Ingenting av Tigerstadsteatret. Oslo Nye Trikkestallen. Foto: Erika Hebbert. Scenograf og kostymedesignar: Ingrid Tønder. Lysdesigner: Rolf Christian Egseth. Forestillingen er nominert til Heddaprisen for beste ungdomsforestilling.

Vakkert og makabert ungdomsteater

Med framsyninga Ingenting har Tigerstadsteatret laga teater som er bekmørkt og makabert, og som torer å grave djupt, men det er óg morosamt, underhaldande og originalt.

Tenk deg at du er 14 år gamal og under massivt press frå resten av klassekameratane dine. Hadde du vore villig til å ofre det som verkeleg betyr noko for deg? Kva med yndlingsskoa eller dagboka? Eller for å heve innsatsen, marsvinet du er glad i, jomfrudommen eller fingrane du speler gitar med? Pierre Anthon (Iver Innset) droppar ut av skulen fordi han meiner tilværet er meiningslaust. Resten av klassen hans reagerer med å starte ein bisarr offerseremoni av ting som ber meining for dei. Kvifor? Fordi apatien til Pierre skremmer dei til handling. Pierre må nedkjempast, for elles får han rett, og då vert meiningsløysa eit faktum for dei alle.

Prisløna bok
Den danske forfattaren Janne Teller (f. 1964) skreiv boka Intet i år 2000. Boka vart fyrst møtt med skepsis frå forlaget. Dei meinte rett og slett at den var for merkeleg. Då boka etterkvart vart utgjeven, gjekk den rett heim hjå danske tenåringar. Den fekk det danske kulturministeriets barnebokpris og vart omsett til fleire språk samt filmatisert. No er også boka omarbeidd for scenen i regi av Hilde Brinchmann for Tigerstadsteatret og Oslo Nye Teater. Romanen er dramatisert av Toril Solvang og på scenen finn vi fire skodespelarar som til saman gestaltar alle klassekameratane til Pierre. Pierre sjølv går i dongeribukse og t-skjorte, resten av klassen går i skuleuniform. Gutane i shorts, jentene i skjørt. Dette er eit fint kostymeval, for det stiliserer skiljet mellom opposisjon og konvensjon. Det stiliserte går også att i spelestilen gjennom kjappe, nesten abrupte replikkvekslingar og mime-inspirerte scenarier. Det tok meg litt tid å bli vant til spelestilen, men utover i handlinga føyer det seg inn i rekka av originale kunstneriske val.

God romløysing
Kostymedesignar og scenograf Ingrid Tønder har også gjort gode val i utforminga av rommet. Amfiet er nedmontert og erstatta med eit kvadratisk podium med publikum på fire sider. Pierre Anthon vekslar på å stå i fire ulike stillas som er sett opp bak publikum. Dei er nemnt som plommetre i teksten, men minner meir om jakt-tårn eller heimesnikra trehytter. Slik er Pierre Anthon aldri i sentrum, men heller aldri heilt ute av biletet. Han er med som observatør og kjem med hånlege stikk frå sidelina som driv klassekameratane til vanvidd.

Skodespelarane nyttar heile rommet, i fleire nivå. Dette er ikkje alltid lett å få til i scenesamanheng, det skal vere grunnlag i teksten for å gjere det, og det skal kjennast naturleg. Her har dei lukkast i å spegle den dynamiske teksten i måten dei bevegar seg på. Alle fire sider av publikum vert inkludert og det aktiviserar meg som tilskodar. Dette er eit smart scenografigrep som fungerer godt i dette relativt vesle scenerommet. Handlinga i romanen til Teller finn stad i ein treg tettstad der lite hender. Når eg som tilskodar kikkar rundt meg og ser andlet på alle kantar vert liksom vi ein del av det, vi vert tettstaden, enno lukkeleg uvitande om den skrudde innsamlingsaksjonen som går føre seg i det nedlagde sagbruket i nabolaget vårt.

Ulike reaksjonar
Teller har sjølv uttala at den vaksne lesarskaren til boka ofte finn innhaldet meir makabert enn tenåringane den er skriven for, og eg forstår kva ho meiner. Ungdomane i boka lagar det dei kallar «haugen av betydning». Innsatsen vert stadig meir ekstrem og det toppar seg når den litt rare jenta i klassen, Elise vert utfordra til å ofre den avdøde to år gamle veslebroren sin. Sportsidioten Ole (Andreas Medbøe Thoresen) og Kristen-Kai (Arthur Hakalahti) grev opp den korte barnekista i det som fortonar seg som ei av dei mest urovekkande, men samstundes komiske scenene. Ole tek atletiske tunge spa-tak medan den hysterisk dårlege spadeteknikken til Kristen-Kai vekkjer latter i salen. Det balanserar mellom det usmakelege og det urkomiske og den ekstreme handlinga vekkjer ulike reaksjonar i salen. Tenåringane vert lattermilde og fleire av dei vaksne tek seg vantru til andletet. Scenen skildrar gruppepress som har spunne ut av alle dimensjonar. Når kista er på plass, saman med dei andre offergjenstandane sprekk bobla i lokalsamfunnet, skulestyret og til sist media. «Er dere gått helt av skaftet?» utbryt læraren. «Dette er galskap!» seier foreldra, «Dette er…kunst!» Seier verdspressa, til latter i salen. Dei fire ungdomane sel ”haugen av betydning” til kunstverda for nesten fire millionar og solar seg i glansen heilt til også denne bobla sprekk. Det er Pierre som stiller tusenkronersspørsmålet, «om den haugen var så jævla viktig for dere, hvorfor solgte dere den til høystbydende?» Frustrasjonen toppar seg og dei endar med å drepe Pierre i ei scene som gjer vondt langt inn i sjela. Eg legg særleg merke til råskapen til Sara, (Hina Zaidi) den muslimske jenta som ofra jomfrudomen sin til haugen. Pierre fekk rett, ingenting har lenger verdi.

Litt Breakfast Club, litt Fluenes Herre
Framsyninga er eit nærstudium av gruppedynamikk hjå ungdom. Dømekrafta er visstnok den eigenskapen som tek lengst tid å utvikle hos mennesket. Den er ikkje ferdig utvikla før ein er i midten av 20-åra, og tenåringar stilt under press kan kome til å utføre ekstreme handlingar. Skuleuniformane og gruppedynamikk som tema får meg til å tenkje på romanen Fluenes herre av William Golding frå 1954 der ei gruppe gutar stranda på ei aude øy og dannar destruktive alliansar gjennom sjølvutnemnde leiarar og indre justis. Ein anna referanse som dukkar opp for min del er storfilmen The Breakfast Club av John Hughes frå 1985 der stereotypar som idrettsfyren, utskotet, nerden, skjønnhetsdronninga og friken knyter band gjennom det å sitje igjen på skulen. Vi finn den same bruken av stereotypar her hos Teller. Dette kan synast som eit utbrukt grep, men det fungerer i ungdomslitteraturen, og det får fram bodskapen om at identiteten til ein tenåring ofte kan verke tydeleg frå utsida, men syner seg å vere mangefasettert når vi får trenge gjennom fasaden. I likskap med The Breakfast Club og Fluenes Herre er dette ei historie som torer å grave djupt i menneskematerien. Dette har Brinchmann og ensemblet hennar klart å vidareføre til scenen og resultatet er morosamt, underhaldande og originalt teater av ei bekmørk og makaber historie.

 

 

RELATERTE ARTIKLER +
KOMMENTAR
  • Faith Gabrielle Guss :

    Takk for en grundig analytisk refleksjon som denne dristige, komplekse og fjetrende forestillingen fortjener.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER