Dramaturg - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
20.8.2022

Det er ledig eit åremål som Dramaturg frå 1. januar 2023 til 31. desember 2025.

Dramaturgiatet ved Det Norske Teatret består av fire dramaturgar som til saman utgjer eit fagleg og sosialt kollegium. Hovudansvaret til dramaturgiatet er å sette saman repertoaret, i tett samarbeid med teatersjefen. Det Norske Teatret har eit stort repertoar som inkluderer både det breie og det smale.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Som dramaturg vil du få høve til å jobbe med mange ulike kunstnarar og teaterformer og historier, på mange ulike plattformer. Du har ansvar for å følgje opp dramatikarar, omsetjarar og regissørar, med ulike metodar og frå ulike kunstnarlege ståstader. Du vil arbeide både med nye og gamle tekstar, og følgje prosjekta frå idé til produksjon og heilt fram til premiere.

Utdanning, kvalifikasjonar og erfaring

  • Universitetsutdanning på masternivå eller tilsvarande innanfor relevante fagområde (dramaturgi, teatervitskap, språkfag, litteratur osb.).
  • Innsikt og erfaring frå nasjonal eller internasjonal samtidsscenekunst er ein fordel.
  • Erfaring innanfor praktisk teaterarbeid, og at du forstår dei krava samtidsteateret stiller til scenetekstar og dramaturgi.
  • Dokumentert eiga kunstnarleg verksemd innanfor tekst, teater, omsetjing eller liknande
  • Gode nynorskkunnskapar er ein fordel, det same er kjennskap til eitt eller fleire framandspråk, som til dømes tysk, fransk, spansk osb.

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og nøyaktig med stor gjennomføringsevne
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode formuleringsevner både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Løn etter tariff

Tiltreding januar 2023.

Arbeidstida er 37,5 timars veke. Du må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Det følgjer òg noko reising med.

Det Norske Teatret ønskjer å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Ingrid Weme Nilsen, sjefdramaturg
ingrid.weme@detnorsketeatret.no
Telefon: 926 33 349.

SØKNADSSKJEMA

SISTE SAKER