S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 18. november 2010

- Ut av byane!

Regissørane Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie (biletet) flytta til Dale i Sunnfjord i 2009 og satsar no for alvor på å produsere teater for turné, med Fjaler som produksjonsstad. – Norsk kunstproduksjon må ut av byane for å bli verkeleg interessant, meiner Kai Johnsen.


Publisert
18. november 2010
Sist endret
26. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ut-av-byane/
Facebook

Regissørane Torkil Sandsund og Miriam Prestøy Lie (biletet) flytta til Dale i Sunnfjord i 2009 og satsar no for alvor på å produsere teater for turné, med Fjaler som produksjonsstad. – Norsk kunstproduksjon må ut av byane for å bli verkeleg interessant, meiner Kai Johnsen.

– At vi busette oss her, var litt tilfeldig. Vi kjøpte hus i Dale på impuls! Så vart vi hijacka av ein kreativ kulturleiar, Ingeborg Tysnes, og ein driftig næringsutviklar, Linda Hovland, og inspirert til å satse, seier Torkil Sandsund til avisa Firda.

Den unge Dale-mannen og sambuaren hans, Miriam Prestøy Lie frå Nesodden, er godt etablerte namn i den norske teaterverda. Sandsund har teaterutdanning frå Paris og Oslo, og har lang erfaring med å regissere stykke for institusjonsteater rundt om i landet. Lie har sitt eige danseteaterkompani med fem produksjonar bak seg, og lang erfaring frå det frie scenekunstfeltet. No startar dei scenekunstproduksjon i Dale. Neste år blir pilotåret som skal vise dei om dette går an.

Ut av byane

Inspirert av det nye lokale tilskotet i kulturlivet, oppretta kommunen arbeidsgruppa Pre Form. Målet til Pre Form er å vidareutvikle Fjaler som ein arena for internasjonal kunst- og kulturproduksjon.

Kai Johnsen, ein av leiarane for Dramatikkens Hus i Oslo, er med i styret for Pre Form. Gruppa, med Ingrid Hansen som leiar, hadde sitt første møte tysdag, og Johnsen flaug inn frå Oslo for å vere med.

– Eg har lenge venta på eit initiativ som dette. I Frankrike og England har vi over lang tid sett at kunstnarane trekkjer ut av byane. Det blir for dyrt å leve der, og kunstproduksjonen blir dermed kommersialisert. Det er på høg tid at den same rørsla kjem hit, sa Johnsen under møtet.

Johnsen har lang erfaring som dramaturg, scenekunstkonsulent i Kulturrådet og leiar i Dramatikkens Hus. Som teatermann har han mellom anna vore med på å løfte fram Jon Fosse: ein tungvektar i den internasjonale teaterverda, som skriv sine stykke med base i Hardanger.

Ståstad

– Det er ikkje tvil om at ein ståstad i bygda påverkar innhaldet i kunsten. Fosse sin dramatikk er prega av hans særeigne bakgrunn språkleg, kulturelt og sosialt, seier Johnsen.

– Det er slikt som er attraktivt ute i verda. Ein lagar ikkje god kunst utan lokal erfaring. På Grünerløkka, der eg bur, er det berre reklame- og filmfolk! Her er livet annleis, eg trur ein lettare kjem i kontakt med basale eksistensielle problemstillingar, seier Kai Johnsen.

Modellen Lie og Sandsund vil jobbe utifrå, blir som følgjer: Dei produserer sjølv idear og manus for sceneproduksjonar. Sidan sel dei inn ideane sine til institusjonar som kan kjøpe framsyninga, til dømes teater, festivalar og Den kulturelle skulesekken. Prøvetida på rundt to månader vil finne stad i Dale. Då vil skodespelarar og teknisk personale bu i bygda for den perioden. Sidan kan stykket sendast ut på turné kvar som helst.

Eigarskap

– På dette viset har vi eigarskapen til framsyninga sjølv, og kan selje den til kven vi vil, når som helst. Ein mykje meir økonomisk modell enn institusjonsteatra, som kastar scenografien og legg stykket vekk etter eit par månaders speletid, seier Lie til Firda.

Paret fortel at neste år blir den verkelege prøvesteinen. Då produserer dei heile tre framsyningar i Dale. Først ut blir barneframsyninga Sølvgeita, med manus av Lie og regi av Sandsund, i koproduksjon med Folkemusikkfestivalen og Rogaland Teater. Prosjektet, som har eit budsjett på 1,3 millionar, blir finansiert delvis av teatra, og delvis av midlar frå Kulturrådet. Stykket er laga med nyvinnande lydteknologi, med lyd frå alle kantar av scenerommet og minimikrofonar som gjer det mogleg å få ei levande geit på scena til å snakke.

– Vi trur dette blir ei heilt spesiell framsyning, seier Lie til Firda.

Ingressfoto: Fjaler kommune


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no