Foto: Øyvind Eide. Scenograf og kostymedesign: Milja Salovaara. Lysdesign: Simon Bennison

Til halsen i sand og kjærleik

Lykkedager er ei tradisjonell framsyning som får fram det særeigne med Beckett si dikting.

Oh les beaux jours eller Happy Days (1961) av Samuel Beckett vender stadig attende til norske teaterscenar. Ut frå det eg kan finne er dette den 12. oppsettinga i Noreg sidan 1964. Dramaet har vore omsett til både Glade dagar og Deilige dager, men her i Øyvind Berg si omsetting har dramaet fått tittelen Lykkedager. Kva er det med Beckett som fascinerer både skodespelarar, regissørar, akademia og oss i publikum?

Beckett er ordknapp når det gjeld replikkane. Dei er korte, konsise og heng ikkje alltid saman, men skildringane av korleis karakterane skal te seg er heller utførlege. Det same gjeld skildringa av scenebileta. Eg tenkjer på Beckett som ein svært visuell og nesten malerisk dramatikar. Når ein høyrer tittelen Vente på Godot ser ein kanskje for seg det gamle inntørka treet med Vladimir og Estragon sitjande under. Når vi høyrer tittelen Lykkedager ser vi for oss hovudpersonen Winnie sitjande inni ein stor sandhaug med berre torsoen over overflata slik Beckett skildrar det i manuset. Handlinga følgjer Winnie gjennom to dagar der ho utfører sine daglege gjeremål, og pratar til mannen sin. Ho står nedsenka i sandhaugen gjennom heile dramaet. Desse ikoniske scenebileta er for min del noko av magien ved Beckett. Han set stemninga med enkle verkemiddel og fortel universelle historier utan at alle replikkane blir nytta for å underbygge bodskapen. Teksten lever sitt eige liv, den er lausriven frå situasjonen og ofte fragmentert, men likevel forstår vi nøyaktig kva som vert uttrykt. Beckett krev sin skodespelar, og denne gongen, i Anne Karen-Hytten sin regi, er det Anne Krigsvoll som speler Winnie i sandhaugen og makker Kim Haugen som speler Willy, ektemann og taus livspartner.

Nesten ei soloframsyning
Lykkedager må seiast å vere det næraste ein kjem ei soloframsyning utan at det er det. Dramaet handlar om ekteparet Winnie og Willie som har vore gift i mange år. Winnie er ei kvinne på rundt 50. Willie er eldre, nærare 60. Winnie er navet i framsyninga og leverer nesten alle replikkane. Willie har omlag fire linjer, om ein held konsonantfrie akk og stønn utanfor.

Fordelinga av replikkar gjer at mykje står og fell på skodespelar Anne Krigsvoll. Ho debuterte på Nationaltheatret i 1982, og har arbeidd der sidan. I tillegg har ho gjennom ein lang karriere spelt i storseriar som Vestavind (1994), Berlinerpoplene (2007) og Lilyhammer (2012). Winnie har i Anne Krigsvoll si tolking noko levd og værhardt over seg, ho er trøytt for livet har tært på kreftene, men samstundes er ho optimistisk og nøgd med tilværet. Både livserfaring og sceneerfaring kjem godt med i ei slik rolle, og Krigsvoll auser raust frå begge kar. Det same gjeld makker Kim Haugen. Ein god jazzmusiker veit nøyaktig kvar han skal ligge i lydbiletet utan å fortrenge dei andre. På same måte vil ein skodespelar i ein så liten, men så viktig rolle, måtte kjenne denne balansegangen. Dette gjer Kim Haugen, og dei to skodespelarane får meg som tilskodar til å slappe av for vi kjenner at den litt vanskelege Beckett er i trygge hender.

Winnie er kledd i eit kvitt korsett med nakne aksler. Håret er sett opp bak og leppene er tindrande raude av leppestift. Dette ser vi dersom vi nyttar teaterkikkerten vi vart tildelt før vi gjekk inn. Det er nyttig å kunne veksle mellom å studere detaljar i mimikken gjennom kikkerten og det å kvile augne i det store scenebiletet. Sandhaugen er denne gongen laga av noko som liknar drapert silke. Det tynne, kvite, blanke stoffet går i eitt med korsettet til Winnie, og dannar ein enorm kjole som fyller hovudscena i både djupn og breidde. Milja Salovaara har designa både kostymane og scenografien. Lysdesignar Simon Bennison får med repertoaret av lysfilter sanddynene til å gløde i morgonlyset og svalne til blålige nyansar i kveldstimane. Scenografien er ein taktil fest for auget, og synet av bugnande silkeaktige stoff som heng frå taket er både minimalistisk og storslagent lik ein perfekt drapert brudekjole.

Brysomme Beckett
Som fersk student i eit dramaturgiemne i teatervitenskap valde eg meg Beckett og Vente på Godot. Beckett freista fordi han er både absurd og symbolmetta, noko som inviterer til tolking. Han byr på utfordringar for både akademikarar og teaterskaparar. Beckett er en kode som må løysast for kvar gong ein set han i scene. For akademia er han også brysam fordi rørsla vi omtalar som det absurde teateret, med Samuel Beckett og Eugene Ionesco og ein ung Harold Pinter, eigentleg ikkje er noko organisert kunstrørsle. Den har heller ingen tydeleg frontfigur. Den kan såleis ikkje forklarast gjennom manifest og filosofiske idear slik som surrealismen eller dadaismen. Kanskje nettopp difor klør akademikarane etter å skrive, tolke og forstå Beckett.

Det at han i 1969 vart tildelt Nobelprisen i litteratur, har heller ikkje verka negativt på populariteten. Beckett er kanskje abstrakt i forma, men hadde ein flytta Winnie og Willie ut frå sanddyna og plassert dei på ein campingplass i kvar sin solstol hadde linjene i dramaet fungert like godt. Når alt kjem til alt er det kjærleiken det handlar om. Her i Anne-Karen Hytten sin regi får vi sjå ei framsyning utan store sprell. Det er Beckett rett fram med skodespelarane i høgsetet. Det er rett nok ei ny omsetting, men likefullt ei tradisjonell tolking som får fram det særeigne med Beckett si dikting.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER