S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 29. november 2018

Somatøs sanseframsyning

Foto: Alette Schei Rørvik


Publisert
29. november 2018
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Dans

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/somatos-sanseframsyning/
Facebook

Somatøs samling er ei framsyning om den brysamme lekamen. Det er parallell verd, ei sanseframsyning heller enn ei danseframsyning der eg berre treng å vere til stades.

I eit lite butikklokale vegg i vegg med Merkatå Bruktbutikk og Sonjas frukt og tobakk har koreografane Ingeleiv Berstad og Pernille Holden invitert til ei kunsthending som dei har valt å kalle Somatøs samling. Eg skriv kunsthending, fordi det kjennest for framoverlent å kalle det danseframsyning. Kunstinstallasjon kunne ein kanskje ha kalla det, men det vert igjen for statisk. Det er kun plass til 20 personar og eg kjenner på presset om å finne ein stad å sitje der eg ikkje er i vegen for det som skal hende, men samstundes ser heile rommet. Scenograf Signe Becker har dekt rommet med ein hudfarga skinnimitasjon som heng etter krokar i taket og dekkjer benkar og avsatsar på golvet. Det hudfarga teppet er malt med store malingsflekkar i rolege fargar. Eg siktar meg inn på eitt av setene og prøver meg fram med hendene for å forsikre meg om at eg ikkje set meg på noko som ikkje er meint å sitje på.

Avsatsen knirkar faretrugande og eg ler nervøst, ombestemmer meg, skiftar kurs og sit meg ein anna og tryggare stad. Det er rart korleis slike rom framleis verkar på meg som tilskodar. Det er langt frå første gong eg manøvrerer meg gjennom eit lite rom for å sjå ei danseframsyning som ikkje heilt bør kallast danseframsyning, men like fullt vert eg sjølvbevisst og klønete. Kanskje skuldast det det grelt opplyste rommet eller kanskje er det den intime settinga som set meg ut av spel. Truleg vert eg aldri kvitt denne akutte sjølvbevisste fomlinga. Alt eg hugsar frå programteksten før eg går inn, er at nyordet somatøs stammar frå termen somatikk som direkte omsett frå gresk tyder «frå lekamen». Passande nok vert plassering av eigen lekam fyrste utfordring for meg som del av kunsthendinga. Det byrjar rakst å dogge på ruta når eg og dei 19 andre fell til ro. Ute er det kaldt og vi har te i papirkoppar.

The found space Dei to utøvarane, Holden og Berstad framstår som identiske der dei sit med same kostymar, same sko og same utslegne lyse hår. Dei trekker for gardinene til den gamle butikkruta ut mot gata og hentar kvar si bøtte før dei byrjar å blande ein hudfarga algenat-aktig støypemasse. Vi høyrer prating og sus av bilar over høgtalarane. I lydbiletet laga av Martin Langlie fangar eg opp brotstykke av ein samtale mellom to kvinner der det er snakk om ei framsyning som skal finne stad i morgon. Det må vere opptak frå gata utanfor. Slik kjem byrommet inn til oss her inne i kunsthendinga og vi smeltar saman med miljøet utanfor. Slik eg kjenner kunstnarskapet til Becker, Berstad og Holden vel eg å tru at dei har lagt mykje i valet av lokale for dette prosjektet.

Det er aldri praktisk å arbeide utanfor dei tilrettelagte rammene som institusjonane byr på. Stort sett er det tungvint og krevjande. Difor må eg vurdere det som viktig at denne hendinga finn stad utanfor scenane til co-produsenten Black Box teater som har kuratert prosjektet. Formuleringa frå programmet om at Somatøs samling er ein midlertidig forsamlingsstad gjev næring til teoriane mine om at dette ikkje er eit logistikkmessig val. Spørsmålet vert såleis, er det vellukka? Kva rolle speler «the found space» i dette prosjektet som spring ut av eit ynskje om å utforske menneskekroppens materie og evne til transformasjon? Det travle bymiljøet utanfor døra vert skapt av oss som bur i byen. Vi hastar frå A til B og skapar eit kakofonisk mylder av kroppar, riktignok innpakka i vinterjakker og tjukke sjal, men likefullt kroppar i rørsle. Inne i «the found space» skapar dei eit assosiasjonsrom der vi kan sitje å sjå på noko kunstig representert gjennom kunsten sjølv medan det verkelege liv ruslar og går der ute på gata, berre skilt av ei gardin, eit lag med dogg og ei skjør butikkrute.

Eit rom å lande i Vi tek sakte men sikkert farvel med støyen utanfor før vi vert slusa inn i denne bobla av syntetisk hud, hudfarga støypemasse og lyst hår bada i ljos frå lampane til Ingeborg Staxrud Olerud. Det er eit rom å lande i, og eg slappar underleg nok av med å vere i hendinga medan assosiasjons-apparatet mitt jobbar på spreng. Såleis er det vellukka, det er eit interessant rom å vere del av og eg og lekamen min har gjennomgått ein transformasjon frå lett stressa til lett henslengt.

Eg vel å ikkje notere. Det er ingenting eg kan skrive ned som vil hjelpe meg å reflektere over denne hendinga i etterkant. Eg må vere tilstade og skru av analyseverktøyet. Ikkje forsvinne i praksis og metode men tillate å fortape meg i ein overflod av sanselege inntrykk, slik dei oppfordrar til i omtalen. Dette fungerer, og det byrjar å tekne seg eit bilete av kva denne kunsthendinga er for meg. Det er inga danseframsyning, men snarare ei sanseframsyning der eg vert sugd inn i ei parallell verd av suggererande lyd, lysande munnholer og kunstige kroppsdelar, før eg varsamt vert losa ut igjen i nabolaget mitt.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no