Det Norske Teatret Foto: ukjent

Teater på søndagar på Det Norske Teatret

I slutten av april skal Det Norske Teatret (DNT) / Norsk Teater- og Orkesterforening (NTO) og Spekter møte Norsk Skuespillerforbund (NSF) i Arbeidsretten. I dette debattinnlegget gjør teatersjef Erik Ulfsby rede for Det Norske Teatrets side av saken.

I slutten av månaden skal Det Norske Teatret (DNT) / Norsk Teater- og Orkesterforening (NTO) og Spekter møte Norsk Skuespillerforbund (NSF) i Arbeidsretten. Spørsmålet retten skal ta stilling til er ikkje om teatret kan spele på søndagar eller ikkje, slik det kan sjå ut som enkelte trur. Spørsmålet er om dette kan regulerast av ein lokal avtale, eller om det må ein sentral avtale til.

NSF meiner at søndagsframsyningar som ei fast ordning må avtalast sentralt, og har derfor valt å ta ut søksmål. Spekter, NTO og DNT tolkar tariffavtalen slik at det er høve til å avtale søndagsframsyningar lokalt. Dette skal Arbeidsretten no ta stilling til.

Eg ønsker med dette å klargjere nokre fakta i saka, legge fram vårt syn og gjere greie for Det Norske Teatret sin praksis. Uavhengig av kva ein måtte meine om teater på søndagar, er det ein fordel om alle kjenner til grunnlaget for den konkrete usemja mellom NSF og DNT/NTO.

Søndag, tariffavtalar og det formelle
NSF og NTO/DNT er altså einige om at ein kan spele på søndagar. Av NTO sine 20 medlemsteater, som er tilslutta avtalen mellom Spekter/NTO og NSF, spelar 16 av dei allereie på søndagar. NSF meiner altså at DNT ikkje kan innføre søndagsspeling som ei fast ordning utan at det blir gjort ein ny, sentral avtale. På Det Norske Teatret var partane einige om ein lokal avtale, som gjaldt fram til april 2016. Avtalen inneheldt mellom anna ekstra kompensasjon for arbeid på søndagar. Da avtalen gjekk ut ønskte teateret å forlenge den og/eller innføre den som ei fast ordning. Dette ønskte ikkje NSF, fordi dei vil ha ein sentral avtale for alle teatera.

Søndag, kunst og refleksjon
Søndag bør vere ein dag for refleksjon og aktivitetar som ikkje blir prega av kommersielt konsum. Det Norske Teatret sitt ønske om søndag som speledag må ikkje sjåast i samband med debatten om søndagsopne butikkar. Tvert om. Søndag skal vere ein annleis dag, ein dag for opplevingar og ein dag for kulturelt påfyll. For nokre tiår sidan var norske museum stengde på søndagar. Det er vel knapt nokon som meiner at det vil vere ein fordel om musea igjen blei søndagsstengde. Også kinoane og dei fleste konsertarenaene er opne. Det bør teatera her til lands òg vere, slik dei er det i nesten alle land vi kan samanlikne oss med.

Søndag, kunst og barn
Det Norske Teatret har ein lang og stolt tradisjon for å skape nytt teater for barn. Teateret sin strategi er at vi til kvar tid skal ha eit godt og relevant tilbod for dei minste. Kvar veke, heile året. Og det skal vere nyskapande. Skal ein lykkast med ei slik satsing så er det viktig å kunne spele på tidspunkt da det er mogleg for heile familien å komme. Vi har over tid erfaring med at det er vanskeleg å nå fram med nytt og ukjent materiale på vekedagane. Det er opplagt at det ikkje er særleg attraktivt for ein familie å hente barn kl. 16, dytte i dei ein banan på trikken, sjå framsyning kl. 17, for så å dra heim og rett i seng. Er stykket tilstrekkeleg kjent, sit det kanskje ikkje så langt inne. Men for oss som satsar på nytt, og ofte stort, musikkteater for heile familien ser vi at det er avgjerande forskjell på vekedagar og helger. Det er med andre ord viktig for utviklinga av norsk barneteater at vi kan tilby framsyningar på tidspunkt og dagar som passar spesielt godt for målgruppa. Laurdag og søndag er slike dagar.

Søndag, skodespelarar og fritid
At teateret har eit tilbod til publikum på Hovudscenen søndagar betyr ikkje at den einskilde skodespelaren speler kvar søndag. I gjennomsnitt spelte skodespelarane ved Det Norske Teatret om lag tre søndagar i 2016.

Søndagsaktiviteten må også sjåast i samanheng med resten av teaterets speleplan: DNT er eit repertoarteater, og speler sjeldan same framsyning meir enn eit par gonger kvar veke.

Vi speler heller ikkje måndag kveld. Som ein konsekvens av søndagsteateret har vi òg innført prøvefri på laurdagar. Vidare har vi valt å ikkje spele på vesle julaftan, 2. juledag og 17. mai, i motsetnad til kva dei fleste andre teater gjer. For mange vil det vere viktigare med fri desse spesielle dagane enn fri tre søndagar. I sum har skodespelarane ved Det Norske Teatret langt fleire kveldar heime enn skodespelarar ved teater som speler same framsyning fem eller seks dagar i veka. I periodar er det sjølvsagt også hos oss mange arbeidskveldar i veka for nokre skodespelarar. Men da kjem det gjerne rolegare periodar etterpå. I snitt er skodespelarane ved Det Norske Teatret på arbeid to kveldar i veka. Snittet gjennom eit år er altså i klar favør av frikveldar. Skodespelarar opplever stor forskjell når dei skifter arbeidsplass frå teater der ein spelar kvar kveld og inn i repertoarspelet hos oss. Vi meiner rammene vi tilbyr er langt meir familievennlege for skodespelarane.

Den lokale avtalen DNT hadde med NSF om søndagar inneheldt ekstra økonomisk kompensasjon for søndagsspelinga. Som nemnt er gjennomsnittet for 2016 rundt tre søndagar på arbeid, mens den skodespelaren som hadde flest i 2016 spelte 11 søndagar. Etter at den lokale avtalen gjekk ut har teateret halde fram med å kompensere dei som speler meir enn seks søndagar per år, i tillegg til ein kompensasjon per time. Vi ønsker å vidareføre dette.

Søndag, moglegheiter og nye jobbar
Å ha eit tilbod til publikum på søndagar har gitt teateret auka inntekter. Dette er inntekter som går til auka kunstproduksjon og til å tilsette fleire kunstnarar: I perioden 2010-2017 er det blitt heile 8 fleire skodespelarårsverk på DNT. I tillegg har vi tilsett fleire dramaturgar og sysselset fleire musikarar enn før.

Altfor mange unge og gåverike skodespelarar går ledige i Noreg. Om fleire teater bruker søndag som speledag er det ikkje urealistisk å sjå for seg at det vil komme eit trettitals nye skodespelarårsverk innanfor institusjonane.

Søndag, offentleg ansvar og publikum
Det Norske Teatret er finansiert av staten. Kvart år mottar vi eit betydeleg tilskot for at eit kvalitativt godt og breitt samansett repertoar skal vere tilgjengeleg for eit stort publikum. Dette tilbodet må vere der når publikum etterspør det. Teateret er stengt alt for mange av årets dagar slik det er, med påske-  sommarlukking og andre fridagar.  Til samanlikning er dei store musea stengt frå 3-11 dagar i året, og kinoane har ikkje stengt i det heile eller berre eit par dagar pr år. Vi må  i det minste sørge for at teateret er langt meir ope enn stengt i løpet av eit år. Det meiner eg er ei forplikting overfor publikum.

Til slutt: Eg er stolt over å vere teatersjef på eit teater som har så mange dyktige, hardtarbeidande og ambisiøse skodespelarar. Saman med dei og dei andre medarbeidarane har vi klart å utvikle eit omfattande kunstnarleg tilbod med høg nyproduksjon og stort spenn – og altså teater på søndagar. Lokalt hadde vi funne ei god ordning. Men NSF sentralt ønsker at dette skal vere nedfelt i ein sentral tariffavtale. Det er eit syn vi ikkje deler. Det er store variasjonar i det norske teaterlandskapet, og dei beste løysingane kjem ein etter vår meining fram til lokalt.

På Det Norske Teatret har omlegginga så langt ført til at skodespelarane har fått meir fri i helgene, fleire skodespelarar er tilsett, og ikkje minst, eit betre tilbod til eit stadig større publikum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER