilder som lydopptak, avisartiklar, skisser, notatblokker og partitur, men også intervju, undervisning, studioeksperiment og kunstnarleg verksemd.
Kva tenkjer du er dine viktigaste funn?
At verkstedsprosessar kan definere komposisjonsprosessar i stor grad og at denne formen for samarbeid krev eigne ferdigheitar frå både utøvar og komponist. Arbeidet mitt viser også at denne delen av komposisjonsarbeidet ofte blir underdokumentert og at utøvarar til tider blir underkreditert for kreativt arbeid.
Er det noko som har overraska deg i arbeidet?
Eg oppdaga at lydmaterialet i eit sentralt verk frå 1958, Berio sin Sequenza I for solo fløyte, dukka opp i ei rekke andre verk samme og påfølgande år. Eg var sjølvsagt kjend med Gazzelloni sin innflytelse, men at han mata så mange komposisjonsprosessar med sitt lydunivers, var overraskande for meg.
Dersom du skal trekkje fram noko frå litteraturlista di som fleire burde lese, kva vil det vere?
Då vil eg nemne Bruno Latour si bok Reassembling the Social frå 2005, som var lett overveldande, men augneopnande for mi eiga tenking, og Benjamin Piekut sin artikkel Actor-Networks in Music history frå 2014. Den siste gjorde at ein del av spørsmåla mine rundt Latour kom på plass.