Foto: Lucas Ibanez-Fæhn. Scenografi/lys: Eilif Fjeld Teisbo. Kostyme: Frida Vige Helle

Klimakaos

Dyrene i Afrika er eit absurd eksempel på at eit auge for eit auge gjer heile verda blind.

Vi sit i ein halvsirkel i teatersalen på Vega Scene, og musikken spelar så høgt at vi ikkje høyrer kva Maria Agwumaro seier. Det er eit medvitent val. Eg får kjensla av å vere publikum på eit talkshow, og den fyste replikken som kjem gjennom musikken er “er det noen spørsmål?” Slik startar dramatiseringa av Erlend Loe sin roman Dyrene i Afrika av teaterkompaniet Feil Teater. Skodespelarar stig fram frå publikum iført pelskåper av ulike slag. Dei hiv seg raskt inn i politiske dilemma rundt kjøttindustrien sin påverknad og klimakrisa, og dei stiller vanvittige spørsmål som oppfordrar til refleksjon. Ein av karakterane spør om det er betre og meir bærekraftig å voldta dyr i staden for å ete dei. Det tekniske svaret ho får er ja, men om eit bærekraftig val alltid er etisk rett er ein anna sak. Om publikum ikkje er kjend med romanen, vil denne vetle samtalen forberede dei på kor absurd framsyninga kjem til å vere. For det blir berre villare og villare. Vi skal nemlig følgje fem karakterer som reiser til Afrika for å skjende dyr i eit forsøk på å få andre til å forstå si rolle i den brutale framgangsmåten til kjøttindustrien.

Produksjonen har løyst dei ubehagelege hendingane på ein komisk måte. Scena i seg sjølv er satt opp med eit heilraudt golv som båe kan symbolisere den raude sanden ein finn i Afrika, samt den meir makabre symbolikken, blod. Rundtom står ein stor stein og grøne planter, men mest morosamt er det meterlange beinet som låg langs sida heilt reint for kjøt. Eg var forberedt på at det kunne vere nokre provoserande scener, men i staden for å trykke ubehaget over hovuda våre, tek kompaniet i bruk videoanimasjoner og green screen. Ved hjelp av intensjonelt dårleg grafikk blir dei meir makabre scenene så vanvittige at latteren sit laust. Denne blandinga av det ubehagelege og latterlege er noko produksjonen gjer veldig bra. Sjølv om det er enkelt å le, tykkjer eg ikkje at dei undergraver problemane framsyninga tar opp.

Innimellom alt det bisarre dukkar det opp glimt av det dødelege alvoret. Diverre skjer dette så sporadisk og med ord som kjem litt til kort. Augneblinka bryt for mykje med den absurde flyten og ender opp med å høyrast betrevitande ut. Eg tykkjer publikum skal tåle å føle seg trufne av tematikken, men sidan desse småtalane sluttar like fort som dei byrja, og det absurde tar til att, får vi ikkje tid til å reflektere rundt det som blir sagt, og vi mistar balansen. Men det er eit viktig unntak: Eit augneblink er så forståeleg i si håpløyse at det sit igjen lenge etter at eg forlét teateret. Sebastian Skytterud Myers i rollen som Vidkun leverer replikken “ingen forstår noe som helst” på ein vidunderleg, ekte måte. Frustrasjonen er til å ta og føle på.

Det besynderlege med heile produksjonen er at den drar inn mange andre tema, som felleskap. Vi får eit inntrykk av at desse fem karakterane ikkje har hatt gode venskap tidlegare, og når dei finn likesinna skjønar ein kvifor. Deira ynskje om å skjende dyr blir akseptert under forkledning av å kjempe mot kjøttindustrien. Her har karakterane mogleiken til å gjere det dei har omdøpt som ein god gjerning utan å måtte ofre eigne ynskjer. Eg klarer ikkje å ta fatt i dette felleskapet, det kjennest tomt. Men det er vel gjerne poenget: Menneske vil stå samla og gjere ting i lag, men når grunnlaget er så sjølvisk og uetisk retta blir det meiningslaust.

Framsyninga har eit hektisk forlaup med vill musikk, komponert av Magnus Skaug, som styrkar ubehaget av hendingane på scena. I tillegg skapar musikken ei kjensle av stress som drar meg meir inn i handlinga. Det er artig når gitaristen plutseleg blir ein aktiv del i framsyninga og stormar scena i form av ei blodtørstig løve. Med slideteknikk, høgt volum og skodespelarar som løp i alle retningar kjenner eg båe på stress overfor at karakteren skal bli drepen og kjensla av at karakteren pådrog seg denne situasjonen sjølv, og det er til pass for dei når dei absolutt skal vere så dumme.

Med alt som utfoldar seg på scena er det mykje som fell vekk i kaoset. Men om det er ein ting denne framsyninga viser tydeleg, og som kanskje er viktigast av alt, så er det dårskapen til menneske. Heile tanken om å gjere noko hinsides gale for at andre skal sjå kor mykje gale vi sjølv gjer er ei attgjeving av vår natur som ikkje verkar usannsynleg. Det er så mange lag av hykleri, båe frå karakterane vi følg og menneske som karakterane diskuterer. Men sjølv om produksjonen er underhaldande og temaet er viktig, kjenner eg på at eg ikkje fekk noko nytt ut av framsyninga grunna mangel på balansen mellom det absurde og det ekte. Når det skjer så mykje på scena, forsvinn viktige poeng i kaoset. Dette er frustrerande, då eg verkeleg ynskjer at å sjå ei framsyning som tar opp eit så viktig tema skal etterlate meg med meir inspirasjon.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER