S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 17. februar 2017

Nytt studentkull til Det Multinorske


Publisert
17. februar 2017
Sist endret
25. mai 2023

Notiser Teater

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/nytt-studentkull-til-det-multinorske/
Facebook

Det Norske Teatret skriver i ei pressemelding at dei under eit styremøte tysdag 14. februar avgjorde at Det Multinorske skal halde fram med eit tredje studentkull med oppstart hausten 2018.

Det Multinorske er eit studietilbod for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa, og tilbodet blei etablert ved Det Norske Teatret hausten 2012. Målet er å bygge eit ensemble som speglar det moderne Noreg, skriver Det Norske Teatret. Utdanninga er treårig og leier til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet får tilbod om praksis med løn på Det Norske Teatret. Studiet blir gjennomført i samarbeid med teaterutdanninga ved Nord Universitet, men undervisninga er i all hovudsak lagt til Det Norske Teatret.

Første kull i skodespelarstudiet avslutta utdanninga si våren 2015 og gjekk inn i ensemblet sesongen etter. Desse er no i jobb ved m. a. Kilden Teater og Konserthus, Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater, Det Norske Teatret og i film, tv og radio. Neste kull er alt inne i andre året i utdanninga.

1.kull, 2012-15: Sara Khorami, Kadir Talabani, Judy Nyambura Karanja og Thomas Bipin Olsen.

2.kull, 2015-18: Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba, Peiman Azizpour, Catharina Vu, Kidane Gjølme Dalva, og Amina Sewali.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no