S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Ida Habbestad – 17. desember 2012

Rop i ørkenen


Publisert
17. desember 2012
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Nyheter

Donaueschinger Tage für Neue Musik er eit tyngdepunkt i europeisk ny musikk. Festivalen starta som ein konsertserie så tidleg som i 1921, mellom anna med komponistane Richard Strauss og Ferrucio Busoni ved roret. Kvart år snusar festivalen opp interessante komponistar frå heile verda og tingar ny musikk frå dei. I 2011 stod musikk av den norske komponisten Lars Petter Hagen på programmet.

http://www.swr.de/donaueschingen

Trond Reinholdtsen er komponist og står mellom anna bak musikken til fleire av Vegard Vinge og Ida Müller sine teaterproduksjonar. Reinholdtsen driv sin eigen institusjon: www.dennorskeopra.no.

Musikkritikaren Alex Ross kalla Reinholdtsen sitt verk til årets festival i Donaueschingen for eit absurd høgdepunkt: http://www.therestisnoise.com/2012/11/donaueschingen-extras.html.


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/rop-i-orkenen/
Facebook

Fra Trond Reinholdtsen: Musik. Donaueshingen, 2012. Foto: SWR/Tilman Stamer

INTERVJU: Kvifor dukka musikken til to norske komponistar i haust opp på den prestisjetunge radaren til samtidsmusikkfestivalen i Donaueschingen? Vi har møtt dei to. Førstemann ut er Trond Reinholdtsen, som òg står bak musikken til fleire sceneproduksjonar av Vinge&Müller.

Trond Reinholdtsen sitt stykke til Donaueschingen fekk det store, altomfattande namnet Musik. I stykket finst mellom anna fleire leitmotif. Eit er krisa i samtidsmusikken, eit anna er den tyske interessa for den nordiske naivismen.

– Tittelen Musik var meint å vera totalt nøytral, og samtidig ville eg skriva eit stykke som tek mål av seg å oppsummera heile sjangeren og samtidsmusikken sin noverande situasjon. Det er eit ambisiøst utgangspunkt, men det er dette eg har arbeidd med i lang tid: Å behandla sjølve sjangeren, dei byråkratiske og økonomiske strukturane, og heile produksjonsapparatet kring den, som kunstnarleg materiale.

– I Musik forsøkte eg å driva dette heilt ut i det ekstreme. Stykket blir totalt manisk med si utrøyttelege kommentering og sjølvkritisering av alt frå det musikalske materialet som er i bruk, musikarane sin status i dag, Donaueschingen-festivalen si rolle som karrierebyggar og ideen om bestillingsverk meir generelt. Slik blir stykket lenge ståande og stampa i ein slags paranoid saus av innbilte fiendar, ambivalens og kunstnarleg impotens. Stykket kjem til fleire krisemoment der løysinga rett og slett blir å skifta kunstnarleg sjanger, frå konsert, via musikkteoretisk føredrag, neo-wieneraksjonisme og operafilm til esoterisk lysinstallasjon.

Eigen opra Å kritisera systemet og å ønska seg ut av rammene, har lenge vore eit sentralt tema for Reinholdtsen. Dei siste åra har han imidlertid hatt som mål å omforma institusjonskritikken og dekonstruksjonen og i staden bygga sin eigen institusjon, Den Norske Opra (sjå lenkje i faktaboks). Som sjølvoppnemnd kunstnarleg diktator har han her total kontroll på alle kunstnarlege og administrative parameter frå komposisjon, utøving, regi, scenografi, restaurantdrift, webpublisering og propaganda — som eit moderne, minimalistisk Bayreuth.

– Konseptuelt sett har tanken vore å skapa eit utopisk rom der den totale kunstnarlege fridom rår. I Den Norske Opra skal den kunstnarlege ideen stå over alt anna. Hindringane ved ei kvar praktisk utføring er underordna. Og einkvar idé om formidling eller pragmatisk tilpassing er fråverande.

– Kva er eigentleg kunstnarleg fridom?

– Sjølvsagt er det ein utopi, svarer Reinholdtsen. – Men for meg er undersøkinga av kunstnarleg fridom kanskje sjølve essensen av heile prosjektet samtidsmusikk. Rett nok vert ein stadig innhenta av sine eigne grenser. Sjølv om ein har forsøkt å heva alle rammer for eit verk, kjem ein ikkje utanom faktum som at ein før eller sidan må på do eller sovnar. Eller at ein lagar for dårleg musikk. Slike ting. Det er alltid ein eller annan type ytre prosaisk røynd som kjem inn, og det kan vera både interessant og fruktbart. Men det er verdt å søka det utopiske. Heile konseptet om utopiar står ikkje særleg sterkt i vår tid, og slik sett er dette ei øving i å strekka ein tanke så langt som mogleg.

– Så, om du har funne eit betre rom for å skapa kunstnarleg fridom, kvifor går du tilbake til scena, og kva skjer når du er tilbake på den?

– I denne konkrete situasjonen forsøkte eg å inkorporera denne typen tenking, men på bortebane så å seia. Stykket vert dermed ein kalkulert kollaps. Etter berre 13 sekund kjem lyden av ein eksplosjon og ein total blackout i heile salen. Så held det fram på same depressive måte. Men narrativet om «Den Norske Opra sin fødsel ut av samtidsmusikkens krise» er med. Er det dermed håp? Tja, det skal me ikkje vera så sikre på.

– Samtidsmusikksjangeren er jo i ein slags krise. Og kanskje har den alltid vore det, frå ein starta å trekka seg ut av dei kommersielle formidlingsapparata, med Schönberg sin "Forening for privatoppføringar". Musikken hans var, ifølge han sjølv, så kompleks at den trengte ei ny form for konsertinstitusjon. Denne isoleringa er berre blitt forsterka, og i dag er heile feltet totalt unnateke ei kvar form for offentlegheit. Bortsett frå på scenekunst.no, sjølvsagt.

– Kanskje kan ein hevda at sjangeren er blitt for esoterisk, men den andre sida, det kommersielle feltet, har utvilsamt nådd nye vulgære høgder. Uansett eksisterer det i augneblikket ein umogleg kløft mellom dei to verdene. Samtidig har samtidsmusikken byrja å adoptera ein type kommersiell og byråkratisk tankegang som grip kraftig inn i måten verk vert laga på og presentert. Det handlar om ordningar for tingingsverk, om effektivisering på alle felt frå innøvingstid og besetning til kravet om «å selja» prosjektet, anten i form av prosjektskildringar til Kulturrådet eller ovanfor festivalar som alltid treng noko nytt og friskt.

Norske skuldertrekk Musik vekte ein del reaksjonar under festivalen i Donaueschingen. Éin lyttar fortel at Reindholdtsen er mellom få komponistar som risikerer noko, medan andre meiner han spekulerer i det å provosera med til dels heftige verkemiddel.

– Eg vil påstå at eg ganske medviten om dei verkemidla eg gjer bruk av, seier Reinholdtsen. – Og alt slår jo tilbake på meg. Eg viser på ein måte det stakkarslege ved mi kunstnarlege verksemd når eg stadig kjem tilbake til sjølvkommenteringa, og at stykket aldri ser ut til å koma i gong.

– Denne gongen fekk eg mykje merksemd. Somme opplevde stykket provoserande, og det opplevde eg faktisk ganske overraskande. I Noreg er eg vand med at folk toler at ein gjer alt mogleg. I verste fall får ein eit skuldertrekk som respons. Medan samtidsmusikk framleis er ein alvorleg ting i Tyskland, slik det skal vera. Verket inneheldt òg ei hyllingskantate til festivalsjefen som var så grei å gje oss oppdraget og betala for det. Men den kantaten er eg ikkje sikker på om han lika så godt. Ein eg snakka med sa at dette var det første stykket i festivalen si historie som bad om å ikkje å bli invitert tilbake. Om dei andre stykka er skrivne berre for å bli inviterte tilbake, må jo det vera det verkeleg provoserande her.

– Som lyttar trur eg mange oppfattar arbeidet ditt som frigjerande nettopp i det du problematiserer sjangeren og det låste ved situasjonen. Eg opplever òg at verka dine kan vera morosame. Meiner du eigentleg å vera morosam?

– Eg har skjønt at det eg held på med kan gje ein humoristisk effekt, men eg oppsøkjer det ikkje. Tvert imot forsøker eg helst å styra unna. Eg merkar at eg kjem opp i absurde situasjonar der det blir mykje latter. For meg er det å sjå stykket som humoristisk ein reduksjon av prosjektet. Då Kagel døydde skreiv Boulez ein nekrolog som sa noko slikt som at det som var bra med Kagel, var at han førte humor inn i musikken. For meg er han den mest alvorlege og politiske komponisten i heile i perioden.

Antinostalgi Til slutt: Me har snakka ein del om det kritiske og vanskelege i samtidsmusikken — kva form for estetikk er det du spelar mot, og kva gjev deg inspirasjon?

– Det som står fjernast frå meg no er komponistar som skriv musikk som om samtidsmusikk er akkurat som annan musikk. At det berre gjeld å utforska klangar og laga fin lyd, noko som kling bra innafor visse samtidsmusikalske konvensjonar og klisjear. Om målet er å skriva noko som «funkar bra» er det andre sjangrar som er langt meir effektive. For meg er samtidsmusikken vond, men sann.

– Det som framleis triggar meg positivt er det heroiske modernistiske prosjektet, særleg i dei 10-20 første åra etter 2. verdskrig, sjølv om dette kanskje ikkje er det første som slår publikum om dei opplever eit av mine stykke. Det er ein ekstremt visjonær og utopisk periode. Me lever i ei tid der det å koma med ein type totale teoretiske og musikkfilosofiske utkast som Xenakis og Stockhausen gjorde — å presentera slike heile system med tyngde — verkar svært vanskeleg. Vår tid er fattig på store idear. Så den tida er på ein måte vår antikk, vår gullalder. Då gjeld det å ikkje falla inn i ein nostalgi, men i staden å gjera seg klar for den nye Messias, eller kanskje den nye Lenin. Sjølv freistar eg å vera døyparen Johannes, som ropar i ørkenen.

Les Reinholdtsen sin programnote til Musik her.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no