S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 14. mai 2021

Teateropplevingar som omsluttar oss

Foto: Thomas Gallagher/Feil Teater


Publisert
14. mai 2021
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Dagen ingenting rart eller kriminelt skjedde i banken,

Feil Teater, premiere 13. mai 2021

Konsept og manus: Vilde Johannessen, Didrik Hagberg, Thomas Gallagher Skuespillere: Didrik Hagberg, Ingeborg Larsen Foto, video og plakat: Thomas Gallagher Produsert av: Feil teater og Sentralen UNG

Meld 13. mai 2021


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/teateropplevingar-som-omsluttar-oss/
Facebook

Feil Teater kunne ha heve ambisjonsnivået, men dei utforskar på fint vis korleis ein kan lage omsluttande teater for born, og det håpar eg dei vil gjere meir av.

Teaterkompaniet Feil teater har sett seg føre å laga ei koronavenleg utandørsframsyning som passar for aldersgruppa 5 år og oppover. Konseptet minner litt om krimgåta på mjølkekartongane ved påsketider, og kompaniet inviterer publikumet med på ei vandring som startar utanfor Sentralen og endar opp i parken ved Kontraskjæret. Det er godt gjort å få stabla på beina ei framsyning med så mange restriksjonar i samfunnet. Kapasiteten er sjølvsagt liten ved kvar framsyning. Berre om lag 13 personar er tilstade på den fyrste visninga. Vi vert bedne om å halde to meters avstand til skodespelarane fordi dei luktar rart og ein meter til dei vi ikkje kjenner. Så er vi klare til å gå.

Detektivar på vandring Billie Brutto, ei dame i lyselilla buksedress og matchande lilla hår møter oss framfor Sentralen og inviterer oss med på avdukinga av Christiania Sparebank sin store diamant. Ho fortel at banksjefen gjerne skulle vore der saman med oss, men han er på ferie på Caymanøyene. Sjokk og vantru breier seg i forsamlinga då det viser seg at diamanten er borte. Det store spørsmålet er , kven har stole diamanten? Borna vert introdusert for etterforskaren Banksy Two-Blade McRock, som stilmessig ser ut som parodien på ein Weekday-butikk. Han har svart patentlærsfrakk og bøttehatt, smale, gule, kattebriller, magetaske over skuldra og kvite Buffalo-sko. På ryggen ber han med seg ein kompakthøgtalar som skal kompletterer historia med riktig musikk for situasjonane, men som gjerne kunne vore betre utnytta. Med denne litt brautande og sjølvsikre typen som lagleiar vert borna oppmoda til å leite etter spor som leier oss til neste etappe i detektivhistoria. Fyrste spor leier oss til Wenche Guldbrandsen sin statue Hansken frå 1997. Der finn vi ein pose med gjenstandar som leier oss til neste post, og slik er framdrifta sikra.

Leiken i spelet Spelestilen til skodespelarane er utstudert og overdriven, ja, nesten karikert på ein måte som eg assosierer med situasjonskomedier for born på sendeflater som Disney-channel. Det verkar som om barnepublikumet i likskap med meg måtte bruke dei fyrste minuttane av framsyninga på å bli varme nok i trøya til å hive seg med og delta, men snart ivrar dei etter å løyse oppgåvene dei får. Leik er eit viktig stikkord her. Slik eg hugsa det frå eigen barndom var det gjerne dei eldste borna som skapte premissgrunnlaget for leiken, medan det var opp til dei dei yngre ungane å leve seg inn i situasjonane og spele det ut. Denne dynamikken finn vi her også, berre representert gjennom skodespelar og tilskodar. Utan oss som diltar etter og gjer som vi blir fortalt, kollapsar narrativet og leiken døyr. Heldigvis for initiativtakarar Vilde Johannessen, Didrik Hagberg og Thomas Gallagher er innsatsen til barna veksande og blir størst mot slutten.

Omsluttande teater Med svært få verkemiddel har Feil teater skapt ei engasjerande oppleving som inviterer ungane med inn i hendinga både fysisk og verbalt. Jakta etter spor er kanskje i lettaste laget for somme av dei frammøtte, og eg stussar på om dei har sett seg ei øvre aldersgrense også, for 8-åringane som er med er ivrige, men deltakarane burde ikkje vere så mykje eldre før det vert for enkelt. Parallellen til «escape-rooms» der ein kjem vidare til neste rom ved å løyse oppgåver, er openbar. Dette er ei teaterform som er høgst kommersiell og som gjerne ikkje vert tenkt på som teater eller scenekunst. Likefullt er det rekvisittar, scenografi, eit narrativ, ei oppgåve og levande karakterar. Når ein som teaterskapar er tvunge til å jobbe under eit sett med reglar for smittevern vert ein nøydd til å finne nye løysingar og format. Immersive theatre eller omsluttande teater er ei teaterform som vi forbind med deWangen-produksjoner her i Norge, SIGNA i Danmark og Punchdrunk i England. Dette er i høgste grad kompani som har blitt tatt inn i varmen som nyskapande scenekunst, sjølv om særleg Punchdrunk er blitt ei av dei største pengemaskinene teaterscenen har fostra dei seinare år. Poenget mitt er, uansett om det er inne i varmen som godt teater eller ikkje, om det er kommersielt eller ikkje, er desse omsluttande teaterhendingane komne for å bli. Med visse justeringar er dette eit teaterformat som kan fungere godt med koronarestriksjonar fordi det kan finne stad ute eller i store lokalar med fleire rom og legg opp til sirkulasjon og mindre grupper om gongen.

Dagen ingenting rart eller kriminelt skjedde i banken ber med seg element frå det omsluttande teateret, men dei kunne godt heva ambisjonsnivået. Framsyninga er lita i omfang med få sceniske verkemiddel, ingen scenografi, nesten ikkje lydbilete og kun to aktørar i Didrik Hagberg og Ingeborg Larsen som gjer ein flott innsats. Utan at eg veit kor mykje tid og ressursar som har gått med på dette, trur eg det fins eit publikum for denne type interaktive opplevingar. Det står ikkje på dei menneskelege ressursane hos Feil Teater, og eg håpar dei vil lage meir omsluttande teater for born der ambisjonsnivået er høgare enn vi kan tillate oss i eit koronastengt scenekunstfelt. Då eg var liten var teater eit format som innebar scenegardiner og eit tydeleg skille mellom scene og sal. Dette skal sjølvsagt få lov til å vere med inn i framtida, men i tillegg håpar eg at det vert like sjølvsagt for borna at teater inneber ein invitasjon inn i teaterhendinga.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no