Verkstadleiar - Det Norske Teatret
- Søknadsfrist:
- 7.8.2022
- Relevant utdanning er eit krav, gjerne som ingeniør og/eller tekniske fag
- Erfaring frå teaterproduksjon, produksjons- og/eller personalleiing vil vektleggast
- God datakunnskap og systemforståing, bl.a. kjennskap til 2D og 3D CAD-system
- Dokumentert erfaring frå HMT-arbeid
- Gode leiareigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, også skriftleg
- Respekt og interesse for kunstnarlege prosessar
- Evner til langsiktig planlegging, med interesse for kontinuerleg å vidareutvikle gode arbeidsprosessar
- Interesse for ny teknologi
- Personlege eigenskapar vil vektleggast
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
- Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
- God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
- Gunstig ferieordning
Det er ledig ei fast stilling som
VERKSTADLEIAR
Vi opprettar ei ny stilling som verkstadleiar, der målet med stillinga er å sikre god arbeidsflyt, få ei betre oversikt over heilskapen, og betre prosessane for verkstadene våre. Vi søkjer etter deg som er ein trygg leiar, og har erfaring og evner til å sjå heilskapen i produksjonsprosessane våre. I prosessen vil du vere eit viktig bindeledd mellom kunstnarlege team, verkstadene, teknisk kontor og produksjonsavdelinga. Du vil ha ansvar for å sikre god dokumentasjon.
Du vil ha eit overordna ansvar for snikkar/smie, målarsal, kostyme, maske, rekvisitt og konstruksjon, med personalansvar for fagavdelingsleiarane og konstruktør. Ansvaret inneber å sikre at leveransane er i rute med tanke på rammer og ressursar, kunstnarlege ambisjonar og helse, miljø og tryggleik (HMT).
Ønskt kompetanse:
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Arbeidstid er hovudsakeleg på dagtid i vekedagane, men arbeid på kveld og i helg kan påreknast. Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søkje.
Spørsmål om stillinga kan rettast til teknisk sjef Oddgeir Kummen, tlf. 975 32 686,
e-post: oddgeir.kummen@detnorsketeatret.no
Om Det Norske Teatret
Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.