Inspisient - Det Vestnorske Teateret

Søknadsfrist:
10.2.2022

Om teateret:
Det Vestnorske Teateret er eit nynorskteater for alle som bur på vestlandet. Teateret har fast scene i Bergen sentrum, men turnerer og i regionen. Vi har ei sterk satsing på ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Ved sida av teaterrepertoaret driftar vi og eit kulturprogram støtta av Bergen kommune som styrkar den nynorske identiteten.

Teateret er i sterk utvikling og er inne i ein ombyggingsprosess som er venta ferdig hausten 2022.

Drifta har tilskott frå staten og den største eigaren Vestland fylkeskommune. Eigeninntektene til teateret har lagt på mellom 35-40% i eit normalår.

Om stillinga:

Det Vestnorske Teateret søkjer inspisient i 100% stilling, i engasjement frå 15. mars til 30. november 2022, med moglegheit for forlenging.

Ansvarsområde, arbeidsområde og arbeidsoppgåver:

Inspisienten er administrativ leiar av teaterprøvar og framsyningar og er bindeleddet mellom administrasjonen og teknisk- og kunstnarleg personale.
Inspisienten samarbeider tett med regissøren når det gjeld praktisk tilrettelegging, organisering, koordinering og gjennomføring av prøvar. Under speleperioden er inspisienten framsyningsleiar med totalansvar for avvikling.
Inspisientjobben kan til tider vere hektisk, ein må kunne meistre travle periodar og halde fokus i fasen med dei avsluttande prøvane.

Kvalifikasjonar

Det er ønskeleg at du har relevant høgare utdanning og erfaring som teaterinspisient.

Vi søkjer ein strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert person med gode samarbeidsevner. Du må kunne utarbeide praktiske løysingar innanfor gitte rammer i eit hektisk miljø, og ha evne til å takle raske omstillingar.

Vi tilbyr

  • Kreativt arbeid i lag med kollegaer og kunstnarleg team
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Tariff-festa løn- og pensjonsavtale

Send søknad og cv innan torsdag 10. februar til stilling@detvestnorsketeateret.no

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt plansjef Sol Glesnes på tlf: 915 25 079.

https://www.detvestnorsketeateret.no/

SISTE SAKER