Prosjektkoordinator - Det Norske Teatret
- Søknadsfrist:
- 17.2.2023
- Utvikling og koordinering av verkstader og kompetansehevande kurs i samband med kunstnarleg leiar
- Vere kontaktleddet mellom teateret, samarbeidspartnarane våre og nye publikumsgrupper
- Bidra til rekruttering, kommunikasjon, dialog og synleggjering av aktivitetane våre og framsyningar
- Avvikling, registrering av oppmøte og oppfølging av dei som nyttar tilboda
- Erfaring frå prosjektkoordinering eller prosjektleiing, med kjennskap til kulturfeltet
- Erfaring frå å jobbe interseksjonelt, med fokus og engasjement for å utvide kontaktflata med nye publikumsgrupper
- Erfaring frå ungdomsarbeid, pedagogisk utdanning eller liknande er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Fleksibel og gode samarbeidsevner
- Kan handtere fleire oppgåver på same tid og trivast i ein dynamisk arbeidskvardag med fleire overlappande oppgåver.
- Løysingsorientert og idérik
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
- Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
- God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
- Gunstig ferieordning
- Lønn etter tariff
Det er ledig eit eittårig engasjement som Prosjektkoordinator.
Det Norske Teatret i Groruddalen ønsker å auke interessa for og kjennskapen til korleis teater kan være ein plass for å uttrykke seg, gjere seg synleg og relevant med si eiga stemme, kompetanse og erfaringar. Vi søker etter deg som enten har teaterfagleg bakgrunn eller god kjennskap til teater som kunstform, og det vil vere ein stor fordel om du allereie har kjennskap til ulike miljø og nettverk i Groruddalen.
Du vil i samarbeid med kunstnarleg leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen utvikle og koordinere aktivitetar og kompetansehevande kurs, der kunstnarleg utvikling skjer gjennom aktiv deltaking og medverknad.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
Ønska kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Det Norske Teatret har som mål å styrke den kunstnarlege diversiteten i teateret og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Vi kjem til å vurdere kandidatar fortløpande fram mot søknadsfristen, og vi oppmodar derfor om at du sender inn søknaden tidleg i prosessen.
Det er mogleg engasjementet blir forlenga utover det eine året.
Arbeidstida er stort sett på dagtid måndag til fredag, 37,5 timar i veka, men noko av arbeidet vil vere på kveldstid og i helg.
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Produsent Det Norske Teatret i Groruddalen, Hedda Rønneberg, hedda.ronneberg@detnorsketeatret.no / 22473937 / 986 10 220
Om Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret er nynorskteateret i hovudstaden og blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Vi har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser framsyningane våre kvart år. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå.