Kunstproduksjonsmiljøet i Fjaler søker ny produsent !
- Søknadsfrist:
- 25.1.2023
- du bør har høgare utdanning eller solid relevant praksis.
- arbeide sjølvstendig og ha gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging
- kunst og kulturfagleg nettverk.
- moglegheit til å arbeide på ettermiddag og kveld ved behov.
- fylle Samvirket med produksjonar og arrangement
- arbeide med kunstproduksjonar i prosessen frå ide til møte med publikum.
- arbeide med planlegging og gjennomføring av publikumsvisningar i nært samarbeid med eksterne arrangørar.
- arbeid med marknadstiltak og oppdatering av desse.
- samarbeide med våre næraste samarbeidspartar i felles prosjekt og vere med å vidareutvikle desse.
- arbeide med kompetansehevande tiltak og nettverksarbeid.
Kunstproduksjonsmiljøet i Fjaler har vore i sterk utvikling siste åra med aktørar som Teaterfestivalen i Fjaler, Jakob Sande Senter for forteljekunst og Nordisk Kunstnarsenter Dale. Saman eig desse PreForm AS. Våre oppgåver er å legge tilrette for kunstproduksjon som scenekunst, musikk, podcast og andre lydproduksjonar m.m. I tillegg skal vi drifte bygda sin nye scene, SAMVIRKET i nært samarbeid med Fjaler kommune og eksterne samarbeidspartar og arrangørar. PreForm AS vart etablert i 2014 og har tilsett kunstnarleg leiar og dagleg leiar i delstillingar.
Vi treng fleire som vil vere med å utvikle miljøet og aktiviteten som har vokst fram i Fjaler.
PreForm AS lyser ut ei stilling som produsent / medarbeidar frå våren 2023 som kan vere med oss flytte inn i og drifte det nyrenoverte kunstproduksjon og scenehuset SAMVIRKET.
Vi ynskjer oss ein person som har administrativ og kunstfagleg erfaring frå ulike kunstnariske uttrykk og særleg med erfaring frå scenekunstfeltet.
Vi skal saman utvikle eit nytt kulturbygg og du skal vere med å:
Stillinga er ei prosjektstilling opp til 75% frå våren 2023 og eit år framover med moglegheit for forlenging og utviding til 100%.
Løn etter avtale
Søknadsfrist 25. januar 2023.
Kontaktinfo:
Dagleg leiar:
Ingrid Hansen
tlf. 47908100
epost: ingrid(at)kulturpro.com
Dalvegen 99, 6963 Dale.