Fagavdelingsleiar for lydavdelinga - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
10.4.2023

 

Det er ledig ei fast stilling som
Fagavdelingsleiar for lydavdelinga

Har du solid lydteknisk bakgrunn, eit blikk for teater og øyre for god lyd? Har du gode leiareigenskapar og vil utvikle deg som personalleiar? Då kan jobben som fagavdelingsleiar for lydavdelinga vere noko for deg. I stillinga vil du ha det overordna faglege ansvaret for lydområdet, og du vil vere ein viktig ressurs i produksjonsprosessane på teateret. Som personalleiar skal du bidra til å sikre eit godt arbeidsmiljø og god ressursutnytting i avdelinga.

Kompetanse

  • høgare utdanning og/eller relevant erfaring innanfor lydfeltet
  • erfaring med Q-lab
  • god kjennskap til trådlause system
  • erfaring med ein eller fleire DAW
  • god datakunnskap, systemforståing og kjennskap til nettverk
  • erfaring frå innspeling og redigering av lyd er ein fordel
  • erfaring frå teaterbransjen er ein fordel
  • erfaring frå personalleiing, arbeidsleiing, økonomistyring eller prosjektleiing er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og god på teambygging
  • strukturert, god på overordna planlegging og til å sjå konsekvensar
  • sjølvstendig og løysingsorientert
  • interesse for kontinuerleg å vidareutvikle gode arbeidsprosessar
  • interesse for ny teknologi

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø i utvikling
  • stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • god kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • gunstig ferieordning

Arbeidstida er 37,5 timar i veka, hovudsakleg på dagtid i vekedagane, men du må rekne med noko arbeid på kveld og i helg.

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår, til å søkje.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Oddgeir Kummen, teknisk sjef
Tlf.: 97 53 26 86
E-post: oddgeir.kummen@detnorsketeatret.no

Søknadsskjema

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER