S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 4. juni 2018

Statsviter sa du?

Foto: Eirik Blekesaune. Avbildet: Snelle Hall og Siri Jøntvedt.


Publisert
4. juni 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kommentar Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/statsviter-sa-du/
Facebook

Tankar frå ein nyutdanna teaterviter i etterkant av teatervitenskapleg dugnad i Bergen.

«La oss leve for hverandre» song dansebandet Gluntan i 1969 i ei av sine verste landeplager. Lever teatervitarane – i for stor grad – kun for kvarandre, eller er det bruk for oss i resten av samfunnet også? «Ja» er det rungande svaret vi får. Av oss sjølve. Og «ja» er det rungande svaret vi får av teatermiljøet i Noreg, kvar gong dei vert spurt om å signere ein underskriftskampanje for eit nedleggingstruga studium. Men meiner dei dette i praksis? Kva skal til for at vi ikkje skal bli underlagt andre fag, nedskalert, omorganisert og til slutt nedlagt? Kva skal til for å få folk med bachelor, master eller PhD ut i kule, trygge stillingar? Er vi for marginale? Ja, kanskje vi er det. Skriv vi for dårlege kronikkar? Tja, kanskje vi gjer det. Det er mogleg at teatervitenskapen har ei alvorleg profileringsutfordring.

Stipendiat i drama og teaterkommunikasjon ved OsloMet, Ine Therese Berg, er ein av dei sentrale initiativtakarane til arrangementet i Bergen. I ei humoristisk vending nemnde ho den svært attkjennelege minglesituasjonen der «teatervitenskap» stadig vert forveksla med «statsvitenskap». Dette er ein bagatell, men likevel ein bagatell som seier noko om kor lite synleg faget er utover vårt eige miljø. 25.-27. mai var store deler av dette fagmiljøet samla for å delta på konferansen Teatervitenskap – historiografi, teori og praksis ved Universitetet i Bergen. Opninga i Universitetsaulaen var ei blanding av appellar og kunstnarlege innslag. Deretter følgde tre parallelle sesjonar med tre innlegg i kvar. Dagen etter var det lagt opp til tre nye bolkar innan tema som forskingsmetodikk, rom og stad, teatervitenskaplege grunnlagsproblem, dramaturgi samt scenekunst og sosial røyndom. Tre og tre innlegg gjekk parallellt. Etter lunsj siste dagen vart det invitert til paneldebatt om teatervitenskapleg utdanning i Noreg med representantar frå universitet og høgskular, samt KHiO og Scenekunstakademiet i Fredrikstad. I siste seanse vart det opna opp for innlegg frå salen og diskusjonar i plenum. Som deltakar var det fint å kunne plukke og mikse mellom dei faglege innlegga og det fungerte fint å gå mellom dei ulike sesjonane. Balansen mellom det reindyrka faglege versus debattane og appellane var også god.

Truga studium, levande fag «Lat oss ta sikte på å reetablere teatervitenskap i Oslo innan 10 år.» Dette var siste setning i appellen til professor ved NTNU Svein Gladsø under opninga av arrangementet i Bergen. Utspelet festa seg hjå meg. Det er konkret, ambisiøst og det vitnar om vilje til å mobilisere. Det er på høg tid at teatervitarane samlast for å reflektere over framtida til faget. Dugnaden i Bergen var for min del med på å synleggjere det faglege mangfaldet vårt. Blant dei 14 sesjonane var særleg Elena Perez, Sophia Efstathiou og Tsjalling Swierstra sitt framlegg ein augeopnar. The role of the Arts in the development of Responsible Research and Innovation (RRI). Med Bertold Brecht og Augusto Boal som fundament, forskar dei på teater som verktøy for ansvarleg innovasjon. To bioetikk-forskarar eg møtte på omvisning i leilegheita til Ibsen, kunne stadfeste at kunst og RRI ikkje berre er ein god match, men eit felt i rivande utvikling. Wenche Larsen sin sesjon Likestilt dramaturgi. Mot en heterogen estetisk modell vart ei påminning om at teatervitenskap faktisk kan vere ein veg til dramaturg-yrket. Dei tre dagane i Bergen revitaliserte den faglege stoltheten og fekk meg til å innsjå at ein ikkje er åleine i båten. Faren ved eit slikt arrangement er på den andre sida at ein dannar eit slags ekkokammer der vi endar opp med å forklare for kvarandre kvifor vi har rett til å leve. Skal vi styrke posisjonen til faget vårt må vi også hanke tak i dei som ikkje kjenner faget frå innsida og byggje bruer til andre disipliner og den akademia-skeptiske delen av praksisfeltet.

Då eg byrja på bacheloren min i Oslo i 2008 var eg lukkeleg uvitande om at det skulle bli vanskeleg å nå målet om å undervise i faget mitt ved UiO eller gå ut med noko doktorgrad. Eg var blant dei aller siste som fekk fullføre master i teatervitenskap ved UiO etter at faget alt var avvikla. Det kan synast lite motiverande å skrive master under slike tilhøve, og det er det til dels også. Det er litt som å småspringe for å rekke ein bra fest berre for å innsjå at alle andre har gått vidare, låst døra, og kasta nøkkelen. Til og med Scenerom i P2 vart borte frå radioen i denne perioden. Nok eit symptom på teater-refleksjonen sin elendige allmenntilstand. Det som for min del var med på å halde motet oppe, var kjærleiken for faget og to relevante deltidsjobbar tett på fagmiljøet ved Ibsenmuseet og Black Box teater. Studiet i Oslo, byen eg valde å etablere meg i, er daudt, men faget er sprell levande blant kritikarane, i fagmiljøet ved dei kuraterande scenene og i Ibsenformidlinga. Dette vart mantraet mitt.

«Dramaturg? Då må du må studere i Århus.» Slik tittelen Teatervitenskap – historiografi, teori og praksis avslører, vart mykje av tida i plenum brukt til å diskutere faget sin posisjon i høve til teori og praksis. Her stridest (bokstaveleg tala) dei lærde. Og slik skal det vere. Teatervitenskap er lite og vi taper difor dei strukturelle maktkampane ved institusjonane. Skal vi klare å mobilisere må vi stå samla uavhengig av orientering. Nedlegginga av teatervitenskap ved UiO har gjort at eg sjølv ynskjer å stå med ein fot i kvar leir. Dramaturgen er truleg det beste eksemplet på ein slik dualistisk forankring. I møte med ein etablert dramaturg hos ein av dei store institusjonane vart eg møtt med fylgjande haldning: «Teatervitenskap er ingen veg inn i dette yrket. Skal du ha ein sjanse hos dei etablerte institusjonane må du studere dramaturgi i Århus.» Dommen hennar var knusande. Kva med dei fem åra eg brukte på teatervitenskap i Oslo og Bergen? Eg har ein del studiegjeld frå før, skal eg måtte byrje på nytt i Danmark for å ha ein sjanse i yrkeslivet? Eg vart difor svært glad då ein av tilhøyrarane i Bergen, truleg på min alder, strekte handa i været under paneldebatten om utdanning og påpeika at dette faktisk er eit problem. Teatervitenskap vert ikkje rekna for å vere ei sjølvstendig dramaturgisk utdanning. Dersom ein ynskjer å jobbe i institusjonane, har ein eit legitimeringsproblem. Det er hovudsakleg dei som ikkje har sin bakgrunn frå teatervitenskap vi må overtyde om dette. La oss håpe at dei takka ja til invitasjonen og kom til Bergen for å høyre på nokre av dei fjorten faglege sesjonane, debattane og appellane.

Dei tre dagane i Bergen vart runda av med ein paneldebatt om teatervitenskapleg utdanning i Noreg. Her kom det fram at også Ibsenstudier ved UiO har kniven på strupen. Dette har vi sett konturane av i lang tid, men situasjonen viser seg no å vere meir prekær enn mange var klar over. Då eg var student ved UiO reagerte eg på den minimale utvekslinga mellom teatervitenskap og Ibsenstudier. Dei har i stor grad orientert seg mot Ibsen i ein internasjonal kontekst. Professor ved UiB Tor Trolie poengterte at også teatervitenskap i stor grad har retta blikket utover i verda. «Vi har ikkje har lukkast i å skrive den norske teaterhistorien.» Det kan vere mykje sant i det. Ibsen sjølv brukar Dr. Stockmann frå En folkefiende som talerøyr og hevdar at «En gjennomsnittlig bygget sannhet varer vanligvis 17–18 år, av og til 20, sjelden lenger.» Dette vart skrive på 1880-talet. Kven tek stafettpinnen vidare? Forsking er ferskvare og ingenting er ferdigforska. Såleis burde det vere bruk for både teatervitenskap og Ibsenstudier ved UiO, dersom dei i ei ideell verd kunne samarbeidd om til dømes det å skrive den norske teaterhistoria.

Eit profileringsproblem Eg hevda innleiingsvis at teatervitenskap har eit problem med profileringa. Feltet vårt er lite samanlikna med litteraturvitenskap eller statsvitenskap, men faget er breitt. Mykje breiare enn termen teatervitenskap tilseier. Sjølv vil eg likevel gå langt for å forsvare bruken av vitenskaps-termen i vårt fag. At kunst ikkje kan drøftast og dissekerast gjennom ei vitenskapleg tilnærming er i beste fall sneversynt om ikkje direkte ignorant. Kanskje hadde vi gjort oss meir attraktive gjennom å kalle faget teaterstudier eller performancestudier, men faren med dette bytet er at vi ender opp med å svekke faget sin forankring i teorien og undergrave heile det teatervitenskaplege prosjektet. Eit namnebyte ville dessutan vore ein historielaus negasjon av slektskapen mellom den norske og den tyske fagtradisjonen. Kan hende er eg alt for ung til å forfekte ei slik konservativ haldning, men skal vi byggje ein attraktiv profil må vi kjenne vår historie og posisjon i tradisjonen for å kunne stake vegen vidare.

I løpet av paneldebatten om utdanning var vi innom mange og relevante problemstillingar. Er det kanskje problematisk at bachelor ikkje vert sett på som ei sjølvstendig eining? Er det ein marknad for oss? Og kva vil denne marknaden ha? Bør vi utvide omgrepet teaterviter for å innlemme dei som ikkje kjem frå det akademiske miljøet? Kvar er vår plass i det kulturelle demokratiet? Bør ein ta sikte på å opprette ein nasjonal PhD-skule? Er det EU-midlar å hente til eit slikt formål? Kunne dette vore med på å presse nasjonale krefter? Vi har openbare utfordringar, men generelt opplever eg at det rår optimisme i feltet. Dramaturgifeltet er sterkare no enn nokon sinne, mykje på grunn av tilveksten frå teatervitenskap og vi har vore med på å redefinere heile det norske scenekunstfeltet dei siste 30 åra. Vi er strategisk plassert rundt omkring i samfunnet. Kvardagen vert stadig meir estetisk og iscenesetting vert viktig å forstå. Her opnar det seg ein ny marknad for vårt fagfelt.

Noko av det eg sakna i debatten om utdanning, var viljen til å innrømme at det er vanskeleg å få jobb. Særleg dei av oss med dei ferske gradane slit med å komme oss ut i trygge, relevante jobbar. Eg skulle gjerne sett at nokon viste vilje til å skli-takle elefanten i rommet og anerkjenne dette som eit problem. Dette gjeld i stor grad for dei av oss som ikkje rakk å etablere oss innan akademia før teatervitenskap vart lagt ned i Oslo, men er eit problem uansett om ein har bachelor, master eller PhD.

Det å få samla det teatervitenskaplege miljøet i Bergen denne helga var eit stort steg i rett retning. No må vi ta fatt på vegen vidare.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no