
Matematikkteater i skulesekken
Matematikkteater, seier teatersjef Terje Lyngstad ved Sogn og
Fjordane Teater om eit av måla i Den kulturelle skolesekken; at
teatra som vil spele for born og unge må tilpasse seg
læreplanverket for kunnskapsløftet. -Dette er styrande og
sensurerande, skriv Lyngstad.
Av teatersjef Terje Lyngstad, Sogn og Fjordane Teater (SoFT).
(Innlegget er første gang publisert i Nationen i dag.)
I st.meld. nr. 8 (2007-2008), Kulturell skulesekk
for framtida, står det at måla i Den kulturelle skulesekken (DKS)
skal ta omsyn til og tilpasse seg læreplanverket for
kunnskapsløftet. Eg har nyleg høyrt det same uttalt av leiaren for
kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Utsegna er
styrande og sensurerande. Teatret skal altså spele
matematikkteater. Det er ikkje – så langt eg kan lese – skrive
nokon stad at det er viktig for born og unge å oppleve teater for
gleda si skuld, fordi kunstarten rett og slett har ein eigen
opplevingsverdi.
Strev
DKS har sjølvsagt gjort noko bra for kunst- og kulturformidlinga
til born og unge. For ti år sidan jobba eg med å selje
forestillingar til skulane. Det var eit strev. Svaret frå rektor
var stort sett nei, det fanst ikkje budsjett til slikt, og sjølv om
vi gav vekk forestillinga gratis, fanst det ikkje pengar til
buss.
Teatret brukte dessutan store ressursar i
administrasjon av sal og turné. I DKS er det sett av pengar som
skulane skal bruke til kunst- og kulturopplevingar, og dei som
arbeider i DKS administrerer som oftast skulekontakt og
turnéplanlegging. Utfordringa ligg i kva for roller aktørane i
produksjons- og formidlingsarbeidet skal ha.
Defensiv haldning
I følge st.meld. nr. 8 ønskjer ikkje kultur- og
kyrkjedepartementet å gjere vesentlege endringar i korleis DKS er
organisert. Ei så defensiv innstilling er å gjere borna ei
bjørneteneste med omsyn til kva dei får oppleve av kunst og kultur
i skulen. I Sogn og Fjordane er DKS organisert som ein del av
kulturavdelinga til fylkeskommunen. Som einaste profesjonelle
teater i Sogn og Fjordane – og eitt av tre profesjonelle
nynorskteater i landet – har Sogn og Fjordane Teater (SoFt) hatt
eit godt og naturleg samarbeid med DKS frå første stund. SoFt har
laga framsyningar og DKS har teke i mot dei. Heilt fram til for to
år sidan fungerte det som ei uskriven avtale at teatret hadde det
kunstnariske ansvaret, medan DKS hadde det administrative
ansvaret.
Smådjevlar
I 2006 laga SoFt forestillinga Magiske historier av
Renata Allen, eit stykke for dei minste borna. I nokre av scenene
heitte rollefigurane smådjevlar og sjefsdjevel. Djevlane såg med
meining skremmande ut, hadde horn i panna og grimaser som høvde
godt til karakterane. Djevelscenene var utstyrt med dunkelt lys og
lydar fylt av spenning og frykt. Magiske historier vart
sensurert av DKS i Sogn og Fjordane ut frå ei kvalitetsvurdering
gjort av dei som jobbar der. I følge denne vurderinga virka stykket
støytande og skremmande på elevane. Året før hadde SoFt ein
diskusjon med DKS om ein tittel, Food for faen av Rolf
Losnegård. Teatret vart innstendig bede om å byte tittel, eller i
det minste ta vekk bannordet, men vi stod på vårt. Turneen vart
gjennomført, truleg fordi forestillinga allereie var seld til
skulane.
Kunstnarisk fridom
Om SoFt ønskjer å selje eit stykke til skulane utanom DKS, er
det komplett umuleg. Marknaden er stengt i og med at pengane er
låste til tilbodet som kjem nettopp frå DKS. Stortingsmelding nr. 8
seier at kvaliteten på kunst- og kulturproduksjonar må sikrast
innanfor faglege, profesjonelle rammer. For å oppnå det, må DKS
lage avtaler med profesjonelle kunst- og kulturformidlarar på alle
felt om kor mange produksjonar dei skal lage i året, og samstundes
la dei ha absolutt kunstnarisk fridom og ansvar. Dei einaste
rammene som trengs er av teknisk og økonomisk art. Dersom ei
forskyving av kvalitetsvurderinga ikkje skjer, vil DKS i framtida
bli fylt med amatørforestillingar kvalitetssikra av pedagogar og
byråkratar.
Teatersjef Terje Lyngstads innlegg ser
slik ut i Nationens Ærleg talt-spalte i
dag.