S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 3. juni 2004

Pressemelding fra Norsk Dramatikkfestival


Publisert
3. juni 2004
Sist endret
25. mai 2023


Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/pressemelding-fra-norsk-dramatikkfestival/
Facebook

Ni nye dramatikarar. Sju teater. Tre nyleg uteksaminerte regielevar. Radioteater, teksttorg, stunt, barneteater, seminar og Dramatisk kvarter. 10. – 12. juni går Norsk Dramatikkfestival 2004 av stabelen på Det Norske Teatret.

Av dei 80 tekstene som blei sende inn til årets manuskonkurranse har Dramatikkfestivalen skapt seks om til ferdig produserte framsyningar. Mellom dramatikarane er det både etablerte forfattarar og pur unge skribentar. Øvst på plakaten står Rønnaug Kleiva, Maria Tryti Vennerød, Kristin Auestad Danielsen, Bjarne Robberstad og Charlotte Marie Bråten. Kari Bunæs er representert med årets stunt; ei framsyning skapt på berre tre prøvedagar. Christina Mauer er som første norske utdanna ved dramatikarlina for barn og unge ved Odsherred teaterskole i Danmark, og eit barnestykke skal etter planen bli ein fast del av festivalen. I fjor presenterte NDF for første gong levande radioteater. Årets utgåve er samstundes ein presentasjon av årets Ibsen-prisvinnarar Per Schreiner og NRK radioteatret. Alle desse framsyningane blir viste både torsdag, fredag og laurdag. Kvinnene er mange i årets festival, og fleirtalet av dei nye dramatikarane har nokre år att til 30. Det som pregar mange av stykka er i følgje festivalleiar Ragnhild Mærli at dramatikarane arbeider på fleire ulike arenaer og dreg med seg andre uttrykksformer inn på teaterscenen. I tillegg til framsyningane arrangerer festivalen Teksttorg med to nye stykke av Lene Therese Teigen og Lars Vik. I Dramatisk kvarter får publikum bli med bort frå scenen og oppleve teater i utradisjonelle omgjevnader. Inn i dette går seminaret fredag som blir arrangert i samarbeid med Nordiske Teaterdagar; ”Scene utan scene – nye arenaer for scenekunstnarar.” Innleiarar er mellom andre regissørane Toril Wexelsen Goksøyr/Camilla Martens og Kristian Seltun, teatersjef ved Black Box Teater. Norsk Dramatikkfestival er produsert i samarbeid med Det Norske Teatret, Riksteatret, Det Åpne Teater, Nationaltheatret, Rogaland Teater, Oslo Nye Teater og NRK Radioteatret. For fullstendig program, sjå http://www.detnorsketeatret.no.

Vil du vite meir eller ønskjer billettar til nokon av framsyningane? Kontakt informasjonsavdelinga ved Det Norske Teatret på telefon 22 47 28 00 eller e-post info@detnorsketeatret.no


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no