S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Elin Høyland – 7. mai 2018

Svoltvariasjonar

Foto: Erik Berg. Koreografi og scenografi: Jo Strømgren. Kostymer: Bregje van Balen. Lysdesign: Stephen Rolf (Sult).Medvirkende: Nasjonalballetten


Publisert
7. mai 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Dans

Sult og Utkanten, Den Norske Opera og Ballett, premiere 26. april, anmeldt 28. april 2018

Koreografi og scenografi: Jo Strømgren Musikk: Maja S. K. Ratkje, Evert Taube, Giacomo Puccini, Viljo Vesterinen Kostymer: Bregje van Balen Lysdesign: Stephen Rolf (Sult), Jo Strømgren (Utkanten) Medvirkende: Nasjonalballetten, Maja S.K. Ratkje


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/svoltvariasjonar/
Facebook

Med si dobbeltframsyning ved Nasjonalballetten stadfester Jo Strømgren sin originale signatur som scenekunstnar, men i ei overkonstruert tematisk ramme, som berre rører ved overflata av svolt som fysisk og eksistensiell tilstand.

Nasjonalballetten inviterer i desse dagar til å oppleve to verk av huskoreograf Jo Strømgren, satt saman til to akter på ein kveld. Utkanten som blei produsert for GöteborgOperans Danskompani med urpremiere i 2011, figurerer scenisk som ei form for oppvarming til upremiera på Sult, men fungerer meir som ein lett forvirrande kontrast som tilfører lite til det som vel trekker storparten av publikummet: Strømgren pluss Hamsun pluss komponist Maja Ratkje. Heller ikkje her blir det fulltreffar trass sterke sceniske enkeltkomponentar.

Vaudeville på bygda Utkanten byr som enkeltframsyning utvilsamt på gode dosar av Strømgren sin karakteristiske teaterestetikk, kor dansen møter element frå dramatikken, dokketeater, filmestetikk, og slapstick i retning vaudevilleteateret. Det er med andre ord ein cocktail av estetiske referansar som møter publikum i Utkanten. Det svenske narrativet og karaktergalleriet i framsyninga gir og sterke assosiasjonar til Roy Andersson sine dystre, komiske filmtablå, Ari Kaurismäki sine karakterteikningar i brutal, men poetisk sosial-realisme, dyppa i beksvart humor, og eit teikneserieunivers som kanskje berre finnast i Jo Strømgren sitt hovud som førelegg for scenisk surrealisme.

Utkanten er forteljingsteater kor historia er lagt til ein liten svensk landsby, i den store verda, i 1964. Ein voiceover på svensk fører oss gjennom den knapt timelange framsyninga. Som i ein stumfilm trer dansarane inn og ut av scena via husveggkulisser, og det sceniske språket speler på vekslinga mellom dei som sitt på innsida og kikkar ut, og det som skjer på ”medborgarplatsen”.

Det blir relativt raskt tydeleg at det ikkje berre handlar om tilhøvet bygdedyr, stramme fasadar og fortrengde indre liv, men og om tilhøvet mellom det tilsynelatande statiske og det transformerbare. For i det eit mystisk mord oppstår på marknadsplassen (i den altomveltande scena kor banksjefen i landsbyen ikledd indianarfjærpryd skyt ei dame med pil), velter det på med narrative og sceniske påfunn sentrert rundt inntoget av katolisismen til det litle samfunnet.

Det er absolutt nok av grunnar til å kjenne seg underhaldt i det som utspeler seg på scena, men dei narrative haldepunkta er skrale, og heilskapen gir meg ei kjensle av at dette må ha falt i betre jord i møte med eit svensk publikum kor dei kulturhistoriske referansane nok kjennest nærare, og dermed og den humoristiske klangbotnen. Høgdepunktet utspeler seg når kaoset landar i eit sakte-film-tablå, kor alle karakterane nærast svever om kvarandre bak vindauget. Eit estetisk grep Strømgren med hell har nytta seg av heilt tilbake til gjennombrotssuksessen A tribute to the Art of Football. Her kunne ein nyte fotball- og dansekunsten i ein humoristisk, og ofte vakker, scenisk hyllest til sportens estetiske kvalitetar. I Utkanten kjem grepet med rørsle i saktefilm-modus inn som eit komi-poetisk resymé av utviklinga i og mellom karakterane i stykket, i tillegg til å vere danserisk slåande i all sin plastisitet.

Hungeren etter drama, og eksistensen av dette i sjølv det mest (tilsynelatande) søvnige og stivna landsbyliv blir navet i ei oppsetjing som virvlar seg inn i ein burlesk komedie. Med Kristian Alm, Camilla Spidsøe, og fleire sterke dansarar i ensemblet, held det sceniske drama høg kvalitet fysisk sett, men ender både som tekstleg og scenisk forteljing over i ein forvirrande kaotisk (multi)kammerspelstruktur.

Svolt i musikalsk draumeland Med Sult går me inn i eit nærast diametralt motsett sceneunivers. Der Utkanten har sitt fokus på kollektivet sine mange figurar, legg Sult sitt fokus på det moderne individet sin indre dragkamp mellom eige sinn og ytre realitetar, i tråd med Hamsuns roman. Både romanen og sceneframsyninga fokuserer på sinnstilstanden som oppstår i individet i ein industrialisert bykultur.

Scenerommet blir opna opp både i djupna og breidda, og scenografien er meir nedstrippa enn i det småklaustrofobiske scenerommet i Utkanten. Voiceover-narrativet blir erstatta med ein live-komposisjon av komponist og performanceartist Maja Ratkje. Sitjande ved eit gammalt pumpeorgel plassert på ein dresin (gammaldags jernbanevogn), glir Ratkje inn på scena i sitt element; musikken som både auditivt og performativt medium.

Sult er som sceneuttrykk er utvikla i samspelet mellom konseptutviklar og koreograf Strømgren, musikar og kunstnarisk medsøster Ratkje (ifølgje Strømgren sjølv i Kulturhuset, P2), og dansarane i Nasjonalballetten, med Silas Henriksen i hovudrolla som den sultne forfattaren, og Julie Gardette som den eventyrleg framstilte Ylajali.

Der Utkanten stod fram som eit sjablongteater med sitt teikneseriaktige karakterunivers, blir Sult meir til ein poetisk pastisj over Hamsuns roman der Maja Ratkjes musikalske univers med gjennomgåande omnipotent kraft styrer scenerommet. Frå ho kjem inn på scena får publikum eit naturleg optisk interessepunkt i tillegg til det musikalske. Ikledd raud silkekjole og med langt svart hår nedover ryggen, blir ho til ein sterk visuell kontrast til scenebilete som elles er prega av ulike nyansar grått. Musikken har koloritt av det romantiske, med innslag av skillingsviser og eit eige språkunivers som dreg oss ytterlegare over i det draumeaktige. Samtidskomponisten og lydkunstnaren Ratkje bryt opp romantiske tonar frå pumpeorgelet med hvesing, plystring, susing frå ein viftetrommel og tromming på kassekrakken ho sit på. Det heile er ein performance i seg sjølv som gjerne kunne inspirert koreografien til å ta større risiko. For tross enkelte surrealistiske innslag i Henriksen sin figur, er det eit gjennomstilisert og kontrollert danseensemble som pregar scenerommet.

Unntaket er ei elskovscene, utspela i loftsrommet på toppen av ein av bygningskulissane. Her går Henriksen som den sveltande forfattar, og Julie Gardette som Ylajali, inn i ein nærast mekanisk pasjons-scene. To nakne overkroppar, og eit litt for trangt rom, blir her til eit eige lysande innslag i heilskapen kor det kroppslege og musikalske går opp i ein felles poetisk eining. Det grå rommet skifter frå kaldt til varmt lys, og det stiliserte scenespråket går over i eit intimt, skulpturelt uttrykk. Dette blir berre eit glimt av korleis det danseriske og scenografiske uttrykket med fordel kunne lagt seg nærare Ratkjes organiske formspråk, for å ta oss med på innsida av hovudkarakteren sitt sinn. Framsyninga emner ikkje å ta oss til innsida av dette sinnet, medan det musikalske rommet gir oss ei kjensle av eit anna rom men som blir ståande som kontrast til scenebilete for øvrig. Kontrasten fungerer som metafor på framandgjeringa kunstnarsjela til hovudkarakteren lever i, men blir for enkelt oppstilt til å trekke oss inn i dramaet. I alle fall blir det grå bybiletet med komisk tilsnitt i kombinasjon med Ratkjes 1890-koloritt på lydbiletet langt meir romantisk anlagt enn det brutale Christiania Hamsun skriver om.

Svak programmering Eg kan slutte meg til kritikaren på Ballade.no som ønskjer seg ein opera komponert av Ratkje etter dette, og kunne samstundes ønske meg ein vidareført versjon av Sult, kor triangelet Strømgren, Ratkje og Nasjonalballetten kunne gitt samarbeidet eit par omdreiningar til. Strømgren har gjort eit spennande og interessant val med å invitere Ratkje inn i prosjektet, og ei vidare utvikling av dette samarbeidet kan vere noko å håpe på.

Framsyninga ber no på eit multikunstnarisk superpotensiale, men hamner i eit litt for tannlaust landskap som danseteater trass teknisk høgkvalitet, og gir oss slik sett eit tilsvarande tannlaust bilete av det Christiania og/eller plaga kunstnarsinnet framsyninga latar til å invitere oss inn til. Kanskje er balletten beint fram for vakker for Sult? Eg kom i alle fall ikkje i nærleiken av å kjenne tilstanden svolt på kroppen. Ensembledans med kniv og gaflar og forfattaren med den store blyanten var gjennomgåande tema som sit igjen som platte bilete på eit grunneksistensielt tema, som heller aldri blei komisk forløyst.

I høvet 10-årsjubiléet for operaen i Bjørvika kunne det vore interessant å sjå ein større presentasjon av huskoreografen Strømgren sitt kunstnarskap og produksjonshistorikk i samband med ur-premiere på Sult, heller enn eit scenisk tverrsnitt ved å kople to så ulike framsyningar saman til éi.

Den blir diverre ståande igjen i gråsona mellom interessant nyskaping og ei framsyning kor ballett, teater og musikk framstår i litt for enkle koplingar og eit konseptuelt grep kor komikken og romantikken stakk hol på tragedien, men utan å ta over historia.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no