Dramatikarens sjuke mor
Ny norsk dramatikk er dyr å setje opp. Tilhøva blir ikke betre
av at Norske Dramatikeres Forbund ser norske teatersjefar og
instruktørar som sine fiendar. Les artikkelen til teatersjef Terje
Lyngstad ved Sogn og Fjordane Teater her!
Artikkelen vart publisert i Nationen 1. mars 2008:
Av teatersjef Terje Lyngstad, Sogn og
Fjordane Teater
Med jamne mellomrom klagar norske dramatikarar på
at det er for lite ny norsk dramatikk på norske scener, og like
ofte svarer dei teatersjefane som torer å svare, at det blir skrive
altfor få interessante norske stykke med høg kvalitet.
På årsmøtet til Norske Dramatikeres Forbund (NDF)
i 2007 – der Sogn og Fjordane Teater (SoFt) fekk pris for å fremje
ny norsk dramatikk – fekk eg inntrykk av at norske dramatikarar
lever med eit fiendebilete utan verdi, anna enn den gleda dei
sjølve kan ha av det. Det verka som om teatersjefane og
instruktørane var motstandarar snarare enn medspelarar.
Kva er ærendet?
Spørsmålet eg stiller er kva NDFs fremste ærend er. Er målet å
vere fagforeining for ein stor medlemsmasse, med vederlagspoeng som
viktigaste kampsak? Eller er målet å gi norsk dramatikk høg status
og større plass i repertoara?
Om målet er fleire nye stykke på scena, må NDF ta
ein meir positiv og offensiv posisjon andsynes omverda. Forbundet
må gå gjennom overeinskomsten med Norsk Teater- og Orkesterforening
(NTO) og fjerne det som gjer teatra lite viljuge til å setje opp
nye norske stykke eller nye dramatiseringar.
I følgje overeinskomsten skal teatra betale 2% i
tillegg til dramatikarhonoraret til Axel Brinchmanns Fond, eit fond
NDF administrerer. Grunnhonoraret for ein urpremiere på eit
heilaftens stykke – dvs. eit stykke over 70 minutt – er kr 240 000.
Andregongs- og etterfølgande oppføringar skal honorerast med 50 %
av grunnhonoraret.
Straff til teatra
I 2007 spelte SoFt seks nye norske stykke – fordelt på fem
urpremierar og ei andregongsoppføring – som teatret betalte ca. 1,1
mill. kr i honorar for. For denne innsatsen måtte teatret betale
over kr 22 000 til Axel Brinchmanns Fond. For dramatisering av eit
verk skal dramatikaren ha 50% av grunnhonoraret. Om verket har
falle i det fri – dvs. om den som orginalt skreiv verket har vore
død i over 70 år – så skal teatret i tillegg betale 50 % av
grunnhonoraret til Axel Brinchmanns Fond, dvs. kr 120 000 om det er
eit heilaftens stykke. SoFt skal i år setje opp ein nydramatisert
versjon av Charles Dickens’ Oliver Twist. Dickens har snart vore
død i 138 år. Om to år har han faktisk falle i det fri to gonger,
og det er grunn til å spørje om vi då skal betale inn dobbelt til
dette fondet som teatra blir straffa med kvar gong dei vil lage ein
ny versjon av denne klassiske teksten.
NDF må i framtida bidra sterkare til å utvikle
ordningar som kan stimulere medlemmene til å skrive og teatra til å
produsere. Ein start kan vere å la Axel Brinchmanns Fond falle i
det fri for all tid. Forbundet kan gå i bresjen for å gjere
einaktarar rimelegare. I dag kostar ein einaktar på 40 minutt 40/70
av grunnhonoraret, dvs. ca. kr 140 000. Dersom prisen blir halvert,
vil kanskje fleire teater arbeide med slike tekstar. Det kan gi
dramatikarane verdifull trening, utvikling og oppmuntring i møte
med teatra sine dramaturgar, instruktørar og skodespelarar. Kanskje
blir resultatet eit heilaftens stykke, som seinare utløyser fullt
honorar.
Permanent støtte
Tidlegare fekk teatra refundert 1/3 av grunnhonoraret frå Norsk
kulturråd for ein urpremiere. I dag er refusjonen berre kr 60 000
for eit heilaftens stykke og kr 30 000 for ein einaktar. NDF bør
arbeide meir aktivt for å sikre permanent støtte frå
kulturdepartementet og kulturrådet, med mål om å gjere
dramatikarløna høgre og teatrets kostnader lægre.
NDF må byrje å gråte meir for si eiga sjuke mor
overfor andre enn teatra, som på si side vil vere lite villege til
å betale rekninga for helseplagene hennar i framtida.