Godt år for Sogn og Fjordane teater
Sogn og Fjordane Teater (SoFt) nådde eit publikumstal på 17 477 i
2009. Dette er 500 personar færre enn året før, men likevel over
målsettinga på 15 000.
Totalt spelte SoFt 180 framsyningar, derav 120 framsyningar for
born og unge i skulen. Blant hovudproduksjonane i 2009 vart ”Simons
historie” av Stig Amdam og ”Kulde” av Lars Norèn, begge
samarbeidsproduksjonar med Den Nationale Scene og Hordaland Teater,
spelt for 10. klasse i grunnskulen og elevar i den vidaregåande
skulen. Desse to produksjonane gav eit publikumstal på 3 800.
Lindetreets løyndom vart spelt for elevar i den vidaregåane skulen,
i tillegg til nokre få opne framsyningar og nådde eit publikumstal
på 2 100.
Blant dei opne framsyningane vart ”Hyttekoz” av Hans Sande besøkt
av 1 000 og råneteatret ”Burn baby, burn!” nådde eit publikumstal
på om lag 900, som er halvparten av kva som var forventa. Dette
stykket vart dermed ikkje den store publikumsmagneten som teatret
hadde håpa på. ”Kinnaspelet” feira 25 – års jubileum og trekte 2
600 personar. Best besøkt i forhold til belegg var ”Ishuset” av
Marit Tusvik som vart besøkt av over 400 personar i Førde i
desember. Dette tilsvarer eit belegg på 70 prosent.
Elles hadde SoFt fleire gjestespel og eldre produksjonar på turnè i
Den kulturelle skulesekken i fjor, som totalt utgjorde eit besøk på
6 300 personar. SoFt)