Produksjonsmedarbeidar - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
27.9.2022

Det er ledig ei fast stilling som Produksjonsmedarbeidar

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Som produksjonsmedarbeidar blir du ein del av teateret si produksjonsavdeling og du vil vere ein ressursperson for produksjonane og for teateret. Du vil samarbeide tett med instruktør, skodespelarar, dramaturg og inspisient. Arbeidsoppgåvene varierer, men omfattar i hovudsak suffli, arkiv og oppfølging av manus og språk.

Utdanning og erfaring

  • Høgare utdanning og/eller relevant erfaring frå teater
  • God skriftleg og munnleg språkkjensle
  • God nynorskkunnskap
  • God datakunnskap

Personlege eigenskapar

  • God forståing for teaterproduksjon og kunstnarlege prosessar
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Løysingsorientert, allsidig, lærevillig

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Som produksjonsmedarbeidar har du 35,5 timars veke. Du følgjer prøvar og nokre framsyningar for tildelte produksjonar. Arbeidstida vil variere mellom dag og kveld på vekedagane, i tillegg kjem noko helgearbeid.

Arbeidsstaden vil variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater. Tiltreding snarleg, etter avtale.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.

Søknadsskjema.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Hedda Rønneberg, fagavdelingsleiar
hedda.ronneberg@detnorsketeatret.no
Telefon 22 47 39 37

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Teateret er nynorskteateret i hovudstaden og blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom. Vi har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar. Om lag 250 000 publikummarar ser framsyningane våre kvart år. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER