Foto: KHIO

Snelle Ingrid Hall ny dekan ved avdeling dans på KHiO

Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Snelle Ingrid Hall som dekan ved avdeling dans i ei åremålsstilling for fire år. Det melder Kunthøgskolen i Oslo i ei pressemelding.

Snelle Ingrid Hall (49) er utdanna dansar frå Statens balletthøgskole og teatervitar frå UiO. Ho har brei erfaring både som utøvande kunstnar og koreograf, produsent og prosjektleiar i det frie scenekunstfeltet, og har i ei årrekke utvikla framsyningar, mellom anna i kompaniet Siri&Snelle som ho driv saman med Siri Jøntvedt.

Hall har sidan hausten 2015 arbeidd som førsteamanuensis ved avdeling dans der ho særleg har undervist i kunst- og danseteori og koreografiske emne, i tillegg til at ho har vore rettleiar på master og ph.d.-nivå. Ho har også vore leiar av fagleg utval for scenekunst i Norsk kulturråd.

Snelle Ingrid Hall tiltrer stillinga som dekan ved avdeling dans på KHiO 1. august 2019.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER