Teatersjef - Det Vestnorske Teateret

Søknadsfrist:
15.2.2022

Det Vestnorske Teateret er eit nynorskteater for alle som bur på vestlandet. Teateret har fast scene i Bergen sentrum, men turnerer og i regionen. Vi har ei sterk satsing på ny dramatikk og ein identitet som er forankra i det vestnorske. Ved sida av teaterrepertoaret driftar vi og eit kulturprogram støtta av Bergen kommune som styrkar den nynorske identiteten.

Teateret er i sterk utvikling og er inne i ein ombyggingsprosess som er venta ferdig hausten 2022.

Drifta har tilskott frå Staten og den største eigaren er Vestland fylkeskommune. Eigeninntektene til teateret har lagt mellom 35-40 % i eit normalår.

Om stillinga:

Det Vestnorske Teateret søkjer ny teatersjef frå hausten 2023.

Teatersjefen er teateret sin daglege leiar og har ansvaret for den kunstnarlege verksemda og -utviklinga ved Det Vestnorske Teateret. Vi søkjer etter ein person som kan målbere og vidareutvikle teateret sin visjon, som er å vere ein raus og førande nynorskscene for Bergen og regionen. Teatersjefen er ansvarleg for den kunstnariske planlegginga både på kort og lang sikt. Dette inneber å leggje repertoaret for alle teateret sine scenar og å engasjere ensemble til alle produksjonar.

Den rette personen må arbeide for at teateret får ein trygg og tydeleg plass i det nynorske kulturnettverket og teatersjefen må sjølv kunne uttrykke seg på nynorsk skriftleg.

Kvalifikasjonar:

  • Teaterfagleg bakgrunn
  • Tydelege kunstnariske ambisjonar for teateret
  • Kan vere ein samlande og inkluderande leiar med gode kommunikasjonsevner
  • Ein tydeleg og god ambassadør for teateret
  • Sikre at publikum opplever teateret som ein viktig samfunnsaktør med eit breitt repertoar med tilbod til alle
  • Vil vidareutvikle teateret til eit inkluderande teaterhus der nynorske dramatikarar kjenner seg heime
  • Vil engasjere seg i publikumsutvikling for å nå eit breitt publikum

Det Vestnorske Teateret kan tilby:

  • Ein liten og dyktig stab med dedikerte medarbeidarar i alle funksjonar
  • Teateret er under ombygging og vil frå hausten 2022 kunne tilby ei hovudscene, ei ny scene 2 og ei intimscene
  • Teateret har vorte svært godt mottatt etter at det i 2016 flytta inn til sentrum av byen, med årleg auke i publikumstilstrøyming med mål om 50.000 publikummarar per år
  • Teatersjefen rapporterer til teateret sitt styre
  • Teatersjefen må bu i Bergen eller omegn
  • Stillinga er eit åremål på 4 år med moglegheit til forlenging
  • Stillinga vert ledig 100% frå 1. august 2023 med behov for programplanlegging frå hausten 2022 etter nærare avtale

Nærare informasjon om stillinga:

Spørsmål om stillinga kan rettast til rådgjevar Atle Bønes, Bønes Virik Executive Search, tlf.: 928 89 420 eller til styreleiar Pål W. Lorentzen, tlf.: 992 66 835.

SØK HER.

Kandidatar kan vere konfidensielle, og for oppdragsgjevar, inntil anna er avtalt.

Les gjerne meir om Det Vestnorske Teateret på www.detvestnorsketeateret.no

Søknadsfrist: 15. februar 2022.

SISTE SAKER