Frøydis Århus

ARTIKLER av Frøydis Århus

Open Tsjekhov

Hanne Tømta opnar Måken av Anton Tsjekhov og frigjer humorpotensialet i teksten.

Filosofisk og finstemt figurteater

Rikke-Petrikke og ramperommet er teater som gjev barna noko å tenkje på samtidig som det er veldig gøy. Eller gø-hø-høy.

Feil tittel, fint teater

Feil teater har laga ei fin framsyning med gode historier som kunne vore strammare. Den er ikkje så overflatisk som tittelen kunne tilseie.

Sex i rokokkostil

I skodespelarfoajeen på Centralteatret utspel det seg eit barokk kammerdrama med leik, lyst og begjær, med dauden til følgje. Det er blitt ei vellukka framsyning som maksimerer det teatrale potensialet i teksten.

Ms Manning for fridom og sanning

Fange 89289 er på det jamne eit hovud kortare enn dei andre fangane i Fort Leavenworth militærfengsel. Den 48 kilo tunge kroppen gjer seg klar for å sone ein straff på 35 år. Ikkje for drap eller valdtekt, men for sanninga.

Ingen kropp er heilag

Ei 24 år gamal framsyning vitja Black Box teater i forrige veke. Det som var toneangjevande da er ikkje like brennheitt i dag, men viser teater- og dansehistorie i praksis.

Dødsdansen

I sokkeleisten på Black Box teater får tilskodarane vere med på ei sakral oppleving. Dødsprosjektet er ein personleg framsyning som snakkar til alle.

Blodfattig øksedrama

Oppsettinga av Tante Jane av Tore Renberg på Det Norske Teatret klarar ikkje å frigjere seg frå sitt største problem: At teksten er svak.

Fin og rar, tung og lett

Panflutes and Paperwork av Ingrid Berger Myhre og Lasse Passage er ei framsyning som leikar og briljerer. Gjennom presisjonskunst balanserer dei mellom feelgood og poetiske bilete.

Meir protest enn fest

Karneval er eit fridomsprosjekt med sin eigen struktur. Det har i seg både opprør og fest. I Carnival Nations interkulturelle karneval i Oslo i år er det mest protest.

Slapt sirkus

Framsyninga Epifónima er full av gode innsatsar, men det blir kjedelig fordi dei kunstneriske ambisjonane sviktar og det politiske bodskapet ikkje er i nærleiken av å vere grenseoverskridande.

Vakkert og makabert ungdomsteater

Med framsyninga Ingenting har Tigerstadsteatret laga teater som er bekmørkt og makabert, og som torer å grave djupt, men det er óg morosamt, underhaldande og originalt.

Ho som eigentleg ikkje bur her

På nært vis syner Goksøyr & Martens oss livet i familien, og dei gir oss ei presis skildring av einsemd i ei stor teateroppleving.

Udåd i Guds namn

Openberringa er ein fascinerande tekst, og framsyninga viser også svært gode skodespelarprestasjonar, men det manglar noko i scenografien.

Ein ser det ikkje før ein trur det

2 x Medea er ei framsyning som er så stinn av sterke verkemiddel at eg sluttar å bry meg.

SISTE SAKER