Teatersjef - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
30.5.2023

Det Norske Teatrets sjefstol er ledig frå 1.1.2025. Vi søkjer ein ambisiøs teatersjef som kan laga eit variert og kunstnarleg dristig repertoar for store publikumsgrupper. Det Norske Teatret skal utvikle scenekunsten og skape teater på høgt internasjonalt nivå.

Det Norske Teatret skal nå eit stort og mangfaldig publikum gjennom eit relevant repertoar. Teateret har eit viktig samfunnsansvar med kulturhistorisk tyngd. Det Norske Teatret har røter i folkerørsle og motkultur og har ein rik arv å forvalte både som samfunnsaktør og som produsent av store teateropplevingar. Språkoppdraget som det største nynorskteateret er eit særleg ansvar for Det Norske Teatret.

Vi har markert oss med ei tydeleg mangfaldssatsing innan norsk kulturliv, og dette gir prosjektet Det Norske Teatret ei større ramme og ein tydelegare profil.
Det er viktig at den komande sjefen vår byggjer vidare på dette.

Teatersjefen har det øvste ansvaret og vi ønskjer oss ein sjef som er trygg i ei tydeleg leiarrolle som både er samlande og inspirerande for teaterets mange engasjerte medarbeidarar med allsidig fagbakgrunn. Vedkommande må kunne kommunisere godt og kunne representere teateret også i det offentlege ordskiftet. Teatersjefen rapporterer til styret.

Stillingstype: Fast heltid 100 %

Stillinga er eit åremål på fem år. Lønn etter avtale.
Gode, avtalefesta pensjonsordningar.

Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Hilde Barstad, tlf. 975 92 246, eller rekrutteringsrådgivar i Møllerstad rekruttering as, Gro Møllerstad, tlf. 915 59 752.

Gå inn på www.mollerstad.no for å leggja inn søknad innan 30.05.23.

Det Norske Teatret er landets største teater.

Det Norske Teatret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Nynorsk språk er teateret sitt viktigaste særmerke og denne tradisjonen skal vi halde i hevd. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå og skape kunst og kultur som skal komme flest mogleg til gode. Vi spelar eit omfattande repertoar med høg eigenproduksjon og ei rekke urpremierar, og er særmerkt gjennom eit samansett og rikt uttrykksmangfald. Publikum skal kunne finne oss på nye stader og i nye format, og teateret er viktig som språkarena og kraftsenter for nynorsk. Det Norske Teatret ligg sentralt i Oslo sentrum med tre faste scenar. Teateret tar mål av seg å vere det føretrekte teateret også for tilreisande. Som del av mangfaldssatsinga har Det Norske Teatret etablert ein fjerde spelescene i Groruddalen.

I dei siste åra før pandemien var publikumstalet rundt 250.000 årleg, og teateret er på god veg tilbake dit.» Det Norske Teatret er eit repertoarteater og produserer mellom 15 og 20 nye titlar årleg. Eigeninntekta er høg, og teaterets omdømme er solid.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER