Foto: David Zadig. Scenografi og kostyme: Silje Sandodden Kise Lysdesign: Silje Grimstad

Sterkt, stumt og sviande

Frustrasjon og sakn uttrykt gjennom dansing, dunking og skramling med kjørel. Traume frå krig og flukt kjem skyljande som bølgjer. Og ikkje eitt ord vert sagt.

Den fysiske teaterframsyninga Jølster hotell bygger på boka med same namn av Katrine Sele. Hotellet blei asylmottak i 2010 og har vore det frametter. Sele fortel historiene til Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen om livet på mottaket og den evinnelege ventinga på livsteikn frå heimlanda. Men det einaste som kjem er uforståelege brev frå UDI.

Livet i boksen
Scena er ein firkanta boks midt i rommet med publikum på alle sider. Vi følgjer handlinga gjennom store opningar i dette buret, boksen er eit grindverk kledd med lappar av ulike stoff. Inne i kvart hjørne heng skap med kjøkenutstyr og ein flippover, slik at alle ser minst ein av dei. Fire bord og fem stolar utgjer inventaret, som stadig skiftar plassering og form, men og vert nytta som brutale rytmeinstrument. Lyd og lys spelar godt og effektfullt ilag og fyller rommet der ein er vand med dialogar.

Fem asylsøkjarar frå ulike land, med ulike språk og historier. Felles har dei den evinnelege ventinga. Får eg positivt eller negativt svar? Felles er òg draumen om eit liv utanfor denne boksen, enten dei får lov til å byggje seg ein ny heim i Noreg eller ikkje. Er det noko poeng i å prøve å byggje seg ein ny, mellombels heim på det gamle sveitserhotellet på Jølster?

Ordlause historier
Dei fem dansar sakn, frykt og håp. Dei dundrar nevane i bordet så heile salen kvepp og sjølv kjenner på denne angsten som berre vert sterkare og sterkare, i flyktningleiren, på veg over havet, i ein lukka lastebil, til eit venterom i Sunnfjord. Ikkje eitt ord vert sagt, men vi høyrer roande nynning, stønning, skrik og fjerne samtalar slik røyster høyrest ut under vatn. Det er lydbileta, rytmane og rørslene – dans utan musikk – som fortel desse historiene. Fem menneske i uformelege joggedressar, andlet gøymd inne i hettene sine. Det er ein kraftfull og intens prestasjon av dei fem. Ein treng ingen ord for å formidle korleis ei grotesk massevaldtekt vert opplevd, verken av offeret eller overgriparane.

Det er ikkje store plassen dansarane har å boltre seg på. Borda tek det meste av golvplassen, så dei beveger seg rundt og opp på borda, halvvegs ut av vindauga, ut mot oss som sit på utsida og kikar inn på dei. Dei er flyktningar på utstilling. Det er fascinerande korleis den einslege taklampa midt i boksen også vert nytta som ein lyskastar ut på publikum, slik at dei på motsett side av oss vert ein del av scenebiletet, og vice versa. Ut av den grå gruppa med asylsøkjarar trer menneska fram, enkeltpersonar med ulike kulturar og språk, som heller ikkje forstår kvarandre. På bordet står ei postkasse. Det kjem brev. Men aldri brevet kvar enkelt ventar på. Vonbrot kvar einaste gong.

Felles framtidsangst
Regissør Jeff Pedersen har bakgrunn frå fysisk teater og har tidlegare sett opp mellom anna Det gule tapetet på det tidlegare psykiatriske sjukehuset Harastølen i Sogn, der også publikum sat på kvar si side av scena og dermed opplevde dramaet noko ulikt. I boka gjekk Katrine Sele inn og lét lesaren sakte bli kjent med dei ulike lagnadene, og på same måten klarer Pedersen å formidle alle dei sterke kjenslene som er klemt saman på eit lite areal. Vi får sjå kor metta lufta til tider kan vere av frykt, sinne, lengt og avmakt – men og fylt av von og omsut for kvarandre. Sele har vore med som dramaturgisk konsulent.

Mot slutten vert dei fire grindene opna som ein invitasjon til publikum om å kome inn og drikke ein kopp kaffi. Men vi vert sittande. Det er koronatider. Hadde vi gått inn om det ikkje var korona? Gjekk vi inn då vi hadde eit asylmottak i nærleiken? Tok vi imot invitasjonen frå den nye naboen? Pandemien vi er midt oppi gjev Jølster hotell ein ekstra dimensjon, det er ikkje berre flyktningar med livet på vent som kjenner på uvissa og ei gnagande uro for framtida. Positiv eller negativ? Når tek dette innestengde livet i boksen slutt?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER