S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 14. november 2013

Urframføring av Fosse på Festspillene i Bergen


Publisert
14. november 2013
Sist endret
26. mai 2023

Nyheter

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/urframforing-av-fosse-pa-festspillene-i-bergen/
Facebook

Jon Fosse. Foto: Wikipedia

Under Festspillene i Bergen 2014 blir det verdspremiere på HAV – eit nytt stykke av Jon Fosse. Stykket vert sett opp av Kai Johnsen, som etter mange år skal regissere Fosse på ny.

Bak produksjonen står Festspillene i Bergen, Hordaland Teater, Det Norske Teatret og Bondeungdomslaget i Oslo. BUL er hovudprodusent.

Namna på skodespelarar og medverkande vil bli kunngjort når festspelprogrammet skal leggjast fram i februar.

– Eg er veldig glad for at stykket får sin urpremiere i samarbeid mellom tre nynorskinstitusjonar og Festspillene i Bergen. Og særleg glad er eg for at Kai Johnsen, som har sett opp så mange av stykka mine, etter fleire års avbrekk, no igjen set opp noko eg har skrive, seier Jon Fosse i følge ei pressemelding frå Festspillene.

HAV har premiere 22. mai i storsalen i Gimle – kulturhuset til Bergen Ungdomslag Ervingen. Til hausten skal framsyninga òg spelast i Oslo.

I HAV vender Fosse tilbake til nokre av dei ideane som har danna viktige orienteringspunkt i forfattarskapen hans, kan Festspillene fortelje.

Stykket utspelar seg kanskje på ein båt på eit hav. Her møtest ulike menneske som delvis er ukjende for kvarandre, og delvis står kvarandre svært nær. I ein overgangsfase mellom liv og død opplever dei livssituasjonar om att, situasjonar som førte til tap og til vinning. Menneska ser seg sjølve utanfrå og innanfrå. Det er eit symbolladd univers, men samtidig prega av Fosse sine leikande og forsonlege «små menneske» som får eit stort lys over liva sine.

Jon Fosse blir rekna som ein av vår tids viktigaste norske forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp meir enn 1000 gonger over heile verda. Han debuterte som dramatikar med stykket Og aldri skal vi skiljast i 1994 på initiativ frå Den Nationale Scene i Bergen. Festspillene i Bergen har tidlegare satt opp fleire urframføringar av forfattaren.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no