S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Frøydis Århus – 7. august 2019

Sex i rokokkostil

Foto: Ida Gøytil


Publisert
7. august 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Kritikk Teater

Kvartett,

Oslo Nye Centralteatret, premiere 3. august 2019

Dramatiker: Heiner Müller Regi, idé og konsept: Ilene Sørbøe Skodespelarar: Marte Germaine Christensen og Ivar Furre Aam Omsett av: Preben Faye-Schjøll Lys og lyddesign: Thomas Gallagher Foto: Ida Gøytil

Meldt: 3. august 2019


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/sex-i-rokokkostil/
Facebook

I skodespelarfoajeen på Centralteatret utspel det seg eit barokk kammerdrama med leik, lyst og begjær, med dauden til følgje. Det er blitt ei vellukka framsyning som maksimerer det teatrale potensialet i teksten.

«Tid/rom: i en salong før den franske revolusjon/bunker etter 3. verdenskrig.» Dette er all informasjonen Heiner Müller gjev om kvar handlinga i Kvartett er meint å finne stad. Dramaet var skrive i 1980, og er blant Müller sine mest spelte. Med Centralteatret sin vakre skodespelarfoajé frå 1826 til disposisjon er det ikkje rart at regissør Ilene Sørbøe vel det fyrste alternativet og legg handlinga til seint 1700-tal.

Heiner Müller var som regel forsiktig med å gi informasjon om rom og utforming og let mykje vere opp til den enkelte regissør. Difor kan vi tillate oss å dvele litt ved nettopp dette. Publikum sit på galleriet over skodespelarfoajéen og ser scena frå fugleperspektiv. Centralteatret er til dags dato Noregs eldste teaterbygg i drift og vart teikna av arkitekt Herman Major Backer. Backer står også bak praktbygg som Olympen og Arbins Gate 1, siste heim til Henrik Ibsen. Sjølv om Centralteatret vart kraftig bygd om på 1890-talet var det opphavleg bygd i pseudo-rokokko, ei slags imitasjon av den sein-barokke ornamentikken frå 1750-talet. Dette er nokså passande, for Kvartett av Heiner Müller er i høgste grad både ornamentert og pseudo-rokokko av natur. Den er skrive i 1980 med eit språk som ved fyrste augekast ikkje høyrer til i postmodernismens strenge minimalisme og dekonstruksjon, men snarare fransk litteratur frå tida omkring den moderne romanens barndom på 1700-talet. Setningane er lange og kan likne monologar, og sjølve historia er ei komprimering av brevromanen Forbudte forbindelser (Les liasions dangereuses) av Pierre Ambroise François Choderlos de Laclos.

Barokk + teatralitet = sant Overklasseskildringane frå barokken byggjer på grunnleggjande teatrale ideal med pudderparykkar, kvitsminka andlet, påmalte skjønnhetsplettar og prangande drakter. Også etikette og kutyme var regissert og nøye innstudert av begge kjønn for å passere som comme-il-faut. Maktkampen mellom dei tidlegare elskarane Merteuil og Valmont tek form som eit rollespel der dei går inn og ut av kvarandre sine roller og leikar med sjalusi, sex, vanvit og kjønn med døden som utgang. Merteuil og Valmont er gamle elskarar og Merteuil vil gjerne at Valmont skal gjenoppta jakta på henne. Han derimot er ferdig med henne og har går vidare på neste bytte, ei gift og from kvinne som gjev han den motstanden og jaktgleda han søkjer. Handlinga finn stad i løpet av ein kveld, i eitt rom, og tek form som ein lang dialog der Müller brukar dialogen som eit middel til å leike med idéhistorie og filosofi. Andre meir perifere karakterar vert også spelte av Valmont og Merteuil, og eg vert aldri heilt sikker på om dei faktisk er der reint fysisk, eller om dei kun vert etterapa og imiterte. Dei to skodespelarane, Marte Germaine Christensen og Ivar Furre Aam er kledd i barokke kostymar. Ho entrar scenen, går bort til toalettbordet og tek på seg ein av parykkane medan den skalla parykkdokka frå toalettbordet vert nytta som motspelar og sexpartner og ber rollen som Valmont inntil han sjølv entrer scenen. Dette er ein leik med fiksjon, ein slags spel i spelet som går inn i rekka av teatrale grep.

Sjølv om setningsbygnaden til Müller er perfeksjonert og finsnekra er det som vert sagt både frivolt og til tider obskønt. «Er det ikke blasfemi å åpne en slik munn utelukkende for inn- og utånding og næringstilførsel. Å begrense denne storartede bakdels gylne midtpunkt til den tarvelige oppgave å slippe ut ekskrementer…» Det er til tider komisk, sjølv om tragedien ligg som eit lokk over dei tomme liva dei lever. Spelestilen til Christensen er oppstylta med raus bruk av dynamikk og utstudert diksjon. Furre Aam sin spelestil er meir daglegdags og tona ned. Dette gjeld også kroppsspråket og mimikken hans noko som skapar ein fin kontrast mellom dei to karakterane der dei får lov til å spele på ulike register. Teksten og kanskje også regien legg opp til at skodespelarane får rikeleg med plass til å briljere med skodespelarfaget, noko som kler teksten godt. Som nemnt har regissøren generelt stor fridom i denne teksten av Müller, og Sørbøe har valt å hente fram den humoren som ligg der allereie.

Parallell til Hedda Gabler Dei to karakterane er latterlege der dei lever i ei aristokratisk boble, verna mot den verkelege verda. Livet inni bobla verkar å vere så trygt og bekymringslaust at dei står i fare for å keie seg i hel. Keisemda som drivkraft for drastiske handlingar får meg til å tenke på Hedda Gabler som utan anna motiv enn rein keisemd manipulerer Eilert inn i døden. Furre Aam som Valmont ikler seg på eit tidspunkt rolla som kvinne. I det han går ut av denne rollen og seier noko i retning av at han godt kan like å vere kvinne, parerer Christensen som Merteuil at ho gjerne skulle sagt det same. Også dette motivet, det å lengte etter det motsette kjønn sine privilegium gjennomsyrer Hedda Gabler, som i oppveksten, takka vere yrkesmilitær far fekk ein smak av dette, før ekteskapet fanga henne i kvinnerollen. Dette gjeld nok i større grad Hedda enn Merteuil, men like fullt, Merteuil kjenner på ei avmakt ved det å vere redusert til jaktbytte og trofé i møte med menns seksualitet. Særleg når ho ikkje meistrar jakta og hennar posisjon er truga av yngre kandidatar. Det endar med at Aam i rolla som Valmont som speler Merteuil døyr av ein gift-dose han drikk frå eit vinglas. Kvartett av Müller eller snarare Forbudte forbindelser av Laclos syner kva krefter som tek tak i menneske når begjæret etter sex og jakta på byttet gjer at sjølve kjærleiken vert sett i bakgrunnen.

Fugleperspektivet gjer at vi som publikum kan fylgje denne jakta på trygg avstand og gjev ei kjensle av å vere tilskodar til ein hanekamp der kun éin kan kome levande ut. Med unntak av visuelle brot med neonfarga ljos og ein kort og intens danseseanse til Cascadas The Rhythm Of The Night er Kvartett på Centralteatret eit barokk kammerspel som held på barokkfiksjonen heilt til oksygenet på det varme galleriet over skodespelarfoajéen er brukt opp. Dette gjer at den siste scenen med giftbegeret reint fysisk kan kjennast på kroppen, akkurat så kvelande og klaustrofobisk som død ved gift truleg er. Oppsettinga er ei leiken og vellukka versjon av Müller sin tekst som trass i det vesle ensemblet evner å maksimere det teatrale potensialet og sende oss på ei tidsreise attende i teaterhistoria.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no