S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Torkil Sandsund, Miriam Prestøy Lie, Ingrid Hansen – 13. oktober 2020

Om stråmenn - for alle og ingen

Fra Fotballspelet av Vegard Vinge og Ida Müller. Foto: Ida Müller


Publisert
13. oktober 2020
Sist endret
26. mai 2023
Tekst av

Debatt Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/om-stramenn-for-alle-og-ingen/
Facebook

Scenograf Dordi Strøm har vore på Teaterfestivalen i Fjaler og er no ute med ein tekst herifrå i sin nye serie Scenografi som tekst 2020. Serien er støtta av Fritt Ord, men med det frie ordet følger og eit ansvar.

I essayet sitt ”Om fotball, menn for alle og ingen”, publisert på Scenekunst.no 7. oktober, tek Strøm seg store fridommar når ho skildrar opplevinga si som publikum under Fotballspelet som blei laga til festivalen av teaterkompaniet Vinge/Müller. Strøm nyttar festivalen, Vinge/Müller og våre frivillige som palett når ho målar eit bilde. Vi kjenner oss ikkje kjenner oss i dette biletet. Essay-sjangeren kan kanskje opne for subjektive skråblikk, men her vert fakta og fiksjon blanda slik at uriktige bilde kan feste seg som sanning.

Å sette opp en stråmann kan være å halde fram eit uriktig eller tendensiøst bilete av nokon, for so å kritisere det uriktige biletet. Dette har Vinge/Müller opplevd før med Sløseriombudsmannen, no er det Dordi Strøm som gjer det.

Essayet hennar er fullt av stråmannsargumentasjon. Her finn vi hennar gjettingar om kva Vegard Vinge tenkjer om korleis han kan utnytte Dale for å få ting gratis, vi finn påstandar om strategiar for ikkje å betale ut løn. Og ho fabulerer om at Vinge ikkje er takksam for samarbeid med lokale kulturskuleborn. At essayet har ein sarkastisk tone, får stå for Strøm si rekning. Ho kunne lett ha kontakta oss dersom ho var nyfiken på korleis dette no eigentleg var. Då kunne ho fått vite at aktørane vart takka og at alle som arbeida profesjonelt med installasjonen og framsyninga vart lønna av kompaniet, med unntak av dei som vart lønna direkte av festivalen.

Vår oppleving er at Vinge/Müller, gjennom arbeidet med utstillinga og happeningen Fotballspelet, har brukt sitt kunstnarskap, si tid og sine ressursar til å integrere bygda, folka og historiene våre i sitt kunstnarlege univers, saman med oss. Dei har vore etterrettelege både med betaling av alle profesjonelle samarbeidspartnarar og utvist rausheit og interesse for bygda og amatørmiljøa dei har samarbeida med. På berre to veker bygde dei ei utstilling, laga mange filmar med lokale aktørar, dei heldt workshop med kulturskuleborn, korpset, koret og lokale amatørar. Det var lite tid, men det enda med ei avsluttande hending fredagskvelden på festivalen som Dale aldri har sett maken til, og der borna sto i sentrum.

Eit døme Eit døme er eit fragment frå ein e-postkorrespondanse som ho har snappa opp, og som i essayet vert sitert utanfor samanhengen. Den er mellom kompaniet og ein festivalen anbefalte, og som dei vurderte å hyre. Vedkommande, som Strøm her skriv er ei kvinne, men som eigentleg er ein mann, foreslo vilkår med avgrensa arbeidstid og overtidsbetaling. Dette er normalt i mange samanhengar. Kompaniet valde i derimot heller å hyre ein annan som dei hadde jobba med før. Dette var greitt for begge parter.

Strøm spinn narrativet sitt vidare ut frå det. Ho skriv: ”Dei ville ikkje betale overtid, for ho måtte forstå at dette var Dale og ikkje Volksbühne. Dette er Dale, og her er det dugnad som gjeld, men ikkje for alle, sjølvsagt.” Det var aldri snakk om at vedkommande skulle arbeide på dugnad. Om samarbeidet hadde blitt noko av ville han sjølvsagt fått løn som alle andre involverte. Alle som har arbeidd profesjonelt for Vinge/Müller, og for festivalen av medarbeidarar, teknikarar og snekkarar, har fått betalt. Dei som har arbeidd på dugnad har vore utstillingsvakter, som var organisert av fotballveteranane i Dale IL, og aktørar i spelet, organisert gjennom korpset, koret og kulturskulen og revymiljøet i ungdomslaget.

”Men om det skal bli som kunstnaren vil, så bør ein kunne jobbe billeg, ja, helst gratis, tenkjer kanskje kunstnaren, om han er stor nok, kjend nok, blasert nok, for får eg all denne andre hjelpa gratis, så kan eg vel få denne andre hjelpa gratis og, tenkjer kanskje kunstnaren, det er vel ingen skilnad på det, eller hæ? Folk er folk liksom, armar er armar og ryggar er ryggar og hender er hender, ikkje sant?”

Denne haldninga representerer korkje festivalen eller Vinge/Müller. Deira finansiering går til ei rekke frilansarar, og Vinge/Müller har i denne produksjonen også hyra inn lokale medarbeidarar og teknikarar.

Fleire fiktive figurar i Strøms narrativ For å underbygge forteljinga si har Strøm også skapt nokre lokale fiktive karakterar som ho framstiller som ofre. Til dømes ei kvinne med utdanning, lån og ungar som stiller opp gratis med profesjonell hjelp. Dette må vi tilbakevise: Alle profesjonelle har fått betalt.

Ho skapar eit bilde av ein sliten og lei dugnadshelt, som ifølge ho no skal jobbe vekesvis med opprydding etter festivalen på dugnad” Det finnast ingen slike her. Oppryddinga vert gjort unna på eit par dagar av betalte folk og kunstnarane sjølve. Vinge/ Müller demonterte alt saman og pakka det ned for transport samt leigde folk til transport og naudsynt sjauing.

«..takk for at eg får jobbe med deg oh store høvding regissør Vinge, oh Kulturmannen, oh Kunstnaren, du treng meir ressursar, det skjøner alle, meir hjelp, ambisjonane er på internasjonalt nivå, og den hjelpa får du her, det er klart(.)»

Å lage fiktive karakterar er eit anna klassisk grep innan stråmannsargumentasjon. Denne motivasjonen for samarbeid som ho skildrar kjenner ingen her. Dette var eit fint skapande møte mellom kompaniet, kulturskuleborn, korps, kor og miljøet kring ungdomslaget og teaterfestivalen. Dei same miljøa er alltid sterkt inne i festivalen. Denne type samarbeid mellom lokale amatørar og profesjonelle kompani har vi nesten kvart år og det er ein del av kjernen i festivalen. Alle som kjem til oss treng ressursar og her var fleire kompani som fekk realisert sine prosjekt ved hjelp av lokale ressursar. I år var Fotballspelet ei av hovudsatsingane, noko vi er veldig stolte av.

Dugnad som fundament Festivalen vår er bygd på dugnad. Vi profesjonaliserer fleire og fleire deler av den, men utan å miste kjernen som er den gode oppslutninga lokalt. Dette bygger på lange tradisjonar med lags og organisasjonsarbeid i Fjaler – og vi er avhengige av dugnad for å få ting til å hende og gå rundt her. Det ligg i ryggraden.

Å delta på dugnad er frivillig, og det veit alle. Premien er samhaldet, historiene, integreringa og at ting hender i bygda. Der ligg mykje av grunnen til at vi har festival. Og sjølvsagt år om anna er det folk som tek ei pause frå dugnaden og det er slik det er, og skal vere. Hadde vi fjerna dugnaden, hadde meininga med det heile blitt borte. Vi hadde sete att med ein festival som ikkje ville angått bygda på same måten. Vinge/Müller har med Fotballspelet laga eit prosjekt der kjernen i festivalen er blitt ivareteke, noko som har vore vanskeleg elles i år grunna korona.

Vi tenkjer Strøm freistar problematisere arbeidsvilkår for freelansarar i scenekunstfeltet og bruk av frivillige i festivalsamanheng. Dette er ein debatt vi ynskjer velkommen. Men når Strøm illustrerer dette med ekte menneske og kollegaer på paletten, utan å ta ansvar for å gje eit riktig bilde, so opplevast det som skadeleg.

Beste helsing Teaterfestivalen i Fjaler Ved Torkil Sandsund, Miriam Prestøy Lie og Ingrid Hansen


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no