S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 22. mai 2008

SoFT vil likevel setje opp Burn baby, burn


Publisert
22. mai 2008
Sist endret
25. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/soft-vil-likevel-setje-opp-burn-baby-burn/
Facebook

Å sensurere Burn baby, burn er etter teatersjef Terje Lyngstad si meining ei feig handling. Han lyttar meir til § 100 i grunnlova enn til avslaget frå politistyresmaktene, og teatret planlegg difor premiere på ”Burn baby, burn” 10. mai 2009. Lyngstad forklarar her kvifor.

Kronikk av Terje Lyngstad, teatersjef Sogn og Fjordane Teater (På trykk i Firda og Bergens Tidende 21.5.08)

I august 2007 gav lensmannen i Førde og Naustdal meg beskjed om at Sogn og Fjordane Teater (SoFt) måtte søkje om å få setje opp teaterstykket Burn baby, burn av Karen Røise Kielland. Målet var å setje opp forestillinga på ein bensinstasjon i Førde i mai 2009, og sidan det blir gjennomført bilkøyring som lensmannen vurderte som trafikkfarleg, meinte han at ein søknad var naudsynt. Som teatersjef var eg aldri inne på tanken om å søkje om løyve. Eg ville berre orientere politiet om kva vi planla med omsyn til vakthald, stenging av veg m.m. Men sidan lensmannen bad oss om å søkje, så gjorde vi det, og to månader seinare fekk vi avslag på søknanden med grunnlag i vegtrafikklova.

Klaga inn avslag

Teatret klaga avslaget inn for Politidirektoratet. Vi viste til at forestillinga skal skje innanfor avgrensa tidsrom og avgrensa geografisk område. Vi viste til at kontroll og tryggleik er like god for medverkande og publikum som på liknande godkjende arrangement. På dette tidspunktet var kommunen, brannvesenet, vegvesenet, stasjonseigaren og fleire naboar varsla. Så langt eg kan sjå var alle dei vi hadde snakka med positive til prosjektet. Klagen gjekk innom politimeisteren i Sogn og Fjordane, som på nytt uttalte at han ikkje kunne gi løyve til eit ”arrangement kor det straffritt kan begås alvorlige straffbare forhold uten at dette får konsekvenser for dei som gjer det.” Denne uttalen vart sendt over til Politidirektoratet saman med vår klage. I slutten av mars 2008 fekk teatret endeleg avslag frå Politidirektoratet. Avslaget er underleg og urovekkande. Ei forestilling med og for rånarar, ein av Norges største og mest kontroversielle ungdomskulturar, vart sensuert – i første omgang. I konklusjonen i avslaget står det at ”Politidirektoratet slutter seg til politimesterens vurdering av at politiet vanskelig kan samtykke i gjennomføring av bilkjøring som kan ha en uønsket smitteeffekt, og ”glorifisere” miljøer som driver med denne form for bilkjøring.” Ungdomar kan altså risikere å bli rånarar om dei ser forestillinga.

Mosaikk

Først litt om forestillinga, som skal ha ekte rånarar og profesjonelle skodespelarar i hovudrollene. Manuset er sett saman av redigerte sitat frå intervju med rånarar og andre personar. Forma har eit dokumentaristisk preg, og er såleis ein del av ein trend i norsk og internasjonalt teater. I møtet mellom ein journalist, rånarane og andre som oppsøker bensinstasjonen, blir det skapt ein mosaikk av syn på omgrepet fridom. Som ein del av forestillinga, burnar og sladdar rånarane, og bilkøyringa er koreografert.

I Sogn og Fjordane er det mange små tettstadar. Kommunane bruker lite eller ingen pengar på ungdomsarbeid. Det finst få ungdomstilbod utanom fotballen, kulturskulen og skulemusikken. Stripa er ein av dei viktigaste møtestadane for bygdeungdomen. Det finst knapt ein tettstad i Noreg utan rånarar. Dei er ein vesentleg del av norsk bygdeungdomskultur, ein kultur vi har lite kunnskapar om. Vi veit lite om kva dei driv med og snakkar om, kvifor dei heng saman i grupper, kva for kodar som gjeld og kor sterk kjærleiken til bilen er.

Då debatten om filmane ”Pulp fiction” og ”Natural born killer” rasa på 1990-talet, dominerte òg redsla for smittefare – folk kunne kome til å drepe nokon etter å ha sett filmane, helst på verst tenkelege måte. Denne typen vern er moralistisk oververn. Men, la oss seie at vern er rett i dette høvet, kvifor har ikkje eit rallyløp den same smitteeffekten? Alle veit at vi ikkje treng vern mot rallyløp. Til og med politiet veit at rallyløp er trygt. Det er lovleg og sikkert, og eg har aldri høyrt nokon snakke om smitteeffekt når det gjeld rallyløp.

Sport – kunst

Skilnaden mellom eit rallyløp og vår forestilling, er at rallyløp er definert som sport, medan Burn Baby, Burn er definert som kunst. Det er smigrande at politiet trur at kunst verkar sterkare inn på livsstilen til unge menneske, enn det eit rallyløp gjer. Eg har ingenting i mot rallyløp, men det at Norge er ein idrettsnasjon, kan ikkje bety det same som at kunst skal ha strengare spelereglar enn sport.

Det er interessant at det 17. mai vart arrangeret Monstertruckshow i Førde, der m.a. to bilar køyrde på to hjul med fire jenter frå publikum i kvar bil, og born heilt ned i seksårsalderen køyrde rundt på firehjulingar. Showet var sikkert gjennomført i samsvar med alle reglar som gjeld for tryggleik, men vegtrafikklova vart broten på mange punkt og kva skal ein seie om smitteeffekten og glorifiseringa i dette høvet. Vi får tru at arrangementet var godkjent av polititet, for utan løyve måtte samtlege som stod bak ha blitt bøtelagde og fråtekne førarkorta.

Uforståeleg

I lys av dette arrangementet blir det komplett uforståeleg at SoFt ikkje får setje opp Burn baby, burn. Politiet har ikkje forstått at forestillinga kan skape grobotn for dialog mellom bilsportmiljøet og rånarane på den eine sida, og politiet og opinionen på den andre. Dei som er villige til å sjå saka frå denne sida, vil sjå at rånarane har ein eineståande posisjon i norsk bygdekultur. Om vi skal utvikle bygdene, må unge menneske bu her. Er det noko unge menneske ikkje reiser til storbyen for å gjere, så er det for å råne. Rånarane blir buande på bygda.

Å sensurere Burn baby, burn er ei feig handling. Det er arrogant av politiet å tru at dei kan vite korleis andre vil reagere på ei forestilling. Vi burde derimot ønske å få greie på kva det er som gjer at rånekulturen står såpass sterkt i Noreg i dag. Det kan rånarane i forestillinga hjelpe oss til å få innsikt i. Som teatersjef lyttar eg meir til § 100 i grunnlova enn til avslaget frå politistyresmaktene. Teatret vil difor halde fram med å planlegge Burn baby, burn med mål om premiere 10. mai 2009.

Les også kulturredaktør Jan H. Landros kommentar fra Bergens Tidende 21.5.08 her!

Les tidligere artikler om saken her!


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no