Geir Kvarme, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Ola G. Furuseth. foto: Siren Høyland Sæter.

Tre nye fast tilsette

Geir Kvarme, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Ola G. Furuseth blei denne uka fast tilsette skodespelare ved Det Norske Teatret.

Det Norske Teatret skriv i ei pressemelding at teatersjef Erik Ulfsby har beslutta å gi fast tilsetjing ved teatret til skodespelarane Geir Kvarme, Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Ola G. Furuseth.

Om skodespelarane:

Geir Kvarme (54) er utdanna ved Statens Teaterhøgskole og har tidlegare vore knytt til Trøndelag Teater, Nationaltheatret og Olso Nye Teater. Han hadde sitt gjennombrot som skodespelar i rolla som ungguten Tommy i laurdagsunderhaldninga Fredrikssons Fabrikk på NRK på byrjinga av 90-talet, og har sidan også vore å sjå i andre seriar som Nr. 13 og Off-Shore. På Det Norske Teatret har han mellom anna vore med i Jungelboka og Sweeney Todd og Det merkelege som hende med hunden den natta. Kvarme sit også i Kultur- og utdanningskomiteen i bystyret for Oslo Høgre.

Ingeborg Sundrehagen Raustøl (37) var ferdig utdanna frå Statens Teaterhøgskole i 2010. Før dette hadde ho spelt i TV2-serien Hotel Cæsar og vore programleiar i NRK barne-TV. Sidan ho var feridg utdanna som skodespelar, har har Raustøl vore knytt til Det Norske Teatret og spelt i mellom anna Spelemann på taket, Evita, Ulovleg norsk og Bibelen.

Ola G. Furuseth (41) har si utdanning frå Arts Educational Schools i London, og har sidan endt utdanning vore knytt til Trøndelag Teater, Oslo Nye Teater og dei seinare åra til Det Norske Teatret. Han er kjend frå TV-seriane Seks som ossTV2 i tillegg til Halvbroren og Kampen for tilværelsen på NRK. På Det Norske Teatret har han mellom anna spelt Håkon Magnus i Halve Kongeriket – the Musical og vore med i framsyningar som Stort og stygt, Vi som føler annleis og Edda.

 

Denne saken har blitt endret, da det var en feil i pressemeldingen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER