S C E N E K U N S T
Kritikk Debatt Intervju Nyheter Kalender Musikk Dans Teater Opera Kunst Politikk
Redaksjonen – 5. januar 2017

Ny teatersjef for Hordaland Teater


Publisert
5. januar 2017
Sist endret
26. mai 2023

Nyheter

Del artikkel
https://scenekunst.no/sak/ny-teatersjef-ved-hordaland-teater-2/
Facebook

Solrun Toft Iversen blir teatersjef ved Hordaland Teater.

Ifølge ei pressemelding har styret i Hordaland Teater tilsett Solrun Toft Iversen som teatersjef i åremål frå våren 2017 til våren 2021. Solrun Toft Iversen (45) har i ei årrekke vore sjefsdramaturg ved Den Nationale Scene og fungerer per i dag som konstituert teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater.

Styreleiar Pål W. Lorentzen seier i meldinga at han er særs nøgd med at Solrun Toft Iversen har takka ja til stillinga.

Ved sida av utdanning frå Universitetet i Bergen og masterutdanning frå Universitetet i Århus, har Solrun Toft Iversen bak seg ein brei og anerkjend kunstnarleg praksis, seier Lorentzen. Han peikar på Toft Iversen si breie erfaring og hennar posisjon i fagmiljøet som sentralt for styret sitt val.

– Eg ser med stor glede fram mot å få leie Hordaland Teater, seier Solrun Toft Iversen som vil vere ansvarleg for repertoaret frå og med hausten 2017.


S C E N E K U N S T
Utgiver

Scenekunst.no A/S Scenekunst.no er en redaksjonelt uavhengig nettavis for profesjonell scenekunst og tilhørende kulturpolitikk. Vi følger Norsk redaktørforenings redaktørplakat.

Scenekunst.no er medlem av Norsk Tidsskriftforening. Scenekunst.no er støttet av Norsk kulturfond. Fra 2016 er tidsskriftet organisert som et almennyttig aksjeselskap med NTO, DTS, NSF og NoDA som eiere og bidragsytere. Fagforbundet Teater og Scene gir også årlig støtte.

Redaksjonen
Annonser

Vil du annonsere på scenekunst.no?

Kunnskapsmedia AS Sture Bjørseth +47 954 36 031 annonser@scenekunst.no