S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Erik Ulfsby – 3. desember 2019

Opplyst samtale?

Foto: Erik Berg. Scenograf: Gjermund Andresen Kostymedesigner: Christina Lovery. Lysdesigner: Torkel Skjærven


Publisert
3. desember 2019
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/opplyst-samtale/
Facebook

Teatersjef på Det Norske Teatret, Erik Ulfsby, reagerer i dette debattinnlegget på Scenekunst.nos seinaste episode av podkasten Scenesamtaler som han meiner framstiller eit bilete som ikkje stemmer med verkelegheita.

Eit nytt tilskot til teaterdebatten skapar forventingar og bør bli applaudert. Scenesamtaler, podcasten som Scenekunst.no er i ferd med å etablere, er ei smart satsing som kan bringe inn ny kunnskap og bore i djupna når det gjeld scenekunstfeltet.

Tredje episoden blei lagt ut førre veke og ifølgje vaskesetelen kan vi vente oss eit oppgjer med det som er gale med familieframsyningane på dei store nasjonale teatera. Samtalen blir ført mellom Julie Rognved Amundsen, Hedda Fredly, Anette Pettersen og Mariken Lauvstad, fire programdeltakarar med ein påfallande identisk profil. Ein av dei mest seigliva mytane i norsk teater er myten om barne- og familieframsyningane. At barnepublikummet ved norske scenekunstinstitusjonar ikkje har alternativ til dei store, foreldrenostalgiske og høgst kommersielle titlane.

Scenesamtaler slår fast at dei er lei av «den her type barneteater som tror de skal nå barna bare ved å bygge i høyden.» Både Alice i Vidunderland ved Nationaltheatret og Charlie og sjokoladefabrikken ved Det Norske Teatret er svært påkosta produksjonar som har lagt beslag på mykje av teaterets menneskelege og økonomiske ressursar. «Er dette er det eneste barn skal få? Den rene underholdning som er like overflatisk som en godtepose», spør ein i panelet. Det blir sakna konseptuell nyskaping i barnesegmentet, og panelet kjenner seg triste på teaterets vegner. Hjartesukket deira går mellom anna på at familieformatet gjennom dei siste åtte-ti åra ikkje har utvikla seg, at familieframsyningar verkar totalt statiske i eit felt som elles er i utvikling. Vi manglar, stadig ifølgje Scenesamtaler, målgruppetenking, har frykt for å vere pedagogiske og instrumentelle, og samtalen sklir ut i spørsmål om kven som blir inviterte til å lage desse framsyningane. Og under spørsmålet lurer det ein påstand om at det blir laga mykje god scenekunst utanfor institusjonen, og at det er eit kjempestort uutforska potensial for scenekunst for barn ved institusjonen. Det blir etterlyst universell humor, meir plass til dei gode skodespelarane, tydelegare historieforteljing og mindre klappevennleg musikk. Litt av kvart, altså.

I denne samanblandinga av påstandar, spørsmål, gale faktaopplysingar og subjektive tolkingar, kjem attpåtil insinuasjonen om at vi programmerer på same vis som privatteatera.

La meg starte med å avlive ein myte. Charlie og sjokoladefabrikken (og eg vel å tru at det same er tilfelle for Alice i Vidunderland) er inga mjølkeku for teateret. Det er IKKJE lønsamt. Det er mykje meir lønsamt å spele til dømes Peer Gynt, eller Abrahams barn for fulle hus, og med høgare billettpris. I Charlie og sjokoladefabrikken har vi 23 skodespelarar på scenen, eit svært apparat av teknisk bemanning rundt scenen og eit 12-mann stort orkester på bakscenen. Det har vore ein stor ambisjon å gi barna estetiske opplevingar som går langt ut over den underhaldninga dei får gjennom andre kanalar. Inga anna framsyning har dette året vore meir utfordrande for dei mange fagfolka på verkstadene ved teateret enn Charlie. Dei har løyst kompliserte tekniske utfordringar for å kunne bringe fantasien ut i liveformatet og sit no på nyerverva kunnskap som er med på å bringe scenekunsten framover. Inga anna framsyning i Det Norske Teatret sitt repertoar bind opp fleire ressursar enn Charlie og sjokoladefabrikken. I framsyningar som Charlie og sjokoladefabrikken og Alice i Vidunderland får det oppveksande publikum møte landets aller beste skodespelarar, musikarar og teaterfagfolk. Det er eit møte med kunsten vår som kan prege dei for resten av livet. Vi skal – nettopp fordi vi er statsstøtta – vere ambisiøse på vegner av alle. Også dei av publikummet vårt som vil gå på musikal saman med ungane. Det får dei. Til ein pris som ikkje er avskrekkande.

Samanlikninga med privatteatera lar eg ligge, det krev eit eige tilsvar, men det er klart at vi har ressursar dei ikkje rår over. Og derfor kan vi også – som vi vanlegvis gjer – spele nye og ukjente stykke for barn og unge. Og, openbert utan at panelet har lagt merke til det, vi speler dei på alle scenane våre. Charlie og sjokoladefabrikken representerer jo det store unntaket i repertoaret vårt dei siste 10 åra. Ikkje norma. Kva nashornet såg er ei forteljing om jødeforfølginga som stod på repertoaret på Scene 3, og som kjem tilbake i vår. I fjor spelte vi Hyper i Egypt på Scene 2, ei historie om Per Viggo som har diagnosen ADHD, samstundes som vi spelte ei særs påkosta og nyskrive Nila og den store reisa om flyktningkrisa på Hovudscenen. Til våren kjem Jakob og Neikob til Scene 3, Scene 2 får besøk av Mago, ein babyopera. Vi har sett opp framsyningar som Felix fantastiske orkester om grådigheit, Påfuglen om romfolk, og ein nyskriven versjon av Snøkvit om mor/dotter-forhold. Kvitebjørn Kong Valemon introduserte sjangeren svart teater for dei minste. Alt på Hovudscenen, berre dei siste par åra. Maria Parr si Tonje Glimmerdal suste også over Hovudscenen i fleire speleperiodar i håp om å etablere ein ny klassikar for barn. Vi programmerer inn hip hop-verkstader, Bikubebarn og teaterverkstader av meir teknisk-estetisk art. Vi har hatt pedagogiske tilnærmingar til barneframsyningane, og vi har tenkt klassikarar og underhaldning. Akkurat slik vi har tenkt når det gjeld programmeringa av det øvrige repertoaret. Der er det smalt og breitt, musikalar og klassikarar, underhaldning og tematisering i skjønn foreining. Vi tar barn og unge på alvor, som vi gjer med alle andre.

Viss vi på bransjens eigen nettstad skal diskutere viktige og store tema som opptek oss, så må i alle fall fakta i all hovudsak stemme. For når avviket mellom vår verkelegheit og podcasten si er så stor, kan ein jo spørje seg om det er relevant å halde fram med å lytte. At framsyningane ikkje fell i smak hos panelet, som openbart deler teatersyn og -smak, er ei heilt anna sak. Det er berre litt keisamt. Men så vanskeleg å finne andre stemmer var det vel ikkje? Dei hadde ikkje behøvd å gå lenger enn til eigen meldar på Scenekunst for å finne nokon med heilt andre synspunkt. Det kan ha vore eit tilfeldig uhell i tredje episode, men om det held fram slik, er kanskje samansettinga av panelet noko Scenesamtalar bør vurdere. Vi treng dei gode, opplyste samtalane, og desse fire programdeltakarane sit kvar for seg på mykje kunnskap som er interessant å dele med feltet. Men å stokke om på korta for å få større representasjon, er truleg smart. For den førre episoden var ikkje opplysande. Tvert om. Her blei gamle og seigliva mytar løfta fram, knadd og reproduserte. Det trur eg ikkje samtalen er tent med.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no