Hallvard Bakke. Foto: Telenor

Styreleiar Bakke: Borte-borte, tit-tit

Hallvard Bakke gjer comeback som styreleiar i Carte Blanche. Fylket la i går fram eit topptungt forslag til nytt styre der Bakke er leiar, medan alle statlege og kommunale representantar er skifta ut.

Hordaland fylkesting held møte i går, 16. oktober. På møtet vart nye styrekandidatar til Carte Blanche lagt fram. I ei pressemelding seier fylkestinget:

"Hordaland fylkesting har samrøystes føreslege følgjande personar som staten sine representantar i styret for Carte Blanche: Hallvard Bakke, Ruth Grung, Svedin Halleraker og Laila Dåvøy. Fylkestinget føreslår Hallvard Bakke som styreleiar."

Hallvard Bakke trekte seg som styreleiar i september avdi han var usamd i eit vedtak fleirtalet i styret gjorde. Bakke meinte vedtaket greip inn i råderetten til dagleg og kunstnarleg leiar i Carte Blanche i ei oppseiingssak.

Det vart kalt inn til ekstraordinær generalforsamling, og Kulturdepartementet gav Fylkeskommunen ansvar for å avgjera om staten som eigar hadde tillit til styret som sat att. Fylket vil no ha nye folk inn på alle statlege plassar i styret og har innstilt Bakke som leiar.

Bergen kommune fristilte i går òg sin styrerepresentant, Kristine Drake.

Bakke var kulturminister i Brundtland-regjeringa frå 1986 til 1989, då Carte Blanche vart skipa som nasjonalt dansekompani. Han har seinare vore styreleiar i NRK, der kulturministeren er generalforsamlinga.

Hallvard Bakke kom attende som styreleiar i Carte Blanche i 2001. 

 

Ruth Grung er gruppeleiar for Ap i Fylkestinget. Ho var medlem av bystyret i Bergen frå 2003 til 2011 og var kommunalråd i fem av desse åra. 

Laila Dåvøy sit på Stortinget for Hordaland KrF, i Arbeids- og sosialkomiteen. Ho har vore barne- og familieminister og arbeids- og administrasjonsminister.

Svedin Halleraker er truleg sivilarkitekt Svein Halleraker, leiar i Stord Høgre. Han sit òg på Fylkestinget.

Generalforsamlinga i Carte Blanche skal velja nytt styre 18. oktober.

Carte Blanche har tre eigarar som utgjer generalforsamlinga: Den norske stat, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. 

Lenker til pressemeldinga og vedtektene til Carte Blanche finst til høgre.

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER