Teaterteknikar - Det Norske Teatret

Søknadsfrist:
11.2.2022

 

I samband med satsinga i Groruddalen har vi ledig ei fast stilling som

TEATERTEKNIKAR

Vi søker etter eit allsidig, engasjert og fleksibelt teatermenneske med ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

Som teaterteknikar vil du ha ei allsidig rolle og utføre alle tekniske oppgåver knytt til produksjonane. Det blir gitt opplæring i tekniske oppgåver og system. Du vil delta aktivt i skapinga av nye produksjonar i kombinasjon med avvikling og tilrettelegging av framsyningar.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte å operere lys- og/eller lydbord og generelt sceneteknisk arbeid. Lyd, lys og video blir avvikla frå QLab og ETC EOS.

Utdanning og erfaring

  • Brei erfaring frå teater- og scenekunstfeltet
  • God og relevant utdanning og/eller erfaring innanfor felta lys, lyd, scene og/eller video
  • God datakunnskap
  • Førarkort og truckførarbevis er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • Har god forståing for heilskapen innan det teatertekniske området og ser verdien av sjangeroverskridande arbeid
  • Er initiativrik, kreativ og sjølvstendig
  • Har gode samarbeidsevner
  • Er serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
  • God kollektiv pensjons- og gruppelivsforsikring
  • Gunstig ferieordning
  • Lønn etter tariff

Arbeidsstaden for teaterteknikaren vil variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater i Oslo og på turné. I hovudsak vil teaterteknikaren vere knytt til prosjekt på Rommen scene og i Groruddalen.

Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

Eigil Aasen, fagavdelingsleiar
eigil.aasen@detnorsketeatret.no
Telefon 980 98 599

SØK HER

Om Det Norske Teatret

Det Norske Teatret er eit av landets største teater. Teateret blei etablert i 1913 som ein scene for språkleg og kunstnarleg fridom og har sidan 1985 halde til i Kristian IVs gate i Oslo, i eit av Noregs vakraste teaterbygg. Vi arbeider særskilt med mangfald og har sidan 2019 hatt Rommen scene i Groruddalen som fast spelestad med eigne produksjonar.

Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi er 240 tilsette og meir enn hundre frilansarar som tar mål av oss til å skape eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

https://www.detnorsketeatret.no/

SISTE SAKER