Foto: Lars Opstad. Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva. Lysdesign: Øyvind Wangensteen

Ein adapsjon i trufast stil

Petter Næss ofrar ikkje essensen av Byens Spor, men balanserer mellom alvor og humor.

Byens Spor av Lars Saabye Christensen  frå 2017 omhandlar Oslo i tida etter andre verdskrig. Vi følg forskjellege karakterar busett i hovudstaden gjennom godt og dårleg nytt, samt tilpassing av nye livsstadier. Handlinga tar utgangspunkt i familien Kristoffersen, ein familie som — blant anna — veldig gjerne kunne tenkje seg ein telefon. I byrjinga finn vi oss i førjulstida, 1947. No er romanen for fyste gong satt opp som teater.

Sceneteppet er trekt frå, og oppriggen er synleg for publikum. Det er ein scene som ikkje gjer for mykje utav seg, men maler eit bilete som kjennarar av boka fort vil dra kjensel på. For den del vil alle publikummarar som har fått med seg tittelen på framsyninga forstå at det er byen vi ser. Tre miniatyrbygningar står til venstre på scenen plassert oppå mursteinblokkar. Desse mursteinblokkane støttar også oppunder eit piano. På høgre side står det står nokre hermetikkboksar, jamvel er denne mursteinblokka med mykje ymse vanskeleg å forstå seg på når resten er ganske sjølvforklarande. Men så set framsyninga i gong, og i lyset ser vi det ymse skape eit omriss av byen på veggen. 

Frå side til scene
Det er interessant å sjå korleis produksjonen har adaptert romanen til teater. At dei har gjort Jesper (Bobo Solan Hedin) om til forteljarstemme skapar ein raud tråd som erstattar forfattaren sine ord. At Jesper fortel skapar ein uskuld i forteljinga. Jesper som den raude tråden gjennom verket kjennes rett, samstundes som eg kjenner det fjerner noko tilfeldig med forteljinga. Det er ikkje lenger ein forteljing om mange ulike skjebner, det er historia om Margrethe, naboen til Jesper. Om Enzo, pianolæraren til Jesper. Om Maj og Ewald, foreldra til Jesper. Dette endrer ikkje essensen i verket, det gir berre ein annleis tone som eg meiner forteljinga adaptert til teater ikkje tapar noko på.

Dramatiseringa av Toril Solvang og regien til Petter Næss har fått med seg dei viktigaste elementa i romanen. Ikkje berre er utvalg av scener gjort med omhu som held fast i forteljinga til Saabye Christensen, men sjølv måten forfattaren skriv på er adaptert til scena. Noko eg set stor pris på i romanen til Saabye Christensen er måten han uanstrengt flyttar seg frå karakter til karakter, perspektiv til perspektiv. Lesaren flyt med, men må ikkje gløyme seg vekk og miste tråden. Denne flyten har Næss fått med seg på scena. Karakterer og scener overlappar og vev seg inn i kvarandre utan at det blir rotete, men sjåarar må ikkje gløyme seg vekk heller — då kan ein miste tråden, men det er heldigvis lett å hente den opp att.

Til tross for at flyten er fin og at scenene ikkje blir rotete, så er det veldig mykje materiale i romanen som blir pressa inn i adapsjonen. På mange måtar er det ingen scener eg tenkjer vi kunne vore forutan, men farta er til tider hektisk, og nokre element frå boka fell vekk. Humoren til dei forskjellege karakterane forsvinn litt i søken på å få fram alvoret. Dette gjer at karakterane ikkje kjennest like allsidige som dei er i romanen. Dette er sjølvsagt ein biverknad av alle adapsjonar frå bøker då tankar som blir skildra på sida ikkje kan bli uttrykt like effektivt på scena.

Det vakre i det vonde
Scenografien er like glatt og flytande som endringa av karakterer sine perspektiv. Etasjar blir flittig brukt som leilegheitskomplekset til familien Kristoffersen og Vik, samt Steen & Strøm, skuletak og bryllaupsfest. På same tid er det ikkje alltid like nødvendig. Ei scene med Fru Vik (Ingvild Holthe Bygdnes) og Jesper funker like bra på same bakkeplan når Fru Vik kastar eit oppriven brev, og bitar fell frå toppen av den andre sida av scena ned på Jesper. Bruken av scenografien og rekvisittar skapar flotte visuelle augneblink. Eg likte godt bruken av ein gjennomsiktig vegg som skapte utydeleg sikt. Denne effekten var spesielt visuelt vakker som ein påminning om Jesper rett før pause, når Ewald (Andreas Stoltenberg Granerud) får uhyggjelege nyhende.

Byens Spor er ein lett og sjarmerande teaterframsyning, sjølv med sine alvorlege hendingar og konsekvensar. Det er noko fint med at produksjonen ikkje rekk å bli like vond som romanen. Det er ein bittersøt kjensle som sit igjen når lyset forsvinn, og den rungande applausen er velfortent. 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER