Foto: Antero Hein. Scenografi og kostyme: Mari Hesjedal. Lys: Evelina Dembacke

Paleontologi for born

“Vi var her” gjer eit prisverdig forsøk på å knyte band på tvers av generasjonar. Trass i lause tråder det ikkje vert tid til å utforske er dette ei ambisiøs barneframsyning som utfordrar det unge publikumet sitt.

«Kan det å tilbringe mer tid med ulike aldersgrupper gjøre det lettere å tenke langsiktig og forstå oss selv og andre?» Det er Brageteatret som spør i programmet til barneframsyninga Vi var her av Maja Roel og Toril Solvang. Det med å forstå oss sjølv og andre, den kjøper eg. Men kva meiner dei med «tenke langsiktig?» Etter å ha sett framsyninga er eg framleis i villreie når det gjeld dette. Det er ingen tvil om at vi treng langsiktige strategiar for å handtere manglande toleranse for andre sine levesett, betring av levekår for folk i fattigdom eller miljøspørsmålet for den del. Men er det slike utfordringar dei siktar til? Det vert aldri teikna opp noko større globalpolitisk kontekst. Opne spørsmål i eit teaterprogram treng ikkje nødvendigvis å ende med eit svar, men det hadde vore ein styrke for framsyninga om det på eit eller anna tidspunkt vert handsama. Det er litt som om dei kastar ballen opp i lufta utan å forvente at den i heile teke skal kome ned igjen.

Fin generasjonsvisdom
Grunnidéen er verkeleg fin. Vi treff fem menneske i ulike aldrar. Dei snakkar om opphavet og utviklinga til menneskeslekta. Vi møter Kari Onstad (77), Jasper Siverts (18), Sigrid Marie Kittelsaa Vesaas (31), Karstein Solli (61) og Silvia Sørbye (11). Eg ser framsyninga saman med ein gjeng 4., 5., og 6.-klassingar som på dagleg basis brukar meir tid saman med folk i ulike aldrar enn det eg sjølv gjer. Skuleborna i salen har truleg besteforeldre som framleis lever, dei bur med foreldra sine og må dagleg samarbeide med vaksenpersonar i alle aldrar som dei møter på skulen, eller i organiserte fritidsaktivitetar. I tillegg har dei truleg både yngre og litt eldre sysken. Eg har som 30 år gamal frilansskribent lite kontakt med andre aldersgrupper enn folk i yrkesaktiv alder. Dersom nokon av oss burde tilbringe meir tid på tvers av generasjonane er det truleg meg.

Nettopp det kan ein ofte sakne. Særleg når ein lyttar til dei to ytterpunkta, representert gjennom Kari på 77 og Silvia på 11. Kari er fødd inn i ei verd som står midt i 2. verdskrigen i eit Norge som er okkupert, og som skal halde fram med å vere det i fire, lange år til. Silvia er fødd i 2007, eit år som markerer overgangen frå barn til vaksen for meg som var 18 år gamal og feira russetida mi. Eg saknar at regissørane Roel og Solvang går meir i djupna på desse generasjonskløftene og tvingar oss til å reflektere over dei. Det er ikkje lett å få ein 11-åring i dag til å forstå kor mykje levekåra i Norge har endra seg på 77 år. Eg har sjølv vanskeleg for å forstå dette, men nettopp difor synest eg at kunsten burde prøve. Det tekstmaterialet vi vert servert, er både godt utarbeidd og spanande komponert. Det kunne difor vore meir tekst, for det er i teksten at denne framsyninga fungerer best. Vi i publikum lyttar og lærer når Sigrid, Jasper og Karstein fortel om framtidsdraumane sine som 11-åringar. På eitt tidspunkt leverer dei kvarandre sine historier ved at Silvia på 11 fortel om konfirmasjonen sin på 1970-talet som truleg tilhøyrar Karstein. Dette er med på å røske i stoffet slik at vi i publikum må leite etter koplingar og vert aktive. Dette fungerer.

Evolusjonens marsj
Den pedagogiske innføringa i paleontologi fungerer også. Denne tek for seg dei tidlege stadium til menneskeslekta, fram til Homo neandertalensis og Homo sapiens skil lag og dannar grunnlaget for det moderne menneske. Det er kult at dei ikkje undervurderer publikumet sitt ved å forenkle, men heller eksponerer borna for vitskaplege termar som dei vidare forklarar med enkle ord og vendingar. Born har lett for å lære språk når dei er i 8 til 11-årsalderen og dette undervurderer ikkje manusforfattar Toril Solvang når ho lærer dei ord som «kognitivt» og forklarar det som prosessar der vi jobbar med hovudet.

Dessverre mistar dei meg i det dei går over i det fysiske. Problemet er at overgangane mellom kroppslege uttrykk og tale verkar noko umotiverte. Eit døme på dette er ringdansen som – slik eg tolkar det – skildrar opplysningstida. Det er for så vidt ingenting gale med dansen i seg sjølv, ei heller det estetiske uttrykket. Kostymane til Mari Hesjedal er kvite bluser med puffermer, kragar og kvite plastikkposar forma som pudderparykkar. Dette er både kreativt og estetisk spennande. Likevel verkar dette som ein unødvendig lang seanse, kanskje mest fordi dei ikkje går i djupna og forklarar kva som hende med menneskeslekta i denne perioden. Kvifor byrja folk å danse på denne stive, siviliserte måten og kvifor bar dei plutseleg kvite pudderparykkar?

Eit døme på det motsette, eit fysisk bilete som fungerer godt, er det mykje brukte biletet som viser evolusjonen frå primat til menneske i ulike stadium. Opphavleg heiter dette biletet The march of progress og vart teikna av naturfagsillustratøren Rudolph Zallinger til bokserien Life Nature Library i 1965. Dette fysiske tablået gjev næring til temaet dei granskar. Regissørane Roel og Solvang gjer i tillegg eit poeng av å starte med den yngste aktøren, Silvia på 11 år i posisjonen som primat, for så å parallellføre utviklinga til menneske med dei ulike stadium i eit menneskeliv fram til Kari på 77. Dette er eit fint dramaturgisk grep som dei gjev seg tid til å utforske.

Så mykje stoff, så lite tid
Eg innser at om dei skulle gått i djupna på det eg saknar, hadde framsyninga vorte noko lenger. I staden kunne dei ha kutta nokre element. Dette hadde gitt framsyninga rom til å sentrere seg om det programteksten innleier med, nemleg dei fem generasjonane på scenen og korleis ein kan tenkje langsiktig og forstå kvarandre betre. I staden vert framsyninga avslutta med ein astronautfigur som looper lyder han lagar med munnen, før Kari tek plass bak DJ-riggen og speler plater. Utover at det er rått å sjå ei godt vaksen kvinne som driv med scratching, verkar desse elementa noko umotiverte og er med på å gjere framsyninga meir fragmentert enn den kanskje kunne vore dersom dramaturgien hadde vore strammare.

 Avslutningsvis inviterer dei alle i publikum ut på golvet, der vi vert spurt om å hjelpe med å sette opp kafébord. Vi får sjokoladekake og barnevenlege bobler i glaset medan skodespelarane fortel om ulike ting dei kan hjelpe oss med. «Eg kan hjelpe deg med å handle, eg kan hjelpe deg med å levere sjølvmeldinga, eg kan hjelpe deg med å lære å danse» «Er dette reklame?» Spør ei av borddamene mine på 10-11 år. Ja, kanskje det er det? Kanskje ikkje, men det at ho undra seg tyder på at regissørane Roel og Solvang har lukkast med å få henne til å reflektere. Då er det kanskje ikkje så nøye at programteksten til framsyninga stiller litt tåkete spørsmål som dei ikkje har tenkt å gå etter i saumane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
SISTE SAKER