S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Marit Bendz – 3. april 2014

Senk scenekanten!


Publisert
3. april 2014
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Nyheter

Kultureliten på Pikantloftet Debattmøte Treng vi Sogn og Fjordane teater? Korleis kan utfordringane for regionteatret vårt løysast fram til 2020?

Måndag 31. mars kl. 19.00 til 22.00, Pikant Restaurant & Bar, Førde

Journalist Marit Bendz var blant innlederne på møtet. Hun deltok ikke i den påfølgende debatten.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/senk-scenekanten/
Facebook

Frå "Kultureliten på Pikantloftet" 31. mars. Foto:

REGIONTEATER: – Kom nærare. Ta oss med. Slepp til lokale talent og ta nye typar risiko. Tips strøymde på då Kultureliten på Pikantloftet drøfta Sogn og Fjordane Teater. Men teatersjefen sjølv var lite lydhøyr, rapporterer Marit Bendz for Scenekunst.no frå debattmøte om SoFt måndag denne veka.

Dei siste vekene har debatten gløda på Facebook. Teatersjef Terje Lyngstad har blokkert fylkeskultursynsar Georg Arnestad på Facebook. Arnestad på si side har sparka hardt utan å våge seg inn til møteserien Kultureliten i Førde, der han truleg rekna med at heiagjengen til teateret ville dominere. Det gjorde den også sist måndag.

Meir samarbeid Regissør og dramatikar Miriam Prestøy Lie var ein av initiativtakarane til debatten. Ho reagerte då ho høyrde Terje Lyngstad kome med framlegg om å gje teateret nytt namn; Sogn og Fjordane Komedieteater. Ho meiner ein må slutte å skreddarsy teater for sogningar og fjordingar. Det er å undervurdere publikum.

– Satsinga til teateret på regional dramatikk har vore vellukka. Men kanskje er det slik at etter mange år med same strategi, har rammer som eigentleg skulle inspirere blitt ei kunstnerisk tvangstrøye? undra Lie.

Dødsdansen av August Strindberg passar betre på Viksdalen enn på Frogner, sa ho.

Lie er eine halvparten av scenekunstkompaniet Sandsund/Lie. Dei har slått seg ned i nabokommunen Fjaler, der det er eit blømande teatermiljø.

Kom ut, kom fram – Ingen risiko, ingen kunst, slo Jeff Pedersen fast. Han er amerikansk regissør som bur i Stongfjorden i Askvoll, ein annan nabokommune.

Kollektbøssa til Hans Jakob Reite har samla Kultureliten på Pikantloftet for femte og nest siste gong i Førde. Foto: Heidi Hattestein

– Det er mange måtar å involvere publikum på. Det er så mange unge talent i fylket, og det er mange ulike vis å samarbeide med amatørar på, sa Pedersen.

Pedersen vil ha teateret ut av gymsalane og ned frå den høge scenekanten. Spel i tomme hus. Spel i tyske bunkers. Involver publikum! var oppfordringa.

– Vi treng ikkje eit teater FOR Sogn og Fjordane. Vi treng eit teater I Sogn og Fjordane, sa kulturarbeidar og forfattar Fridtjov Urdal.

Dramatikar Maria Tryti Vennerød, som delvis voks opp i Førde, har uttrykt liknande tankar til journalisten ved eit anna høve.

– Det handlar kanskje om å ta teatret til folk meir enn å ta folk til teatret. Teateret skulle bruke heile fylket i produksjon, ikkje berre som besøksstader. Ein kan dessutan bruke amatørar utan at uttrykket vert «amatørisk», ein må innlemme scenekunstnarar som tenkjer annleis, sa ho då.

Til ungdomen SoFT har gjort mykje rett, men må kome ut og fram, var bodskapen frå Pikantloftet. Overrask sogningar og fjordingar! Samarbeid. Arranger sommardramaskule, slik ungane i mange år har hatt tilbod om sommaridrettsskule. Det spelar inga rolle om det ligg utanfor mandatet til eit regionteater.

Få dei unge interessert i teater før den siste frå kultureliten snåvar ut av teatersalen med rullator. Tidlegare var det tilsett amatørteaterkonsulent ved SoFT. Kanskje ein ide å ta opp att den stillinga?

Men teatersjef Terje Lyngstad let seg ikkje rokke.

– Amatørteaterkonsulenten hadde som oppgåve å oppdra publikum til å kome og delta. Nei! Eg prioriterer annleis. Kanskje er det ein god ting å satse meir på deltaking, men det skjer ikkje i mi tid, sa Lyngstad.

I boka Eit lite stykke kosmos av Marita Liabø og Oddleiv Apneseth fortel Maria Tryti Vennerød, som og var elev ved barne- og ungdomsteateret:

– Førdehuset framstod for meg som eit Mekka. Eg såg Agnete Haaland som Pippi Langstrømpe. Det var ikkje bra for meg å vere ungdom i Førde. Det var lite stimulerande. Trongt. Men vi hadde oasar. Teatermiljøet var ein av dei – Førde barne- og ungdomsteater med Marit Kleppe som ressurs og inspirasjon.

Det fortel ei av dei viktigaste nye stemmene i norsk dramatikk. No er dette miljøet borte. Eller iallfall gråhåra.

Marit Bendz er frilansjournalist. www.skriftaogveggen.no


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no