Engasjement som produsent - Hemsingfestivalen

Søknadsfrist:
15.7.2022

Er du ein entusiastisk og initiativrik person med pågangsmot som vil vere med å utvikle Hemsingfestivalen til nye høgder? Me søkjer ein kulturinteressert person som likar å arbeide sjølvstendig med produksjons- og administrative oppgåver.

Aktuelle søkjarar må ha evne til å arbeide systematisk og strukturert. Det vil bli lagt vekt på erfaring frå tilsvarande oppgåver. Den rette personen vil møte eit utviklingsmiljø der evne til løysing av oppgåvene i samspel med andre fagpersonar er ein suksessfaktor.

Me lyser ut eit engasjement i 50 % frå august / september 2022, med moglegheit til å utvide engasjementet etter kvart.

Engasjementet inneber tett samarbeid med festivalsjef Ragnhild Hemsing og dei kunstnarlege leiarane Eldbjørg og Ragnhild Hemsing. Arbeidet vil omfatte koordinering, logistikk og andre administrative / produsent – oppgåver som blir nedfelt i eigen avtale etter nærare drøfting med festivalsjefen. Produsenten skal også bidra til vidareutvikling av festivalen.

Må beherske godt engelsk, både munnleg og skriftleg.

Hemsingfestivalen er ein kammerfestival for klassisk musikk og kammermusikk i Aurdal i Valdres. I februar kvart år får publikum oppleve intime møte med stor musikk framført av artistar på svært høgt internasjonalt nivå.

Det er ikkje nødvendig at personen me søkjer i engasjementet bur i Valdres. Løn etter avtale.

Søknadsfrist: 15. juli 2022 til styret ved Ragnhild Hemsing, e-post: ragnhild.hemsing@gmail.com.

Tlf: 97 18 76 29.

For meir informasjon om festivalen og produsent-engasjementet, sjå  https://www.hemsingfestival.com/

 

 

SISTE SAKER