
Bergen i verden og verden i Bergen
Solrun Toft Iversen svarar i dette intervjuet på nokre spørsmål om den nye jobben som teatersjef på Den Nationale Scene som ho skal ta fatt på om eit år.
Da lista med søkjarar til stillinga som teatersjef på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen blei offentleggjort, var det mange som spekulerte i om ikkje jobben ville gå til den noverande teatersjefen på naboteateret Det Vestnorske Teateret, Solrun Toft Iversen. Det kunne jo vore fint om den nye sjefen på DNS var bergensar og ikkje ein som pendla til Bergen til dømes. Iversen er både bergensar og har jobba mange år som dramaturg på DNS. Det er såleis ein stad ho kjenner godt. Det var kanskje ikkje ei stor overrasking at ho fekk jobben, men det gjer det ikkje noko mindre interessant kva ho tenkjer om å lede teateret som ho sjølv jobba ved i mange år før ho gjekk til det som da heit Hordaland Teater, men som under hennar leiing har fått både nytt namn og nytt hus. I dette intervjuet har ho svart på nokre spørsmål om kva ho tenkjer om å være teatersjef på DNS, ei jobb ho byrjar i i juni 2023.
Kvifor har du lyst til å være teatersjef på Den Nationale Scene?
Å være teatersjef på DNS er på mange måtar ein draumejobb for meg. Huset har betydd mykje for meg som barn, ung og seinare som arbeidsplass gjennom mange år. Eg ser fram til å komme tilbake til det att. Og så er det noko heilt særleg med relasjonen mellom publikum i Bergen og teateret deira. At eg er så glad i både DNS og i byen gjer at eg opplever stor meining i å arbeide for å utvikle denne relasjonen. Sist men på ingen måte minst; Eg veit at eg får fagleg sterke og dedikerte folk å jobbe i lag med.
Du er avtroppande teatersjef på Det Vestnorske Teateret og flytter ikkje mange metrane til ny arbeidsplass. I tillegg har du jobba på Den Nationale Scene før. Kva blir nytt for deg i denne jobben?
Veldig mange av dei endringane som DNS skal gjennom har eg mykje erfaring med frå Det Vestnorske Teateret. Vi har flytta, bygd nytt, og vi har spelt mykje oppsøkande og stadsspesifikt teater.Det er først og fremst storleiken på organisasjonen og ressursane som vert annleis. Dessuten er stillinga og huset gjenstand for mykje merksemd og eg må vere budd på å svare for korleis vi forvaltar oppdraget vårt i større grad enn på det nyetablerte DVT. Den aller beste endringa er at eg no skal jobbe med eit stort ensemble. Det gler eg meg til!
Kva meiner du er Den Nationale Scenes fremste oppgåve?
DNS si fremste oppgåve er å vere ein stad for fellesskap og refleksjon. Det er teaterkunsten si rolle å gje oss mogelegheit til å møte tida vår og verda i lag og prøve på å bli litt klokare på kvarandre og oss sjølve. Vi skal vere ei sterk stemme både i det offentlege ordskiftet og i utviklinga av norsk teater. Det skal merkast både lokalt og nasjonalt.
Korleis vil publikum merke at du er teatersjef?
Dei vil snart merke at eg er veldig opptatt av teateret som fellesskapsarena og at eg såleis vil opne huset opp og søke mykje kontakt med samfunnet. Dei vil også merke at eg ynskjer å knytte sterke norske krefter til huset og at eg er oppteken av å løfte og utvikle dei som jobbar på DNS. Slik sett håpar eg at publikum vil oppleve at dei vert betre kjent med teateret sitt.
Har du eit manifest for Den Nationale Scene og teater i Bergen?
Noko manifest har eg ikkje nedfelt, men skulle eg prøve meg måtte det bli noko i denne leia: «Bergen i verden og verden i Bergen». Eg trur på at vi vinn gjennomslagskraft gjennom å eige og utfordre eigne perspektiv. Eg trur vi bygger kvalitet inne i frå, liksom risikovilje og mot også må hentast derfrå. Derfor må vi på sett og vis byrje med oss sjølve. Eg trur det beste utgongspunktet for å lage kunst som set avtrykk er trua på at vi som samfunn treng nett denne historia eller denne kunstopplevinga nett no. I den trua ligg det mykje vilje og det vil vere rettesnor for meg.