Maskør- og parykkmakar / Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
8.8.2022

Det er ledig eit vikariat i 100% stilling som Maskør- og parykkmakar.

Vikariat frå 5. september 2022 til og med 31. juli 2023.

Som maskør- og parykkmakar vil du få høve til å produsere visuelle uttrykk i produksjonar, eit arbeid som skjer i tråd med kunstnarlege visjonar innanfor vedtekne rammer. Du vil inngå i eit kreativt arbeidsmiljø og vere ei viktig brikke i avviklinga av framsyningane.

Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring

  • Fagbrev/bachelor som maskør- og parykkmakar, eller tilsvarande
  • Erfaring frå teater, opera, film eller TV

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, kreativ og sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Løn etter tariff

Tiltreding september 2022.

Stillinga inngår i ei turnusordning med dag-, kveld- og helgearbeid.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Malin Jones,
Malin.Jones@detnorsketeatret.no
Telefon: 988 72 871

SØK HER.

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER