S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 9. januar 2018

Rekordår for Det Norske Teatret


Publisert
9. januar 2018
Sist endret
25. mai 2023

Notiser Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/rekordar-for-det-norske-teatret/
Facebook

I ein pressemelding frå Det Norske Teatret heiter det at dei har hatt rekordhøge publikumstal i 2017: “2017 er med god margin det beste året i Det Norske Teatrets over hundreårige historie. 265 483 publikummarar oppsøkte Det Norske Teatret i fjor. Førre toppår var tilbake i 1992 da drygt 232 000 besøkande var innom dørene … Les mer

I ein pressemelding frå Det Norske Teatret heiter det at dei har hatt rekordhøge publikumstal i 2017:

“2017 er med god margin det beste året i Det Norske Teatrets over hundreårige historie. 265 483 publikummarar oppsøkte Det Norske Teatret i fjor. Førre toppår var tilbake i 1992 da drygt 232 000 besøkande var innom dørene her.

Det Norske Teatret har hatt ein eventyrleg suksess med The Book of Mormon, som er sett av 53 375 i 2017. Det ekstra gledelege er at det totale publikumstalet viser at over 200 000 fann fram til alt det andre teateret har å by på i repertoaret. Inntektene er også rekordhøge og teateret kan notere seg for over 70 millionar kroner i eigeninntekter.

– Det Norske Teatret er eit teater med fagleg stoltheit og stor kreativitet i alle avdelingar på alle nivå. Dette får vi utteljing for gjennom eit attraktivt repertoar og er det beste utgangspunktet for nye og enno større kunstnarlege ambisjonar i åra som kjem, seier ein stolt teatersjef Erik Ulfsby.

– Som ein stor nasjonal kulturinstitusjon er det viktig å få fram bodskapen om at publikum søker til heile teaterets repertoar og ikkje berre til dei omtalte og overskriftsskapande framsyningane. Dette gjeld for alle scenar i teateret, som opplever ein markant auke i tilstrøyminga. Det er med andre ord rom for å spele teater frå heile katalogen, seier Ulfsby.

Sidan 2012 har publikumstalet ved Det Norske Teatret vore stabilt høgt på rundt 220 000 publikummarar. Det skuldast omlegging til repertoarspel og auka produksjonstakt. I 2016 låg publikumstalet på 219 644.”


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no