Escape the Universe, Black Box Teater 2017, foto: Julian Rauchfuss.

Post-dramatisk og ufarleg, men godt!

Det er lenge sidan publikum kasta tomatar mot teaterscena om dei var misnøgde – no serverer istaden sceneaktørane kake for å bøte på publikums (eller sin eigen) eksistensielle angst. Velkommen til den post-dramatiske virkeligheten?

Sentralt i førestillinga Escape the Universe av scenekunstkollektivet By Proxy står følgjande spørsmål:
Atoms and particles move in a probabalistic way, our brain is made up of atoms and particles, so do we have a free will?

Skodespelar Anders Firing Aardal er den som stiller spørsmålet, i ei førestilling kor By Proxy inviterer oss inn ei utforskande sone, med det store universet som tematisk rammeverk for det som likevel blir ei ufarleg, men underhaldande førestilling.
Det byrjar som ein leik, med tre aktørar på scena som introduserer det overveldande store tema; vår jordiske eksistens i møte med kosmiske dimensjonar, i lett og smilande tv-show stil (Marthe Sofie Løkeland Eide, David Jensen, Heiki Riipinen), medan Aardal starter som del av ein dj- og underhaldningsduo i lag med Matias Askvik, og serverer oss musikalsk comic relief  frå byrjinga. Den lette introen gir førestillinga eit ironisk preg frå starten, og sjølv om førestillinga gradvis beveger seg over i eit rom kor og publikum blir involvert inn i det sceniske universet, og me nærmer oss teateret som ei delt og autentisk erfaring, er det med den same litt tomme lettheten eg går ut igjen.

Samfunnskritikk utan fri vilje?
Tilbake til det store spørsmålet om vår frie vilje, som aldri får svar: Aardal figurerer på scena som ein slags ufrivillig, men lydig scenemester i løpet av første del av førestillinga (kor han beveger seg mellom sin musikalske havn), bak dj-bordet med Askvik, ut på scena for å justere scenografien – i hovudsak ei propell-takvifte som kan startast og stoppast ved å dra i ei snor. Det viser seg at denne tråden har forbinding til ein service-teneste som gjer at Aardal blir ståande å halde i snora, oppklatra på ein stol for å nå opp, i ein stadig meir frustrerande samtale med den ukjende, glattpolert hjartelege kvinnestemma han endeleg har kome fram til etter først å ha venta på å bli nr 1 i køen. Det er absolutt eit humoristisk høgdepunkt i det Aardal i denne kontakten gjennom viftesnora, løfter heile førestillinga opp på eit nytt og i utgangspunktet overraskande plan, kor og aktørane på scena blir stadig meir menneskeleggjort desto verre samtalen med service-instansen blir.

Det potensielt samfunnskritiske momentet i møtet mellom det undrande mennesket, som her får høve til å stille kva spørsmål han vil, og den fullt tilgjengelege og samstundes urørlege skapnaden i andre enden (som sjølvsagt aldri svarer på spørsmålet), blir mindre framtredande enn den filosofiske kjernen i spørsmålet om den frie viljen.  Sjølv om mennesket som blir ståande å halde i ei snor, i håp om eit svar på livets mysterium, utan tvil kan overførast på ein heil del businessføretak i samtidskulturen som gir seg ut for å servere løsningar på kva enn det måtte vere du slit med, kan ingen klandre oss for å undre og å søke muligheter for å få svar der det blir tilbudt, og her handlar det vel så mykje om språkleggjering av eit nytt lag av makttilhøve, kor enkeltmennesket framleis baksar med dei tilsynelatande evige grunnspørsmåla til eksistensen. Eit poeng med spørsmålsformuleringa Aardal nøgd strever seg fram til etter litt nøling og tvil (no som han har sjangsen til å få svar på kva som helst), blir og at me har kome dithen at ur-spørsmålet om den frie vilja blir knytta opp til eit vitenskapeleg, heller enn religiøst, paradigme kor me ikkje lenger kan skilje mennesket ut frå dei paradigmene me beskriv naturen rundt oss med; me er alle atom og partiklar. Javel, kva så med den frie vilja til mennesket, og kven eller kva er det eigentleg som styrer oss om det ikkje er oss sjølve? (Eg googla for øvrig spørsmålet til Aardal og fann det i nærast eksakt same form i diverse nettfora, med ei rekke svar som understreker synet på dette spørsmålet som grunnleggjande for vårt syn på menneskelivet generelt.)

I førestillinga ”svarer” By Proxy i siste instans med å la mennesket vinne over ”big sister” idet Aardal slepp snora og indignert takkar nei til å vente på å få svare på ei spørjeundersøking (som for øvrig held fram på scena av Jensen, no omgjort til moderne mann i dress, og det blir igjen usikkert kven som eigentleg ”vann” over kven). Me får og ein lengre sekvens kor Ylva Owren skriv ein tekst på ein laptop, i direkte projisering på lerreta bak og over henne. Teksten legg i naiv-vitenskapeleg ordelag ut om menneskerasen med vekt på vårt slektskap med sjimpansene og samtidig til stjernene; at menneskerasen lever korte liv, og har gjort stor skade, men at det likevel er her me er heime. Tekst-sekvensen blir akkompagnert av dei tre tablå-aktørane i skimrande trikotar i ein enkel koreografi kor mennesket framstår som ei slags kryssing av sjimpanse og robot, og det ko(s)miske får og skimte gjennom i denne meir alvorlege delen av førestillinga.

Komikk og scenisk skulpturering
Aardal, som blir til ein form for protagonist gjennom første del av førestillinga, har eit scenisk nærvær som i seg sjølv inviterer oss inn i komikken, men med eit drag av underliggjande eksistensiell krise og tragedie; som og oppsummerer totaltuttrykket til By Proxy. Det er eit gjennomgåande komisk trekk i førestillinga, som ikkje minst kjem til syne i dei nær skulpturelle tablå-scenene kor dei tre aktørane som introduserte showet går inn i to scener som karikerer det lille livet på jorda, i underdanig kontakt med teknologiens støy meir enn noko magisk kosmologi, som ein likevel anar suset av i rommet rundt dei. Lydbilete og det seige tempoet forflytter publikum nærast til ein alien-posisjon kor me får observere element av vår eigen samtidskultur (om enn karikert og lett forelda alt) som noko dinosaurisk og totalt ignorant i høve til det universet det faktisk er fysisk (men her neppe metafysisk!) del av.

Escape the Universe, Black Box Teater 2017, foto: Julian Rauchfuss.

I det første tablået er det Jensen og Riipinen som trekker fram smilet i oss i det dei ikler seg ein 50- 60 – muligens 70tals inspirert kvardagshabitt; mannen i morgonkåpa, med ein liten tv kor white-noise er alt som er på, står i eine hjørnet, lenestolen i det andre, og Jensen som mannen går i sakte modus baklengs inn i sitte-stilling, famlar etter stolen, stirer på skjermen, konstant, og held koppen under munnen som står i eit permanent gap med to kvite giga-papptenner på tørk, medan spyttet sirlig finn sin vei ned i det som kunne ha vore kaffikoppen. Riipinen kjem inn som hans kvinnelege motstykke og dei to held scena med høg konsentrasjon og gjennomføringskraft, samstundes som det nesten er til å ta og føle på at dei veit kva dei gjer. Her manglar eit siste nivå i å meistre scena som skulpturell dimensjon, men dei er på imponerande god vei, og igjen; latteren sit laust i møte med komikken dei legg for ein dag. Seinare i førestillinga dukker tablå-formen opp igjen men med ny ”handling”; familien på sydentur, der Løkeland Eide kjem inn som dattera i familien med tilsvarande effekt.

Happy interaktiv ending?
Siste del av førestillinga dreg oss og over i eit meir tidstypisk fenomen på tvers av den ”unge” scene- og billetkunsten; aktivering av publikum, og etablering av ei sone kor kunstnarar og publikum sit saman. I Escape the Universe blir dette gjort gjennom invitasjon til publikum til å teikne (med tema universet) på gulvplatene med kritt, før ei pause i førestillinga. Etter pausen blir desse golvplatene til vegger rundt oss, i eit tett, litt klaustrofobisk rom (etter min smak og dagsform, særleg når røykmaskina kom på i ansiktshøgde), men kor dei fleste såg ut til å slappe av og nyte den låge terskelen for samvær i scenerommet. Det blei fortalt litt historiar av aktørane og til slutt fekk alle kake. Ingenting å klage på, men eg tek meg i å ønske meg eit rom som enten framtoner seg gjennom ein modigare kontakt med publikum, kor publikum sin deltaking kan få meir vekt, eller at avstanden får vedvare –  her lander det meir som dramaturgisk grep utan kraft, og etableringa av eit rom som idet veggane kjem opp rundt oss, riktignok favner, eller fanger oss i eit fysisk fellesskap, men som går litt for naivt inn for å få oss til å kjenne oss meir saman. Kritt-teikningane våre viser seg å vere sjølvlysande, og det er fint, men samstundes på grensa til enerverande – eg tenkjer at det ville kledd ei barne-, ungdoms-, eller familieførestilling betre – og kor blei det forresten av spørsmålet om den frie vilja?

Med mindre avslutninga og var ironisk motivert (noko eg ikkje oppfatta den som), er det fristande her å oppfordre By Proxy til neste steg i dramaturgisk utvikling: å bryte illusjonen om at ekte samvær med publikum oppstår gjennom interaktive grep i scenerommet – denne idéen krever som alle andre estetiske element iallefall høgare grad av motivasjon enn det eg oppfatta det som her: å stå som ein postdramatisk variant av ”happy ending” som blir for enkel, og forutsigbar.

Fredrikstad-dramaturgien?
Alle aktørane i By Proxy gjekk ut frå Scenekunstakademiet i Fredrikstad i 2015, tre av dei ifrå skodespelarinja og to av dei frå scenografi, og dei markerte seg sterkt med si første offisielle førestilling som kompani, med Stop Being Poor som vann jury-prisen under  Körber Studio Junge Regie, ved Thalia teater, Hamburg, i 2015. Her blei kompaniet framheva som oppsiktsvekkande samspelte og dramaturgisk begava til å vere eit nydanna kompani, og i møte med Escape the Universe er det lett å sjå at her er det mykje bra som føregår, men og at førestilling nummer to ikkje har satt seg like godt som førestilling som deira første. Det er og interessant å spørje seg om denne generasjonen frå Fredrikstad representerer ein fase for nettopp denne scenekunstutdanninga, kor ein kan identifisere estetiske og dramaturgiske val med ”Fredrikstad”-scenekunstnarane, i den grad at ein kan tale om ei eiga postdramatisk oppskrift for kva teater skal vere, og den kan du lære der, utan at det i seg sjølv er dårleg. Dette er i såfall eit teikn på at me har behov for eit mangfald og i det scenekunstnariske utdanningsfeltet, noko altså akademiet i Fredrikstad allereide har stått for, men som bør halde fram.

Escape the Universe, Black Box Teater 2017, foto: Julian Rauchfuss.

By Proxy er i alle tilfelle eit interessant tilskot til scenekunstlandskapet, med sine direkte linjer på tvers av Skandinavia og til eit kontinentalt scenekunstmiljø. Tankane mine går i dette sambandet (og mykje takka vere navnevalet By Proxy), frå dette unge skandinaviske kompaniet til britiske Forced Entertainment som no er veteranar på feltet som kan kalle seg representantar for eit postdramatisk teater. Den gode vekslinga mellom kritisk alvor, med tanke på samtidskulturen, og eit innebygd eige univers som kunstnarkollektiv som gjorde Forced Entertainment så særeigne, er noko av det same som held meg interessert i møtet med By Proxy. Samstundes har dei valt å gjere førestillinga i hovudsak på engelsk, noko som og gjer at assossiasjonane går meir mot deira britiske føregjengarar enn til dømes Baktruppen som i norsk samband kunne vere det mest nærliggjande samanlikningsgrunnlaget for denne typen tverr-disiplinært kollektiv i scenekunsten. Det er heller ikkje slik at samanlikninga med eldre kompani er det viktigaste her, men at tankane går den vegen kan vere symptomatisk på at her har me med eit sterkt og potensielt langvarig kunstnarskap å gjere, men og på at dei framleis skal tørre å kome nærare sitt eige uttrykk og kanskje riste av seg litt av den skolerte dramaturgiske metoden?

I alle fall må ein håpe at dette gode teamet ikkje går under i det dei sjølv er ute etter å undersøke og kritisere, skal ein ta namnet på alvor; ”if you do something by proxy , someone else does it for you” (macmillian dictionary).

RELATERTE ARTIKLER +

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER