Victoria Meirik. Foto: Siren Høyland Sæter / Det Norske Teatret

Victoria Meirik er tilsett som dekan ved Teaterhøgskolen

Kunsthøgskolen i Oslo melder i ei pressemelding at regissør Victoria Meirik er tilsett som dekan ved avdeling Teaterhøgskolen.

Victoria Meirik (45) er regissør og har mellom anna arbeidd ved Nationaltheatret og Rogaland Teater. Ho har fungert som dekan ved avdeling Teaterhøgskolen, Kunsthøgskolen i Oslo, sidan 1. oktober 2018. Dekanstillinga er ei åremålsstilling på fire år. For tida har ho óg regi på Tante Ulrikkes vei på Det Norske Teatret / Rommen scene, med urpremiere 12. juni.

Meirik har hatt fleire verv og oppdrag, mellom anna som kunstnarleg leiar for Norsk Dramatikkfestival og fekk i 2010 Heddaprisen for beste regi for “Antigone” på Trøndelag Teater.

Meirik er utdanna ved Amsterdamse Hogeschool voor der Kunsten i Nederland og Universitetet i Oslo, og har dessutan studert drama ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og teatervitskap ved Universitetet i Oslo.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER