S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 5. mars 2019

Slapt sirkus

Epifónima. Foto: Maryam Barari. Kostymedesignar: Jonna Bergelin. Maskedesignar: Linda Sandberg. Scenografi: Fanny Senocq. Lysdesignar: Susanna Hedin


Publisert
5. mars 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Epifónima,

Bærum Kulturhus, 28. februar 2019

Regi: Tilde Björfors Komponist: Rebekka Karijord Koreograf: Methinee Wongtrakoon Kostymedesignar: Jonna Bergelin Maskedesignar: Linda Sandberg Scenografi: Fanny Senocq Lyddesignar: Kajsa Lindgren, Marta Forsberg Lysdesignar: Susanna Hedin Stemmeinstruktør: Nandi Vileika Pole- og kovneinstruktør: Anna Lagerkvist

Ensemble: Lisa Angberg, Eirini Apostolatou, Kajsa Bohlin, Sarah Lett, Lucie N´duhirahe, Karolina Wojtowicz, Ashtar Muallem.

Meldt 28. februar 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/slapt-sirkus/
Facebook

Framsyninga Epifónima er full av gode innsatsar, men det blir kjedelig fordi dei kunstneriske ambisjonane sviktar og det politiske bodskapet ikkje er i nærleiken av å vere grenseoverskridande.

Det tradisjonelle sirkuset var frå gamalt av ein grunnleggjande patriarkalsk struktur. Sirkusdirektøren var mann, og når han vart gamal, gjekk jobben vidare til eldste son. Slik var det i nesten 250 år, og det kan verke som om likestillinga har hatt vanskar med å få fotfeste i denne delen av underhaldingsbransjen. På 1970-talet byrja nysirkus å utfordre dette. Sirkusmanesjen var ikkje lenger noko tidslomme der sterke menn bøydde jernstenger og kvinner let seg sage i to. Sirkusdirektøren vart borte og prosjektet handla i større grad om å opne opp for nye publikum, og å leggje til rette for at sirkus kunne vere ein fritidsarena for born og unge. Difor vert eg både nysgjerrig og skeptisk når svenske Cirkus Cirkör lovar å sprenge patriarkatet med nysirkus under parolen «Ingen jäkla tyssssstnad!»

Sirkus med politiske ambisjonar Cirkus Cirkör vart grunnlagt i 1995, og har sidan oppstarten jobba for å etablere nysirkus i Sverige. Regissør Tilde Björfors var ei av dei som var med på oppstarten. Ho har medverka som kunstnarleg leiar på over 16 av framsyningane deira og har i tidlegare produksjonar arbeidd med globalpolitiske tema som menneskerettar og migrasjon. Denne gongen har ho valt seg kvinnekamp som overordna emne og den nyaste produksjonen har fått tittelen Epifónima. Namnet tyder «utrop» på gresk og i programmet nemner dei kvinnelege føregangspersonar som spenner breitt både historisk og tematisk, frå komponist Hildegard av Bingen til Tarana Burke, opphavskvinna bak metoo-kampanjen.

Framsyninga lovar mykje gjennom programmet vi får utdelt, men held forsvinnande lite. Det vert gjort eit stort poeng av at det utelukkande er kvinner både på og bak scenen, men det feministiske tilsnittet vert klamt og overtydeleg..Det fyrste eg reagerer på er at aktørane er kledd i nesten identiske, rosa trikotar. Kvar er mangfaldet dei påstår å smykke seg med? Det keisame kostymevalet reduserer individa til ein rosa, homogen masse. Det vi får sjå av dans og akrobatikk på scenen held høg kvalitet som idrettsprestasjonar, men stor kunst vert det ikkje.

Dei finaste scenene oppstår når ensemblet sine eigne stemmer, og koreografien til Methinee Wongtrakoon, blandar seg med musikken. Dei vokale innslaga riv ned skiljet mellom det vi ser og det vi høyrer. Det er tydeleg at dei på scenen kan meir enn å turne, og dei vakre stemmene til Kajsa Bohlin, Karolina Wojtowicz og Ashtar Muallem kunne med fordel fått meir plass i regien til Tilde Björfors.

Scenografien til Fanny Senocq er enkel, med lyssette aluminiumstrosser som dannar to bogar i ulik høgde bak på scenen. Akrobatane nyttar sjølve riggen, samt påler, tissue, hårhenging og roue cyr – stor ring, i nummera sine. Det er gjort forsøk på å sy det heile saman med klovning og slapstick, men dei lukkast ikkje med å kvitte seg med det sekvenserte preget vi kjenner frå det tradisjonelle sirkuset der vi vert presentert for nummer etter nummer. Med mindre det handlar om tryggleiken til akrobatane, forstår eg heller ikkje kvifor det er lagt opp til ein pause på 20 minuttar når det ikkje skjer store strukturelle endringar med scenografien.

Framsyninga burde vore kutta i lengde og stramma inn ved å stryke eller styrke slapstickseansane som ikkje fungerer. Det er også fleire opne skift der det vert gjort småendringar på riggen. Dette er eit døme på korleis klovnenummera vert redusert til fyllstoff. Vi får sjå ein sekvens der Kajsa Bohlin og Lucie N´duhirahe tilsynelatande kranglar om ein rustning. Eg klarar ikkje å skape meining ut frå referansane dei nemner i programmet. Det er uklårt kvar dette riddarmotivet skal leie oss, og eg gjer eit forsøk på å kople det til Hildegard av Bingen, men vert ikkje stort klokare. Det at dei nemner #metoo-kampanjen i programheftet verkar for meg som eit krampeaktig forsøk på å skaffe seg eit alibi for aktualitet.

Gode intensjonar, dårleg framsyning Det er synd at denne framsyninga ikkje fungerer, for det er dei kunstnarlege ambisjonane som sviktar, ikkje enkeltutøvarane på scenen. Eg har stor respekt for sirkustradisjonen, og såg difor fram til å sjå eit veletablert kompani leidd av ein regissør med lang fartstid. Forventningane var difor store. Dessverre gjekk eg etter endt framsyning med kjensla av å ha nytta to timar på eit naivt politisk prosjekt som ikkje er i nærleiken av å vere grenseoverskridande innhaldsmessig.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no