Lysteknikar/ lysdesignar - Teater Vestland

Søknadsfrist:
7.2.2023

Ansettelsesform: Fast

Teater Vestland sin dyktige lysteknikar og lysdesignar skal slutte i jobben etter mange år, og vi søkjer no ein etterfølgjar. Som lysteknikar hos oss får du bruke heile deg. Ein av grunnane er måten vi jobbar på. Teater Vestland turnerer fast i tre format: Hovudscene (med fullproduksjon), Blackbox (eit teknisk mellomformat i den turnerande intimscena vår) og Grendehus (teknisk produksjon med klare rammer for kva som er mogleg med tanke på straum-, scenestorleik- og transport). Dette gjer kvardagen som lysteknikar på Teater Vestland variert og utfordrande. I mai i år flyttar vi inn i nytt teaterhus. Som nytilsett lysteknikar får du vere med og opne eit nytt kapittel i teaterets historie med alt frå innreiing av to nye scener til etablering midt i Førde sentrum.

Vi ser etter ein person som gjerne har både lysteknikar- og designkompetanse, men ikkje la deg hindre frå å søke dersom du sit på berre den eine av desse kompetansane.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for teateret si lysavdeling.
  • Programmering av lys til framsyningar.
  • Rigging av utstyr og køyring av lys under prøver og framsyningar både på huset og på turné. Stillinga har turneplikt.
  • Utføre vedlikehald av lysutstyr.
  • Moglegheit for oppdrag som lysdesignar på TVL sine produksjonar.
  • Ha oversikt over kva som bør inn i drifts- og produksjonsbudsjettet, i samarbeid med teknisk sjef.

Ønskt kompetanse

  • Teknikarutdanning, lysdesignutdanning og/eller erfaring frå profesjonelt teater.
  • Erfaring frå ETC/EOS og Capture.
  • Ønskjeleg med førarkort.

Du må vere tale- og skrivefør og lydhøyr. Vi søkjer ein skarpskodd, initiativrik og ihuga fagperson som likar å finne løysingar.

Vi tilbyr

  • Ein variert, kreativ og utfordrande jobb.
  • Eit hektisk, inspirerande og levande arbeidsmiljø med dyktige kunstnarlege lag.
  • Å vere med på innflytting i heilt nye teaterlokale i Nynorskhuset.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariffar i teatersektoren.
  • Gode ferie- og avspaseringsordningar.
  • Oppstart etter avtale.

Synest du dette verkar interessant, kan det godt hende at ein av Noregs beste arbeidsplassar ventar på deg! Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Teater Vestland legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder eller kulturell bakgrunn.

Spørsmål om stillingen

For meir informasjon ta kontakt med Teknisk sjef Theodor W. Thorne, tlf 918 62 522, e-post: theodor@teatervestland.no

Søknadsskjema.

Teateret er underlagt offentleglova.

Om arbeidsgiveren

Teater Vestland (tidlegare Sogn og Fjordane Teater) er eit av Noregs eldste og hyggjelegaste regionteater. No er vi med og byggjer splitter nye teaterlokale midt i Førde sentrum, med innflytting i mai 2023. Her får vi to nye scener, framifrå produksjonslokale og kontorplassar til alle dei kreative folka våre. I løpet av eit år har vi 5-7 produksjonar ute på turné i heile Vestland fylke, og vi speler 200-250 framsyningar. I åra som kjem skal vi utvikle oss vidare, både i Førde og ute på turné.

https://teatervestland.no/

SISTE SAKER